tirsdag 24. februar 2009

GRATULERER MED DAGEN, MARIA!


Eg er so heldig å vere tante til ei søt jente som heiter Maria. Ho blir 11 år i dag og ho likar også å lage kort. Eg vart inspirert av dørskiltet som stod i siste Ett Trykk, og tenkte at eit slikt må eg lage til Maria til bursdagen. Har laga litt forskjellige tekstar som eg har bunde saman med Bind-it-all maskina mi. Syner tre av dei her. Har pynta med retroblomster, glitter og Sarah Kay stempel. Vi gler oss til å feire dagen din på søndag og det kjem nok noko meir som er innpakka då!










lørdag 21. februar 2009

Bursdagspresang


Skal i bursdag i dag til ei av mine svigerinner og eine guten hennar. Tenkte ho skulle få noko og kose seg med i mørke vinterkveldar. Ei flaske vin, "kosebukse"(pysjamasbukse), mjuke sokkar og ein Boccasjokolade. Storkosa meg i går ettermiddag med å lage kort/innpakning. Resultatet kan vel diskuterast, men eg hadde det veldig moro, og det er det viktigaste! Brukte bølgepapp, papir frå gamle notebøker og salmebøker, vintage bilde og litt mønsterpapir. Pynta med papirblonder, stoffblonder, glitterlim, retroblomster. Har brukt stempel frå Kreativ Hobby og Stempelglede. Laga eigen "lomme" til sjokoladen som heng på vinflaska.







Sjokoladeøskje

Har lenge beundra dei fine sjokoladeøskjene som mange har laga. Kom meg endeleg til å prøve sjølv. Vart vel ikkje heilt fornøgd, men skal nok prøve meg igjen. Brukte ei øskje med Freia Melkehjerter. Tok den frå kvarandre og bruke den som mal. Det var litt putlearbeid, men moro også!






tirsdag 17. februar 2009

Friday Sketchers nr. 39

Endelig har eg fått tida til å lage noko nytt! Har hatt det travelt. Har forskjellige prosjekt på gong, dei kjem nok på bloggen etterkvart. Måtte berre lage eit kort etter den fine skissa som var på bloggen til Friday Sketchers. Har brukt dei kjempeflotte papira til Maya design, stempel frå Norsk Stempelblad og Sarah Kay. Tekststempel frå Kreativ Hobby og Norsk Stempelblad. Har laga blomsterbord med Fiskars borderpunch og blomstrane er laga med retropuncharane mine. Svirlen frå Magnolia og litt glitter og bling blei det også. Effekten av glitteret ser ikkje so fint ut på bilde ser eg, men eg fekk det ikkje betre.


søndag 1. februar 2009

Sukkersøtt utfordring # 26, Ett trykk

Heisann, var ferdig med utfordringa kl halv tre i natt, men har ikkje fått tid til å legge ut bidraget før no. Har baka og hatt huset fullt i ettermiddag. Har feira min bursdag (som er i morgon), og vår eldste son som var 17 den 16.januar. Han var vekke på dagen sin og då slo vi dei like godt i saman. Utfordringa er difor laga som kortpose til han.
Har brukt papir frå Maja design(nydelig papir). Diverse tekststempel frå Kreativ Hobby. Diverse quikcuts. Litt blings er vel lov å bruke sjølv om det er til ein ung mann. Ekstrautfordringa med gåvekort har eg laga til på baksida. Dei fire små rullane på baksida er gåvekort. Hadde ei gamal bok eg reiv sider ut av og festa på små ark som då er gåvekort.







Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...