fredag 31. januar 2014

Pizzabollar

Herlig med fredagskveld og frihelg. ;)) Middag og fredagskos vart enkelt og greitt pizzabollar. Det er lenge sidan eg har laga. I dag skreiv eg ned oppskrifta, elles blir dei berre laga kanskje ikkje på tilfeldigheita, men ut i frå erfaring heiter det vel. ;)) Dei er nok aldri heilt like. Kjøttsausen varierar nok mest, alt etter kva eg har i hus.
Slik blei oppskrifta i dag:

Pizzabollar
ca 25 stk.

Deig:
25 gr gjær
3-4 ss gresk yoghurt
2 ss god olivenolje(gjerne med smak av krydder el sitron)
1 ts havsalt
600 gr kveitemjøl
300 gr sikta spelt
ca. 5 dl vatn

Lunk vatnet litt, bland alle ingrediensane i ein bolle og elt til du får ei fin og smidig deig, juster
litt sjølv, men ikkje lag ho for fast. Dekk ho til og la ho heve til dobbelt storleik. Tar litt tid med so lite gjær.Trur mi stod 1,5 til 2 timar, gløymde heilt å sjå på klokka. ;((

Fyll:
1 pk kjøttdeig
1 rødløk
2 fedd kvitløk
½ rød el grøn paprika
1 stilk stangselleri
1 boks knust tomat
1 dl vatn
1 liten neve fersk oregano
pepar
ca 2 ts havsalt
1 ts basilikum
2 ts provancekrydder
½ liten boks mais

Finhakk rødløk og kvitløk. Steik kjøttdeig og ha i rødløk og kvitløk. Steik vidare til løken er blitt blank. Del stilksellerien opp i tynne skjever og paprikaen i små terningar. Ha det opp i kjøttdeiga. Ha so i knust tomat, vatn, oregano, basilikum og provancekrydder. Smak til med salt og pepar og la det småputre til du har ein tjukk saus, ca 5-10 min. Ha i maisen til slutt. La det kjøle seg ned medan deiga hever.

Når deiga er ferdig heva baker du ho til ein stor rektangulær leiv. Pass på at deiga ikkje set fast i bordet. Ha på kjøttfyllet, reven ost og evt. litt oregano. Rull saman og skjær opp. Legg dei på eit steikebrett med bakepapir på og steik dei ca.15 min på 225 grader.



Det ferdig resultatet såg slik ut.

Det er godt med ein liten salat til også, men dei står seg godt åleine og idag vart det kjapt slik då eg skal lage nokre kaker til bursdagsfeiring på søndag. ;o))






torsdag 30. januar 2014

Deilige kjeks :))


Eg elskar å bla i kokebøker og ei av dei siste eg har kjøpt er Monica Csango si, med tittelen, til å spise opp. Boka er berre herleg! Eg måtte berre prøve oppskrifta på cookies med sjokolade og maldonsalt. Det kan godt vere at oppskrifta ligg på bloggen hennar også.

Kjeksa var kjappe og enkle å lage, godt smakte dei også.







tirsdag 28. januar 2014

Mariann si tomatsuppe


I går var det berre eg og husbonden som skulle ha middag og då vart det ei heimelaga tomatsuppe med foccacia. Foccaciadeiga laga eg før eg gjekk på jobb om morgonen so ho hadde stått og godgjort seg heile dagen. Det fyrste eg gjorde når eg kom heim var å få ho til etterheving. Her er foccaciaen klar for omnen.

Suppeoppskrifta kjem her:

MARIANN si TOMATsuppe
ca 3 pers.

3 sjalottløk
¼ chili uten frø(den eg hadde var stor)
2 fedd kvitløk
1 kyllingbuljongterning
2 boksar knust tomat, eg brukte Mutti sine
4 dl vatn
1 liten neve med fersk, hakka oregano og timian
1 knivsodd smoked paprika krydder
2 dl matfløyte

Finhakk sjalottløk, chili og kvitløk. Ha litt olje i ei gryte og fres sjalottløk, chili og kvitløk til løken blir blank. Ha på knut tomat, vatn og smuldre i buljongterningen. Ha i ein liten neve med fersk, hakka oregano og timian.Det går nok bra med tørka krydder om du ikkje har ferske krydderurter. Litt nykverna pepar, litt havsalt og ein knivsodd smoked paprikakrydder. Smak deg fram. La det småkoke i ca. 20 min, ha i matfløyta og la det koke med dei siste 10 min. Viss ein ynskjer suppa glattare kan ein køyre den litt med ein stavmiksar.

Server med egg og parmesanost eller det du måtte ynskje. Hugs eit godt brød til :)) gjerne ein god foccacia.

Eg var i Bergen i helga og her er det eg handla med meg heim ;))

Eg har lenge vore på jakt etter Emmermjølet til Holli Mølle, dessverre er det ingen i Førde som har det. Eg har i alle fall ikkje funne det. Var difor godt fornøgd når eg fann det på tur til by'n. So då blei det mjøl og litt olivenolje som blei med heim og eg var godt fornøgd med da.

Måtte jo lage eit lite testbrød, brukte berre litt av det grovmalte Emmermjølet i brødet og brødet vart veldig godt. Skal ha i meir neste gong. Her er oppskrifta på testbrødet mitt:

TESTBRØD av EMMERmjølet

50 gr sesamfrø
100 gr Emmermjøl, grovmalt
400 gr kveitemjøl
12,5 gr gjær(1/4 pk fersk)
1 ts honning
2 ss tyrkisk yoghurt
2 ss god olivenolje
2,5 dl lunka vatn
1 ts havsalt

Rist sesamfrø i tørr steikepanne, til dei får litt farge. Avkjøl dei. Ha gjær, honning, olivenolje, yoghurt og lunka vatn i ein bolle. Bland litt. Ha i mjøl, frø, salt og elt godt i miksaren til du har ei glatt fin deig.
Set til heving til dobbel storleik, tar ca eit par timar. Ha evt. meir gjær i viss du har lita tid. Når deiga er heva tar du ho ut på bordet og eltar/formar ho lett til ein stor bolle, la ho ligge på bordet tildekka ein 20-30 min. Form so til eit lite brød og legg i ei lita brødform, fukt brødet og strø på litt sesamfrø viss du ynskjer. Etterhev ca. 30 min. Eg steikte det fyrst 5 min. på 250 gr og so skrudde eg ned til 190-200 gr og steikte det ferdig, ca 40 min. Eg pleier banke på det og sjekke lyden før eg tar det ut.

Det var kjøkkenkosen i går.


Yes, då skal eg kose meg og la meg inspirere av nokre flotte bøker. Gledar meg! :o))






lørdag 25. januar 2014

Natronlappar

Er på tur til "by'n"(Bergen) i helga. Deileg å kome seg ut av "stovedøra" av og til. Eg kjem her med eit tips til kaffikosen.


NATRONLAPPAR
ca 40 lappar

1 liter surmjølk
ca 1,2 liter kveitemjøl
1 egg
1 kopp sukker
1 ts natron
3 ts hjortesalt

Bland surmjølk, egg, sukker, natron og hjortesalt lett saman. Ha i kveitemjølet. Bland godt til ei klumpfri røre. Set steikehella på og få ho varm nok. Eg tar ei skål med mjøl og strør litt på hella, so tar eg ei lita ause med deig og har på hella. Strø litt mjøl på deiga og klapp forsiktig utover til passeleg storleik. Når deiga i lappane begynner å boble godt er dei klar til å bli snudd.
Slik gjer eg det, det er visst nok ikkje den riktige måten. Ein skal visst ha ei skål med mjøl, ha litt deig oppi skåla og forme deiga til ein fin lappe. Eg synest det høyrest so grisete ut og har funne min måte å gjere det på. Dessutan so likar eg å ha litt laus deig. Kor tjukk deiga skal vere lyt ein prøve seg litt fram med.

Her er det du treng for å lage gode natronlappar.

Resultatet vert kjempegode natronlappar og dei er nydelege med litt smør på, sukker eller brunost. Sylte er ulovlig på desse. :o))


Dei er gode dagen etterpå også, og kan fint frysast. Kos dykk! :))


torsdag 23. januar 2014

Heimelaga pasta og bologne av høgrygg

Heisann! Trudde eg skulle rekke å legge ut oppskrifta på bologne av høgrygg og heimelaga pasta i går kveld, men det vart for seint. No er ho i alle fall klar. Eg pleier å lage denne retten i helga sidan han tek litt tid og det vert for tidkrevande etter jobb, då blir det i alle fall sein middag. No hadde heimelaga pasta og kjøttsaus stått lenge på ynskjelista heime so då bestemte eg meg for å lage kjøttsausen nesten ferdig på tysdag og pasta på onsdag etter jobb.


Oppskrifta fant eg i eit matblad ifjor ein gong, trur det var i Tara smak. Har gjort litt endringar som vanleg :))

BOLOGNE AV HØGRYGG
6 pers.

3 gule løk
3 + 2 fedd kvitløk
½ chili uten frø
3 gulrøtter
600-800 gr høgrygg(evt. biffstrimlar)
150-200 gr bacon
2 ss oksefond(evt. ein kjøttbuljongterning)
4 dl vatn
2,5 dl rødvin
2 boksar hermetiske tomatar
¼ krukke fersk basilikum
nykverna pepar
salt

Skrel og hakk 3 kvitløk og løk. Finhakk chilien. Skrel gulrøtene og skjær dei i terningar. Skjær kjøtet i strimlar og strimle baconet. Ha litt olje eller smør på steikepanna, brun kjøtet, litt og litt. Ha det over i ei gryte. Steik so bacon, løk, kvitløk og chilien i eit par minutt. Tøm det over i gryta. Ha i gulrot, fond evt. ein buljongterning, vatn, rødvin og tomatar. Smak til med salt og pepar. Kok opp og la det småkoke i iallefall 1,5 time. Rør om av og til. Eg syntest den vart litt tynn, skulle nok ha kokt utan at loket var heilt på slik at dampen fekk kome ut og ikkje forsvann ned i gryta og vart til vatn. Det har eg nok gjort tidlegare. So eg hadde i 2 ss maisenna utblanda i litt vatn. Neste gong skal eg begynne med litt mindre vatn og heller spe mot slutten. Grovhakk basilikumen og 2 fedd kvitløk og rør det i gryta rett før servering. Smak til med evt. meir salt og pepar. Riv parmesanost i ei skål. Server sausen med pasta og revet parmesan. Og for ikkje å gløyme eit godt brød, baguettar eller liknande. 

Deiga til baguettane rørte eg i saman i full fart før eg gjekk på jobb onsdag morgon. Det skulle gå fort og eg fekk ikkje tida å notere ned oppskrifta, det er eg håplaus med på brødeiger. Då tar eg litt av det og litt av det. Skal skjerpe meg. Eg hadde i alle fall i kveitemjøl, solsikkekjerner, sesamfrø og litt tørka persille. Berre litt tørrgjør, kaldt vatn, litt tyrkisk yoghurt og litt god olivenolje.
Deiga var fint heva når eg kom heim. Eg tok deiga ut på bordet, delte den i to og rulla/strekte deiga forsiktig ut og snurra ho litt og la dei i baguettforma mi. Forsiktig slik at ikkje lufta skulle gå ut av deiga. Strødde på litt mjøl og etteheva i ca. 30 min. Pleier varme opp omnen til ca 240-250 gr og steike dei fyrst 5 min. på det og so skrur eg ned omnen til 200 gr og steiker 20 min til. Legg gjerne på litt aluminiumsfolie på slutten slik at dei ikkje skal bli for mørke.

Tysdag gjorde eg altså ferdig kjøttsausen bortsett frå å ha i basilikum og siste fedda med kvitløk, det gjorde eg på onsdag når eg varma han oppatt.

Onsdag etter jobb var det berre å hive seg rundt med pastaen.

Utgangspuktet for pastadeiga er 1 egg og 100 gr mjøl pr person.(har eg lese)  Det blir no rikeleg. Eg laga av 4 egg og 400 gr mjøl og det hadde nok vore nok til 6 personar. Eg brukar italiensk mjøl som blant anna er berekna til pasta, og er veldig fornøgd med da, har aldri laga med noko anna faktisk. Eg juksar litt og blandar egg og mjøl i miksaren til eg har ein deigklump og so set eg i gong og elte sjøl. Synest det er so grisete med å blande egga i mjølet på bordet. Deiga skal jobbast godt før ein legg ho i kjøleskåpet, minst ein halvtime. Eg er ingen ekspert på pasta so det er sikkert lurt å lese kokebøker eller andre bloggar før ein set i gong viss ein ikkje har gjort det før. Etter å ha fått hjelp av husbonden til å sveive pastamaskina var det berre å ha panna med kokande vatn og salt klar. Då må alt anna vere klart. Bordet dekka, brød, smør og pastasausen komt på bordet. Det tar berre ca 3 min. å koke den nylaga pastaen. So er det berre å ause opp og kose seg.


Det vart ein heil masse, kanskje har du dotte av lasset for lenge sidan? Viss ikkje er dette å anbefale i helga! Lagar du tiramisu til dessert vert det ein skikkeleg italiensk aften! ;))






tirsdag 21. januar 2014

Tysdagsmiddag


Halloen :)) I dag stod da heimelaga fiskekaker på menyen. Det er kjapt å lage og mykje betre enn dei kjøpte. Medan potetene kokar har eg god tid til å lage fiskekakene. Det blir ein 10-11 fiskekaker og rikeleg til 4 personar, viss du ikkje et mange rett frå steikepanna då :)) dei er kjempegode :))
 Fiskekaker
ca 4 personar

500-550 gr torskefilet
2 ts salt
2,0 dl kremfløyte
1-2 egg
2,5 ss potetmjøl
2 ss fersk el tørka grasløk
litt nykverna pepar
1 finhakka sjalottløk
Køyr fisk og salt i foodprocessoren til det har blanda seg. Tilset egg, potetmjøl, sjalottløk og krydder og spe med fløyta.
 Då er røra klar til steiking. Eg plar ha ein kopp med vatn til å fukte skeia og handa. Lag litt flate kaker og steik på panna til dei er gjennomsteikte.

Server med kokte poteter, litt raspa eller lettkokte gulrøter og gjerne ein god kvit saus.
 Det var dagens middag og kan anbefalast!

I kveld har eg forberedt morgondagens middag. Det har stått heimelaga pasta på ynskjelista ei stund. Det står på menyen i morgon. Kjøttsausen har eg gjort so å seie ferdig i kveld. Han tar 1,5 time å lage, so for å ikkje å få altfor sein middag i morgon har eg laga han ferdig i kveld, manglar berre litt krydder eg skal ha i i morgon. Då er det berre å kjappe seg i gong med pasta i morgon etter jobb. Skal prøve å legge ut oppskrifta i morgon, etter middag og køyring av ein palle med ved :))


 

søndag 19. januar 2014

Arbeidshelg og innehelg.

Det har vore arbeidshelg og innehelg. Det har blese iskald østavind dei siste dagane so eg har ikkje kome meg ut på tur slik eg burde. Var ute eit par kveldar i veka, men no i helga har eg gitt opp, orkar berre ikkje ut i den iskalde vinden. Har heller brukt god tid på kjøkkenet. Med yngstemann(19 år) på jobb laurdag kveld var det duka for suppe til middag. Han meiner nemnleg at suppe ikkje er middag! Det var då tid for å prøve ut rød kyllingsuppe og brød med ost i. Litt dessert vart det også :o))


Oppskrifta har eg frå ei gamal suppebok til Norske Meierier. Den har mange gode supper og det kan nok kome fleire oppskrifter frå den. Oppskrifta på Gulasjsuppa som eg har lagt ut tidlegare er også henta frå den. Nok om da, her kjem oppskrifta:

Rød kyllingsuppe
  4 personar

1 kylling(700-800gr), min var ca 1 kilo
6 dl mjølk
5 dl vatn
2 hønsebuljongterningar
2 heile kvitlauk
1 purre
2 stilker stangselleri
1 rød paprika
1 ss tomatpure
1 ts karri
1 ss rundkornet ris(eg brukte vanlig middagsris)
1 laurbærblad
1 krm timian

Del kyllingen i fire deler. Kok opp mjølk og vatn saman med buljongterningane i ei panne.

Legg i kyllingstykka. Gje det eit oppkok, skum godt av. Del kvitløkane i kløfter og fjern skalet. Skjær opp grønsakene i betar og legg dei i supa saman med løken.

Tilsett tomatpure, karri, ris og laurbærblad. La alt koke sakte i ca. 25-30 min. Ta opp kyllingen og fjern skinn og bein. Skjær kjøtet i betar. Køyr supa i food processor(eg brukte berre stavmiksaren) til den er jamn og fin. Smak til med timian og eventuelt salt og pepar.

Gje supa eit oppkok og legg i kyllingkjøtet rett før servering. Eg sette det på bordet i ei skål ved sida av.

Eg laga eit brytebrød med ost som vi hadde attmed. Prøvde å skrive ned oppskrifta, men eg surra litt med mjølmengda so eg trur ikkje eg skal gjengi den. Men det var eit heilt vanleg brød med mest kveitemjøl, litt fint rugmjøl og so litt riven parmesan og mozarella i deiga. So strødde eg på litt provancekrydder før eg steikte brødet.

So er det berre å setje seg tilbords og nyte ei god varm supe og godt brød. 

So til desserten

Litt dessert må ein ha ein gong iblant. Eg likar godt Tiramisu og er stadig på jakt etter den ultimate oppskrifta. Har ete ein del tiramisudessertar i Italia, både gode og dårlege. Den beste fant eg på ein restaurant i Firenze, den smakte himmelsk, so no prøvar eg å lage ein som er like fantastisk som den var. I går laga eg ein som eg var veldig godt fornøgd med. Eg brukte ei oppskrift eg hadde liggjande som eg har funne på nettet og so gjorde eg litt endringar ... :))

Eg fekk 10 dessertglas eller du kan lage den i ei djup form.

Tiramisu

1 kopp kaffe
0,5 dl amaretto(mandellikør)
3 ss cognac
1 pakke savoiardikjeks(ladyfingers)
3 egg
2 dl sukker
frø av 1 vaniljestong
250 gr mascarponeost(1boks)
2 dl kremfløyte
litt kakao og raspa sjokolade til topping

Lag kaffi og ha opp i ei skål og avkjøl. Pisk eggeplommene med sukker og vaniljefrø til den er blitt lys. Ha i mascarponeosten. Pisk fløyta til krem og bland i med sleikepott. Pisk eggekvite stive og ha dei dei forsiktig inn i ostekremen. Ha amaretto og cognac i kaffien. Blir godt med Tia Maria også. Dypp kjeksa i kaffiblandinga, ikkje bløyt dei. Legg so kjeksa i ei djup form eller porsjonsglas. Ha på halvparten av ostekremen, legg eit nytt lag med dyppa kjeks og avslutt med ostekrem. Set i kjøleskåpet til avkjøling nokre timar. Kan lagast dagen før også. Rett før servering sikt over litt kakao og ha på litt raspa sjokolade. NYT!


Det var laurdagens middag og slett ikkje verst etter min smak. Kanskje har du lyst til å prøve du også? Håpar det smakar! :))





lørdag 18. januar 2014

Prøver på nytt! :))

Halloen, prøver igjen etter ein laaaaang periode uten blogging. Det har vorte lite papirblogging og det har vore laga lite også. Eg har alltid likt meg på kjøkkenet og brukar ganske mykje av tida mi der. Eg har difor skifta namn på bloggen min til Marianns matgleder og andre gleder ... Tenkjer at eg skal prøve å få lagt ut ein del oppskrifter og bilete av det eg steller med på kjøkkenet og elles litt diverse som tidlegare.

Eg kan no begynne med dagens middag. Fekk lyst på Chili con carne i dag, hadde liggande ei gammal oppskrift i kjøkkenskuffa mi. Kom heim frå jobb i femtida og syntest det var litt tidleg å byrje på fredagsmiddagen. Var litt svolten so då laga eg kvar sin smoothie. Gjekk i kjøleskåpet og fann litt Sunniva appelsinjuice, litt yoghurt naturell og litt vaniljeyoghurt, i frysaren hadde eg smoothiemix med  blant anna blåbær, jordbær og banan. Det var ein god og kald smoothie og akkurat passe mat før middagen eit par timar seinare. :o))

 mmm ... nyyyyydelig!!

So var det tid for middag. Oppskrifta mi på Chili con carne har ikkje fersk chili i seg, den er nok ikkje av ny dato, sikkert laga på den tid det ikkje var so stort utval av grønnsaker som i dag. Eg er ikkje so bevandra i Chili con carne, men eg tykkjer oppskrifta er enkel og god.

Chili con carne
4 pers.

400-500 gr kjøttdeig(helst storfe el blanding)
litt olje
3 fedd pressa kvitløk
2 hakka løk
1 grøn paprika, del i strimlar
1 raud paprika, del i strimlar
1 ts chilipulver
2 ts karve
3 ss kveitemjøl
2 boksar hakka tomatar
1 boks kidneybønner
4 dl sterk buljong
litt pepar
evt. salt

Begynn med å steike kjøttdeiga i litt olje. Ha so i oppkutta løk og kvitløk og steik med til løken blir blank. Ha det over i ei gryte. Ha so på kveitemjølet og bland inn i kjøttdeiga og løken. Ha so i buljong, hakka tomatar og krydder. La det småkoke i ca 10-15 min. Ha deretter i paprika og skylte bønner og la det småputre 5 min. til. Smak so til med meir krydder og salt om du ynskjer det.

Server med ein salat, litt rømme og Maarud sin tortillachips med ost.
 Enkel og kjapp middag når ein har lyst på noko godt, men ikkje vil bruke so lang tid på middagen.

Då er det blitt laurdag og tid for å leggje seg, skal på jobb i morgon. God natt!!

Mariann

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...