Har hatt jobbehelg både eg mannen i huset. Han har vore mykje vekke, men eg har no fått gjort litt diverse, alt frå trim til litt vasking, bursdagsbesøk og sjølvsagt kos i sofaen. Her kjem nokre bilete eg har knipsa i helga....
.....og so
lys sjølvsagt, levande
lys i massevis, det er ikkje mange kveldar i løpet av veka at det ikkje brenn ein 30-40 telys hjå oss. Lykta nedanfor er kjempeskjønn, den fekk eg til jul av min gode venn og kollega
Anita. Den er so flott laga og eg kosar meg med den kvar kveld.
Lørdagskvelden hadde yngste mann i huset besøk av ein kompis og pizza stod øverst på ynskjelista ;)
På fredag rakk eg å kjøpe meg eit lite bord eg har hatt lyst på, har sett det i eit interiørblad og tenkte at eit slik skulle eg hatt att med sofaen slik at eg kan sette frå meg eit glas og litt diverse på. Og jammen oppdaga eg det hjå HEIDI BO her i Førde. Laurdag etter jobb rakk eg innom blomsterbutikken på veg heim, hadde lyst på litt nye blomster. So då fekk eg med meg denne nydelige primulaen og ei elefantfot plante.
Samtidig som eg kjøpte det vesle bordet, slo eg til og kjøpte meg ei hylle til vaskerommet som eg sett på sidan i haust, tenkte at den ville passe perfekt til å sette vaskepulverboksane mine på. Og den vart eg kjempefornøgd med :)
Ha ein fin søndagskveld!!