Viser innlegg med etiketten Helsing. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Helsing. Vis alle innlegg

tirsdag 15. januar 2013

Kos

Vi har nydeleg vêr for tida. Litt kaldt, men det er jo januar.. Har ikkje so mykje å fortelje om anna enn at eg kosar meg med mørke etterjulskveldar. Slappar av, trimmar litt, kosar meg med bøker, blad, strikking og matlaging. Masse levande lys og fyr i omnen, då har eg det bra.

I helga var vi ein tur til Bergen til studenten i familien. Han fekk ikkje med seg alt inn att etter jul og då tok vi like godt turen inn med resten og so fekk vi lufta oss litt.
 Det var nydelig vêr og vi rusla litt i by'n på lørdag. Vi var innom Pastasentral og kjøpte oss fersk pasta og so var vi innom Oliviers & Co. og spanderte på oss ein nydelig pastasaus med tomat og peanøtter. Eg elskar å gå innom sånne butikkar som Oliviers & Co. Kan verkeleg anbefalast dersom ein er interessert i mat. Tilbake i hybelleilegheita måtte vi sjølvsagt lage oss ein god Focaccia til kveldens middag. Og so bakte vi like godt eit par grovbrød når vi fyrst var i gong. Det er ein gamal hybelkomfyr, men bakaromnen fungerar utmerka.
Elles so vart da litt snoping til meg sjølv. Har to av dei andre bøkene til Manuela, so då måtte eg berre ha den siste. Nytt interiørblad til Jeanne d' Arc Living er jo kjekt å kike i og ei brødbakingsbok er jo ikkje å forakte. Juleboka til Jeanne d' Arc Living den kom i posten heime rett før vi for. So no kan eg kose meg i mange dagar... Elles so er det alltid kjekt med litt nytt garn. Har som nemnt før, eit par gensara liggande som eg ikkje er ferdig med, men eg hadde lyst på eit litt mindre arbeid. Difor kjøpte eg garn til eit par sokkar. Har laga nokre av desse før(http://www.garnstudio.com/lang/no/visoppskrift.php?d_nr=135&d_id=44&lang=no), men då med Ekstra Fine Merino, det er for dårleg til sokkegarn og kjøpte no Karisma og prøver det.

 So no kosar eg meg og gjer akkurat det eg har lyst til... so får husvask og klesvask takast ein annan dag ;o))

Skulle gjerne vore i Bergen i morgon, då har Eirik bursdag, men vi får ta igjen feiringa når han kjem heim om eit par veker. Då har eg bursdag so då slår vi to fluger i ein smekk og feirar i lag.
 Ha ei kooooooseleg veke!
Mariann

onsdag 30. desember 2009

GODT NYTTÅR!


Heisan her er eg! Det vart ikkje tid til noko juleinnlegg, vart ganske travelt.... 22.des. har vi tradisjonen tru "pakke-bytedag" her med oss. Då var vi ca. 30 stykker her til gløgg og koldtbord. Det er alltid like koselig, hadde fri og kosa meg på kjøkkenet heile dagen. Julaftan var det berre husets folk. 1.juledag er igjen ca. 30 stykker innom på kaffi og kaker for då feirar vi yngste mann i huset sin burdag. Han vart heile 15 år! Etter det har vi vore på litt besøk, litt jobb, og slappa av. Eg har faktisk nådd å rydde arbeidsrommet mitt, strikka meg eit par kosesokkar og begynt å sy på ein barnekjole. Planane for neste års handarbeid er alt blitt ei lang liste! Det er no lov å drøyme iallefall om alt ein har lyste å gjere:) Håpar alle har hatt ei fin jul! Her kjem årets siste innlegg med litt bilete av årets "juleproduksjon", ser det er ganske mykje eg har gløymt å ta bilete av, men her kjem nokre smakebitar. Vil få sende ei stor takk til alle som har vore innom bloggen min med koselege kommentarar i året som har gått! Ynskjer alle eit STRÅLANDE OG KREATIVT 2010!!

Her er nokre av merkelappane eg laga:



Kjøpte kransen og sydde stjernene og limte dei på, pynta med litt streng og perler mellom stjernene. Kransen er allereie komt på veggen og eg trur mottakarane likte den godt. Har lyst å laga meg ein slik sjølv.

Her er to av tre nissepar eg laga i haust:



Her er eit sett med hue, vottar og skjerf eg laga. Lagde eit i svart i ein heilt annan stil, men det gløymde eg sjølvsagt å ta bilete av.

torsdag 9. april 2009

GOD PÅSKE!!!

Her kjem ei lita påskehelsing frå meg. Fekk ikkje tida å legge ut noko før vi for på hytta i går. Har eit par kort eg hadde tenkt å legge ut, men so var det forlita tid. Har fyrt i stampen og bada i kveld, det er deilig!!! Stilt, fredeleg og litt regn i lufta. Her finn eg verkeleg roen, snakk om rekreasjon for kropp og sjel! Ynskjer alle ei koseleg påske!!

tirsdag 24. februar 2009

GRATULERER MED DAGEN, MARIA!


Eg er so heldig å vere tante til ei søt jente som heiter Maria. Ho blir 11 år i dag og ho likar også å lage kort. Eg vart inspirert av dørskiltet som stod i siste Ett Trykk, og tenkte at eit slikt må eg lage til Maria til bursdagen. Har laga litt forskjellige tekstar som eg har bunde saman med Bind-it-all maskina mi. Syner tre av dei her. Har pynta med retroblomster, glitter og Sarah Kay stempel. Vi gler oss til å feire dagen din på søndag og det kjem nok noko meir som er innpakka då!










lørdag 17. januar 2009

TUSEN TAKK ANITA!


Endeleg har eg rota med til å lage blogg eg også! Har hatt lyst til å gjere det lenge, men so var det det å kome i gong då! Mitt fyrste innlegg er difor ei helsing og stor takk til Anita, min gode kollega og stempelvenn for at ho gav meg ei utfordring i sin nye blogg. Dette blir spennande!! Det blir nok litt feiling og prøving i starten, men det blir moro!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...