onsdag 5. februar 2014

Endå eit år eldre ... :))



Søndag var det tid for litt familieselskap i heimen. Då hadde eg bursdag og vi feira meg og dotter til ei eg er tante til, ho hadde to dagar før og vart åtte år, eg vart litt meir ;))
Dei stilte med gode minicupcakes og cookies. Eg prøvde meg på ei oppskrift i kokeboka til Lise Finckenhagen, Slikkepott. Det var nøttebotn med bringebærfromasj, sjokoladeband og friske bær. Det skulle ha vore norske, friske bær, då hadde kaka vore supergod, no var ho litt lite smak på. Skal nok lage ho på nytt når det blir sommar. So laga eg marengsbotn med eggekrem, krem og masse god frukt og bær. Tilslutt hadde eg laga ei jordbæriskake med bringebærsaus. Det vart mykje frukt og bær, men det er jo deilig då.

Det eg hadde tenkt å legge ut oppskrift på er middagen eg laga i går:

Husbonden spør ofte kvifor eg ikkje brukar leirgryta meir eg som er glad i gryter med alt i eitt. Inspirert av ei oppskrift i kokeboka til Monica Csango, med saftige svinekotelettar sette eg i gong. Ho brukte rett nok ikkje leirgryte i omnen, men vanleg gryte på komfyren, men eg tenkte at dette må det vere fint å bruke leirgryta til og alt passar seg sjølv. Oppskrifta vart slik:

NAKKEKOTELETTAR I LEIRGRYTE
4 pers.

4 store nakkekotelettar – delt i to
4 løk, skjært i små båtar
2 fedd kvitløk, hakka
8 gulrøtter – delt i to på tvers og so på langs
1 ss paprikapulver
3 dl vatn
2 kjøttbuljongterningar
12-15 små amadine poteter
salt, nykverna pepar, aromatkrydder(Knorr)

Fyll leirgryta og loket med vatn og la stå eit par timar før du skal lage middag, iallefall ein halvtime viss du ikkje hugsar på det før. Set bakaromnen på 200 gr. Steik løken og kvitløken blank. Bland i paprikapulver. Ha deretter i vatn og buljongterningane. Bland lett saman og tøm det i leirgryta. Steik kotelettane lett og la dei få litt steikeskorpe. Legg dei lagvis i leirgryta saman med gulrøtene og potetene. Ha litt salt, nykverna pepar og litt aromatkrydder på kotelettane. Set på loket og set gryta i bakaromnen. Steik 45 min. på 200 gr. og 45 min. på 225 gr. Medan gryta kosar seg i omnen har du god tid til å vaske opp det vesle som er, dekke bordet og glede deg til middagen er klar. Eit godt brød eller baguettar er nydelige til å dyppe i den gode krafta som det blir rikeleg av. :))


Eg hadde baka baguettar ein kveld forrige veke, so det var greitt å finne dei i frysaren.

BAGUETTE med soltørka tomat

3 stk.
ca. 3,5 dl vatn
25 gr gjær
2-3 ss tyrkisk eller gresk yoghurt
3 ss soltørka tomat i olje
1 ss olje av tomatane
litt finhakka timian
1,5 ts havsalt
50 gr sesamfrø, gjerne rista litt i ei tørr steikepanna
500 gr kveitemjøl
200 gr sikta spelt 

Ha gjær, yoghurt, soltørka tomat, olje, timian og kaldt eller lunka vatn alt etter kor god tid du har i ein bolle. Bland litt, ha so i mjølet, sesamfrø og saltet. Elt deiga godt og set til heving. Når deiga har fått dobbelt storleik tar du den ut på benken. Deler den i tre deler og rull dei med lett hand ut til tre pølser. Snurr dei litt og legg dei på bakebrett med bakepapir eller på baguettbrettet om du har. Set omnen på 250 gr og etterhev baguettane ein 25-30 min. Set dei so i omnen. Fyrste 5 min på 250 gr, slå so omnen ned til 200 gr og steik ferdig. Følg med og sjekk at dei ikkje blir for mørke, legg evt. på litt aluminiumsfolie viss dei byrjar å få for mykje farge. 

 
Her har du då klar nydelege baguettar som kjempegode til suppe, gryter, pastarettar osb. ...

Det var middagen i går og vi kosa oss skikkeleg! :O))




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...