søndag 29. januar 2012

Frihelg og bursdagsfeiring

måtte berre starte med eit par bilete av tulipanar, dei er fantastiske flotte.


Har hatt frihelg og det er deilig. Laurdag hadde vi bursdagsfeiring i heimen. Eldste "barnet" i huset vart 20 år 16. januar og mor i huset fyller år 2. februar. Sidan eldste mann var heime i helga tok vi like godt og slo to fluger i ein smekk og feira begge sine bursdagar. Vi plar vere ca. 30 på slike dagar, men influensa og omgangssykje herjar so vi vart berre 18... Det var invitert til litt salt og litt søtt. På menyen stod steikt ris og pølse og pommes frites og litt diverse kaker og bollar.



må berre ha med eit tulipanbilete til.... :)

Elles so har eg gjort ferdig hua med refleks, eit par sokkar til, har no strikka fire slik og er fornøgd for ei stund. Skal no fortsette på gensaren eg begynte på i haust, skulle liksom vere eit prosjekt innimellom når eg ikkje veit heilt kva eg har lyst til å gjere på av andre ting. Litt skummelt, fare for at den aldri blir ferdig.


og til slutt ein liten kikk på søndagsprosjektet til meg og husbonden. Kanskje litt dårleg bildekvalitet, tatt med mobil, uten blitz og i litt dårleg lys. Men som de ser, her var konsentrasjonen på topp :)

Ynskjer alle ei fin og kreativ veke!! :)

Klem
Mariann

søndag 22. januar 2012

Litt glimt frå helga.

Har hatt jobbehelg både eg mannen i huset. Han har vore mykje vekke, men eg har no fått gjort litt diverse, alt frå trim til litt vasking, bursdagsbesøk og sjølvsagt kos i sofaen. Her kjem nokre bilete eg har knipsa i helga....




.....og so lys sjølvsagt, levande lys i massevis, det er ikkje mange kveldar i løpet av veka at det ikkje brenn ein 30-40 telys hjå oss. Lykta nedanfor er kjempeskjønn, den fekk eg til jul av min gode venn og kollega Anita. Den er so flott laga og eg kosar meg med den kvar kveld.



Lørdagskvelden hadde yngste mann i huset besøk av ein kompis og pizza stod øverst på ynskjelista ;)


På fredag rakk eg å kjøpe meg eit lite bord eg har hatt lyst på, har sett det i eit interiørblad og tenkte at eit slik skulle eg hatt att med sofaen slik at eg kan sette frå meg eit glas og litt diverse på. Og jammen oppdaga eg det hjå HEIDI BO her i Førde. Laurdag etter jobb rakk eg innom blomsterbutikken på veg heim, hadde lyst på litt nye blomster. So då fekk eg med meg denne nydelige primulaen og ei elefantfot plante.




Samtidig som eg kjøpte det vesle bordet, slo eg til og kjøpte meg ei hylle til vaskerommet som eg sett på sidan i haust, tenkte at den ville passe perfekt til å sette vaskepulverboksane mine på. Og den vart eg kjempefornøgd med :)


Ha ein fin søndagskveld!!



onsdag 18. januar 2012

Nytt strikkeprosjekt og nybakt brød :)

Hallo, her kjem eit lite onsdags innlegg. Har baka brød i kveld, har forresten vore flink til å bake brød i det siste og det er jo egentlig veldig kjapt og ikkje minst mykje betre enn kjøpte. So har eg strikka ferdig sokkane som eg viste i forrige innlegg. Bestilte meg reflekstråd, og skal no lage ei hue  til eldste guten min. Det er altså rekflekstråden de ser i brotet og ikkje glittertråd.(trur ikkje han ville blitt so begeistra for det.)

Nei no må eg strikke litt meir, ha ein fin kveld vidare!

søndag 15. januar 2012

Hyttehelg

Då er vi komt heimatt. Det har vore ei koseleg helg på hytta. Har laga ein liten fotomontasje frå helga,
her kjem den:

Herlig med god varme frå peisen og eit strikketøy. Eit glas cola og familien rundt seg so har eg det som plomma i egget. Har fått strikka begge sokkane ned til helane, og ferdig med helen på den eine.


Her er vi ute på laurdag føremiddag og skal klargjere stampen til kveldens høgdepunkt :)

Å sitte i badestampen på hytta ein sein laurdagskveld og alt rundt deg er mørkt og stilt, det snør eller regnar, trur ikkje eg veit om noko betre form for avslapping. Det gjer godt både for kropp og sjel. I går var det i tillegg mjuk snø og då er det om å gjere å greie eit snøbad også ;)

torsdag 12. januar 2012

SNART HELG! :)


Strikka meg ein gensar i vår etter ei av bøkene til Tine Solheim, hugsar ikkje kva det var for ei(har lånt dei vekk). Strikka den i Dalegarn alpakka, ingen billig fornøyelse, men gensaren er deilig, varm og god.



Har strikka to par med desse sokkane (garnstudio mønster). Kjekke å strikke og fine synst eg. Skal begynde på eit par til i kveld har eg tenkt.


Tilslutt tar eg med bilete av eit par vottar eg måtte prøve meg på. Dei vart ganske fine når dei var ferdig, men synest ikkje dei var so spennande å strikke. Fann oppskrifta her.


Ha ein fin kveld!
Mariann



søndag 8. januar 2012

NYTT KAMERA :)

Yes, då har eg kjøpt meg nytt speilreflekskamera. Har hatt lyst på det lenge og no har eg kjøpt kjøpt meg eit Canon 600D med ei linse frå 18-135 mm.(Kunne ikkje vente heilt til burdagen min i februar!) Tenkjer det skal halde lenge til mitt bruk. So no har vi to gode kamera i hus. Kjøpte eit kamera i fjor vår, ville ha eit lite kamera som kunne puttast i lomma og som vog lite til turbruk og feriar. Skulle samtidig vere eit godt kamera. Valget falt då på eit Panasonic Lumix kamera med god zoom, gps og masse mogelegheiter for instillingar og bra film mogelegheiter.

Her er Lumix kameraet og nokre bilete frå i fjor sommar. Tar gode bilete og er lett og lite å ha med seg i sekken.







Her er nye kameraet, då er det berre å lære seg å bruke da.


Her er eit par stemningbilete frå Førde i dag, tatt med nye kameraet.

Førdenipa stikk opp av skodda og badar i sol.
Toppen av Viefjellet fekk også litt sol på seg.

Kjem tilbake ein kveld seinare med bilde av nokre strikke- og syprosjekt.
Ha ein fin søndagskveld.

fredag 6. januar 2012

Toffifee øskjer

Då er altså veke ein av 2012 gått, deilig med fredagskveld!






Her kjem dei fire toffifee øskjene som eg pynta før jul. Bilda er framleis for dårlege, men det skal det altså bli ei ordning på :) i næraste framtid ;)

mandag 2. januar 2012

GODT NYTTÅR!

Har ikkje oppdatert bloggen min på nesten eit år, men her er eg igjen. Året gjekk som ein røyk og eg har gjort ein del kort-/papir- og handarbeidsprosjekt. Har ikkje vore so flink til å ta bilder. Vart tatt mest bilete på dei tre flotte turane i sommar. Den fyrste turen var nokre dagar i Paris for å feire sølvbryllaupet vårt, i begynnelsen av juni. I juli hadde vi 14 herlige dagar i Spania med familie og so avslutta vi det heile med ein ti dagars tur til Italia og Gardasjøen når gutane våre var på verdensleir for speidarane i Sverige.
Neste på ynskjelista mi er eit speilreflekskamera. Har ikkje hatt skikkeleg kamera å ta bilete med i haust, då eldste sonen vår flytta for å gå på skule og det var hans kamera eg hadde brukt tidlegare. Har snart bursdag, og då står pengar til eit Canon 600D eller eit 550D på ynskjelista. Her er nokre få bilete av det eg har laga. Har brukt photobucket til redigering før, synest det var tungvint, har no tatt i bruk photoscape, men synest ikkje bilete vert klåre, må finne ut kva som er gale. Kanskje det berre er det nye kameraet som manglar?? : )

Adventkalender
Her er nokre bilete eg tok i full fart(og dårleg lys). Sidan eldsteguten var flytta til Bergen for å studere i haust, tenkte eg at han måtte ha ein fin adventskalendar med litt diverse oppi. Dvs. det gjekk mykje på oppskrifter han hadde etterlyst i løpet av hausten. Posane vart difor fylte med oppskrifter og litt diverse ingrediensar til oppskriftene, der det let seg gjere, som krydder og liknande. Posane vart fylt oppi ei korg som stod på golvet, ganske koseleg, synest eg, og eg trur han som fekk dei også var godt nøgd.





Så lagde eg nokre små julehelsingar, inspirert av alt det fine Anita har laga. Har ikkje vore so ivrig på "papirarbeid" i haust, før det nesten var for seint, men då var det veldig kjekt plutselig!! Lagde også nokre Toffifee-øskjer som eg pynta, dei kan eg legge ut ein anna dag. Har strikka ganske mykje i haust, mesteparten vart gitt vekk som julegåver.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...