fredag 14. februar 2014

Hei og hå, det er helg igjen :))


Heisan, her susar vekene avgarde. På tide med eit nytt innlegg. I dag fekk eg lyst å lage pasta med kjøttboller og tomat-/grønsaksaus og sjølvsagt godt "brød". Vart superfornøgd med kjøtbollane og grissiniane. Tomatsausen kunne kanskje vore litt saftigare, men han smakte veldig godt. Her er i alle fall oppskrifta og so er det jo berre og trikse og mikse litt etter smak og behag. :0)) Her blir rikeleg med mat til 3 personar.

Det fyrste eg gjorde var å lage deiga til grissiniane.

GRISSINI
16 stk.
25 gr gjær
2 dl vatn
2 ss olivenolje
1 ts honning
1 ts flaksalt
2 ss fersk rosmarin, hakka
2 ss gresk yoghurt
ca.3,5 dl sikta spelt
ca.3,5 dl kveitemjøl

Ha gjær, olivenolje, honning, yoghurt og rosmarin i bollen, lunk vatnet, ha det og mjølet saman med saltet opp i bollen og elt deiga godt. Deiga skal vere laus. Set til heving ein times tid. Etter heving ha deiga ut på eit bord med mjøl på og trill/strekk ho lett ut til ei pølse og del i ca 16 deler. Trill dei ut til ca 25 cm lange pølser og legg dei på ei bakeplate med bakepapir på. Strø litt mjøl på dei, eg pleier bruke sikta rug både til å bake dei ut i og til å strø på. La dei etterheve litt før du set dei i varm omn. Eg har omnen på 225 grader og steiker dei midt i omnen ein 12-15 min. Avkjøl på rist og server dei nystekte.

Medan deiga heva laga eg kjøtbollar.

KJØTBOLLAR
ca 22stk.
400 gr kylling-/kalkunkjøtdeig
2 fedd kvitløk, hakka
1/2 ts maldonsalt
2 ts tørka oregano
nykverna pepar
ein skvis med sitronsaft
1 egg
2 ss god olivenolje

Eg brukte foodprocessoren min med kniv.
Ha kjøtdeiga, hakka kvitløk, salt, oregano, egget,  nykverna pepar og knift litt sitron oppi. Bland godt. Ha oppi olivenolje tilslutt og bland han godt inn i. Eg har ei lita kjøttbolleklype som eg brukte til å lage kjøtbollane med. Elles er det berre å ha litt vatn i ein kopp og ei skei. Fukt skeia og handa og lag kjøtbollar. Ha litt olje i steikepanna og steik dei på svak varme til dei er gjennomsteikte. Legg dei til side.
 

Grissiniane hadde endå litt hevetid igjen. Eg klargjorde då det som skulle til tomatsausen.

TOMAT-/GRØNSAKSAUS
2 små løk, hakka
4 små gulrøtter, finkutta
1/4 rød paprika, finkutta
1/4 grøn paprika, finkutta
ca. 1/2 squash, finkutta
2 fedd kvitløk, hakka
1 ts flaksalt
nykverna pepar
1 boks knust tomat
2 dl vatn
1/2 dl rødvin
1 ts tørka oregano
1 neve frisk basilikum, hakka

Eg gjorde no grissiniane klar til steiking og fekk dei i omnen før eg begynde på sausen. Medan grissiniane avkjøler seg lagar eg tomatsausen. Ha litt olje i steikepanna og ha i løk, gulrøter, paprika, squash og kvitløk. Fres grønsakene litt. Ha deretter i knuste tomatar, salt, pepar, vatn, vin og tørka oregano. La det småputre ca.15 min. Ha i hakka basilikum mot slutten og kjøtbollane,  smak evt. til med meir salt, pepar eller krydder.

Medan sausen småputrar, koker du pastaen. Eg skulle gjerne ha laga pastaen sjølv, men i dag blei da ikkje tida. Kok den typen du ynskjer. Eg hadde liggande ein pose med pasta eg kjøpte i Italia i sommar og den rauk til i dag. ;)) Litt riven parmesanost er sjølvsagt!

Då var grissiniane klar, pastaen kokt, sausen kokt, det meste var oppvaska og bordet dekka av husbonden. Då var det berre å setje seg ned og nyte eit god måltid mat! ;o))

 
Ein liten søt avslutning må til på inngongen til ei ny helg og vinterferie.

Det er jo valentinsdagen i dag, det bryr eg meg fint lite om. Men å vere so heldig å ha ein mann i huset som set stor pris på maten og som kjem og hjelper til med å rydde og vaske opp dag etter dag, år etter år, det er kjærleik og mykje viktigare for meg enn gull og glitter. ;O))




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...