onsdag 30. desember 2009

GODT NYTTÅR!


Heisan her er eg! Det vart ikkje tid til noko juleinnlegg, vart ganske travelt.... 22.des. har vi tradisjonen tru "pakke-bytedag" her med oss. Då var vi ca. 30 stykker her til gløgg og koldtbord. Det er alltid like koselig, hadde fri og kosa meg på kjøkkenet heile dagen. Julaftan var det berre husets folk. 1.juledag er igjen ca. 30 stykker innom på kaffi og kaker for då feirar vi yngste mann i huset sin burdag. Han vart heile 15 år! Etter det har vi vore på litt besøk, litt jobb, og slappa av. Eg har faktisk nådd å rydde arbeidsrommet mitt, strikka meg eit par kosesokkar og begynt å sy på ein barnekjole. Planane for neste års handarbeid er alt blitt ei lang liste! Det er no lov å drøyme iallefall om alt ein har lyste å gjere:) Håpar alle har hatt ei fin jul! Her kjem årets siste innlegg med litt bilete av årets "juleproduksjon", ser det er ganske mykje eg har gløymt å ta bilete av, men her kjem nokre smakebitar. Vil få sende ei stor takk til alle som har vore innom bloggen min med koselege kommentarar i året som har gått! Ynskjer alle eit STRÅLANDE OG KREATIVT 2010!!

Her er nokre av merkelappane eg laga:



Kjøpte kransen og sydde stjernene og limte dei på, pynta med litt streng og perler mellom stjernene. Kransen er allereie komt på veggen og eg trur mottakarane likte den godt. Har lyst å laga meg ein slik sjølv.

Her er to av tre nissepar eg laga i haust:



Her er eit sett med hue, vottar og skjerf eg laga. Lagde eit i svart i ein heilt annan stil, men det gløymde eg sjølvsagt å ta bilete av.

fredag 4. desember 2009

Herlig....


yes, endelig ferdig med rundtvask av kjøkkenet mitt. Pleier alltid vaske rund kjøkkenet vårt og eit par boder ved juletider. Eg kvir meg alltid, men det er godt å få det gjort. Vaska bodene ein kveld tidlegare i veka og i dag hadde eg fri frå jobb og vaska kjøkkenet. Vi begynte med overskåpa i går kveld og tok resten i dag. Har vaska frå halvni i dag tidleg til halvsju i kveld. Det tek si tid endå eg hadde god hjelp av Johan i fleire timar. Heeeeeerlig å vere ferdig!

Her er den andre adventskalendaren eg laga, den er tileigna til dei tre mennene i mitt liv! Det vil sei eg laga denne fyrst og den lilla etterpå. Gjorde litt små forbetringar på den lilla og vart meir fornøgd med den, men mottakarane er ikkje so kresne so det går heilt greitt.



mandag 30. november 2009

Sketchy Colors utfordring #1

Her er mitt bidrag til Sketchy Colors utfordring nr. 1. Har laga eit par adventskalendara og den eine laga eg i lilla sidan det er fargen i adventstida(og min yndlingsfarge). Det passa jo til fargeutfordringa der hovudfargen skulle vere lilla. Takkar Anita for god inspirasjon, ho har laga ein kjempeflott kalendar som vi damene på jobben skal kose oss med i adventstida, du ser den på bloggen hennar. Kalendaren er no gitt vekk til ei ung "stempelfrøken", håpar ho kan kose seg med den!




søndag 29. november 2009

TRAVEL HAUST!!

Heisan! Trudde at når eg skreiv på bloggen i sept. so skulle eg kome i gong igjen og lage litt oftare innlegg. Men den gong ei, det har vore ein travel haust!! Har laga julegåver på harde livet og dei kan eg jo ikkje legge ut! Har laga litt kort og diverse også, ofte i siste liten og har dermed gløymt å ta bilete. Men her kjem litt bilde over kva eg har gjort på (som eg kan legge ut då!)

I september var eg "vert" for nokre tidlegare kollegaer som var på blåtur. Mi oppgåve var mat og kos. Dei kom då på hytta vår, der eg hadde laga treretters middag. Og so var det bading i badestampen ute etterpå. Vi hadde ein skikkelig koselig kveld. Eg laga bordkort som eg knytte på glasa, meny høyrer jo med i "fint" selskap og so nådde eg akkurat dei siste rognebæra til å pynte med.





So har vi mange i familien som har bursdag i november. Lagde litt diverse gåver, men gløymde å ta bilete av det meste! Her er iallefall ein presang som ein av mine "tanteungar" fekk. Eg strikka eit trekk til ei varmeflase og tova det. Og so strikka eg eit par sokkar med flettemønster, har visst ikkje tatt dei skikkeleg på meg ein gong:)



Lag også nokre stjerneøskjer som eg såg fyrste i bloggen til Jorunn og so hjå Scor-pal. Masse fine maler forresten. Er blitt veldig glad i scor-pal brettet mitt. Lagde tre stykkjer på rappen, brukte dei som kort, nokre festa eg pengar på og fylte dei med snop. Enkle og dekorative! Kjekke å lage.




Forrige lørdag begynte vi på julebaksten, best å få dei mest "mjølete" sortane unna før vi skal vaske rundt kjøkkenet.(Det gjer eg kvart år før jul, og kvir meg like mykje kvart år, men deilig når det er gjort.) Baka litt over 30 fiskebrød, vel 60 potetkaker, 24 nordlandslefser og litt "ferjesveler" som kunne nytast der og då!



Og i dag, 1.søndag i advent har vi og ein familie til, tradisjon med å lage julepølser. Og so kosar vi oss med middag etterpå. Det er då sjølvsagt nylaga julepølser, poteter, nepestappe, erter, rødkål, surkål og kvitsaus. Mmmmm det var kjempegodt, og juleserviset må fram denne dagen:) Kjempekoselig med nokre tradisjonar som går igjen år etter år! Det var det, skal prøve å skrive oftar! Har tenkt å hive meg på eit par utfordringar, sjølv om eg ikkje har tid, har nemleg nokre julegåveprosjekt som ikkje er ferdig.





fredag 27. november 2009


Hiv meg på i siste liten og melder om den nye utfordringsbloggen som startar på søndag, Sketchy colors. Er alltid kjekt med noko nytt!! Du kan gå inn på den nye utfordringsbloggen her. Gledar meg!

søndag 6. september 2009

PUUH!!

Her går dagane unna gitt!! Dette innlegget hadde eg tenkt å lage forrige søndagkveld, men so langt kom eg ikkje. Og veka den forsvant som ein røyk! Er nett komt i hus igjen, helga har vore tilbrakt på Gardermoen på messe for jobben. Stod opp halv fem fredag morgon og tok flyet klokka halv sju om morgonen. Kurs på fredag og messe med uttaking av varer på lørdag/søndag. Deilig å komme heim!! Her er iallefall nokre bilder av forrige helgs arbeid. Lørdagen tok eg turen til Sogndal og Papirplaneten. Eg brukte berre ein time! Fekk snopa litt diverse... Søndag var det skikkelig dritver, kosa meg difor inne heile dagen.


Her er ein LO eg laga av nokre artige bilder av eine tanteungen min, søte Maria.



Eg vart inspirert av dei fine øskjene som Anita på Anitas hobbyblogg hadde laga. Dei var kjempefine og greie å lage. Har kjøpt med Scor-Pal brett for ei stund sidan, men har ikkje brukt det før no. Det var ganske ok greier! Øskjene er fine å legge ein liten oppmerksomheit oppi. Lagde eit par stykker. Her er den eine. Bildekvaliteten var visst ikkje heilt topp.






Søndag ettermiddag lagde vi fiskebrød. Det er kjempegodt og ein god måte å få i seg fiske på for dei som ikkje er overbegeistra for fisk! So mandag var menyen, kokt torsk, poteter, stekt bacon og purre i fiskebrød. Nam, nam.

Her er eg i full gang med å bake ut brøda.



So fekk eg hjelp av min kjære mann til å steike dei. Det pleier vere jobben hans.



Her resultatet ca. 30 lefer og det vil sei at vi kan gå nokre gode fiskemiddagar i møte i haust.


Og so, heng du med endå? Ein LO eg laga denne veka av eldste son min, og eine dottera til ein av mine "tanteunger".(Eg har "tanteungar i alderen 0 til 37 år.) Synest bilde var so herleg!! Bilde ser litt utydeleg ut, men har jobba litt med det og la inn softening, dvs. gjort bilde litt draumeaktig.

mandag 24. august 2009

SOMMAREN 2009 ER HISTORIE!

Heisan! Ja då er sommaren 2009 gått over i historiebøkene. Har ikkje vore på nettet på fleire månader, dvs. eg har vore inn og kikka litt på andre sine bloggar av og til. Har laga nokre få kort og gjeve dei vekk, utan at eg har tatt bilete av dei. Sommarstid er ikkje bloggtid for meg! Har hatt ein fin ferie med 16 dagar i Spania (som vanleg, har vore der dei siste åra), angra på at vi ikkje tok nokre dagar til! Spania og Costa Blanca-kysten med sol og varme er vedunderleg!!! Skulle gjerne vore der fleire månader!! :) Vi leiger oss hus og bil og nyt dagane heile familien. No er sommaren over, i alle fall her på Vestlandet. Har vore på arbeidsrommet og rydda og lysta til å lage kort byrjar å vende tilbake. Har til og med prøvd meg på scrapping for fyrste gong i helga!


Desse bileta skulle vore på bloggen min i byrjinga av juli, då Anita, min gode stempelvenn og kollega, hadde bursdag! Betre seint enn aldri! Pynta ei vinflaske (det synest eg er veldig kjekt som de kanskje ser av bloggen min) og hengde på litt småtteri til å pynte kort og diverse med.


Her er resultatet av mitt fyrste scrappeprosjekt. Brukte eit bilete av yngste sonen min som vart teke siste kvelden i Spania. Resultatet vart vel so som so, men eg kosa meg og det er det viktigaste! Har funne fram ein del bilete til som eg har lyst til å scrappe, so no lyt eg avstad og kjøpe meg eit album.


Og so har eg gjort alvor av draumen eg har hatt i fleire år om å kjøpe meg ein VESPA-scooter!! Dei er berre KJEMPEKULE! Fekk den til siste helga i ferien. Snau å bruke til småhandling i sentrum når eg ikkje har tid til å gå. Dessutan har eg ein kar i huset som blir 16 om eit års tid, han var veldig fornøgd! Mannen min skulle vel gjerne sett ein litt større sykkel, men han er veldig fornøgd han òg, og brukar han like mykje som eg.

lørdag 30. mai 2009

KVELDSTUR I FØRDE

Tok ein fin kveldstur i går kveld.(fredag) Skulle gå opp Gjelet og på Hundvebakken. Då vi var komt på Hundvebakke ville Eirik gå på Kletten. So vi gjekk opp der og eg har faktisk aldri vore opp der før! Nydeleg utsikt når vi kom opp, og fantastisk kveldsol! Her nokre bilde frå turen.




Ei gamal bru i Førde.....




og ei ny bru i Førde.

Halloen!

Hei, ja no er det altfor lenge sidan eg har vore inne på bloggen min. Har hatt diverse prosjekt med oppussing, arbeide ute rundt huset og ja dagane berre fyke avgarde. Har ikkje laga kort eller noko på lenge, misser litt piffen når dagane vert lyse... Her er ei vinflaske eg pynta og gav til ei vennine i byrjinga av mai. Hadde laga brødkorg og fylt den med nybakte rundstykker, brødkrydder og olivenolje med krydder.



torsdag 9. april 2009

GOD PÅSKE!!!

Her kjem ei lita påskehelsing frå meg. Fekk ikkje tida å legge ut noko før vi for på hytta i går. Har eit par kort eg hadde tenkt å legge ut, men so var det forlita tid. Har fyrt i stampen og bada i kveld, det er deilig!!! Stilt, fredeleg og litt regn i lufta. Her finn eg verkeleg roen, snakk om rekreasjon for kropp og sjel! Ynskjer alle ei koseleg påske!!

søndag 29. mars 2009

Litt av helgas aktivitetar!

Hei, ja no er det lenge sidan eg har lagt ut noko. Driv med oppussing av eit par soverom og diverse.... I helga har eg berre slappa av og kosa meg med litt handarbeid. Har for det meste strikka på ein sommartunika/kjole som eg fekk garn til på torsdag. Måtte vente vel og lenge på garnet og då var det ekstra kjekt når eg fekk det på torsdag ettermiddag og har hatt fri fredag, lørdag og sundag! Elles so lagde eg eitt kort til å henge på vinflaske med "sjokoladelomme" som eg gav vekk til ein tidlegare kollega, gløymde sjølvsagt å ta bilete! I dag har eg sydd ein kjole og har for fyrste gong prøvd meg på eit "kakestykkje" det var moro, skal nok lage fleire av dei!



Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...