lørdag 22. februar 2014

Vinterferie i Lancaster, England.


Då var vinterferien nesten over, og veka gjekk altfor fort, som vanleg. Det var veldig kjekt å besøke eldstemann i Lancaster og sjå korleis han har det. Vi var heldig med vêret også. Det var jo litt kaldt, men vi er jo i februar, so ein kan ikkje vente allverda. Her kjem nokre få bilete frå turen.

Byen hadde fleire historiske bygningar og plassar å by på. Vi var innom to av dei.
Lancaster Castle. Nesten 1000 år med historie. Vi var med på omvising og det var ganske interessant. Det hadde blant anna vore brukt til fengsel heilt opp til 2011! Rettsalane til Lancaster var her også, og det er dei som er brukte i dag. Det pågjekk ei rettssak den dagen vi var på omvising.

So var vi i Williamson Park.
Eit flott minnesmerke og fantastisk utsikt. Det var ein stor park og sikkert nydelig om sommaren med blomster og grøne tre.

Rett ved sidan av Ashton Memorial låg Edwardian Butterfly House.
Dei skulle ha ein god del sortar med sommarfuglar, men det er ikkje so lett å få auge på dei blant tre og busker. Og nokre fór og flaug so dei var umulig å ta bilete av, men her er eit par flotte eksemplar.

Elles so kan eg melde at det vart litt overvekt på koffertane heim pga. ganske ivrig handel på blant anna kokebøker, emaljert jerngryte og litt diverse matvarer. Og av alle ting: surdeig vart også med i kofferten!
Eirik hadde bestilt to surdeiger til meg frå forskjellige leverandørar. Den eine er opphaveleg laga for 20 år sidan. Eg har laga surdeig sjølv fleire gonger, men har ikkje passa på dei godt nok. Hadde tenkt å lage ny sjøl, men no får eg sjå om eg får liv i desse. :-)) Den eine var tørka, den delte vi slik at Eirik fekk halvparten. Den andre var fersk, so no får vi sjå om eg greier å passe dei og mate dei. :))

Det var ei kjapp oppsummering av ein koseleg tur.





1 kommentar:

  1. Ser ut for at de har hatt ein flott tur!
    Fine bilde av staselege engelske byggverk, gler meg til å høyre meir om turen i morgon!
    Tviler ikkje på at det vart litt overvekt med slik ein shopping hi-hi....
    Nyt siste kvelden av ferien, snakkast!
    Anitaklem ;)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...