søndag 19. januar 2014

Arbeidshelg og innehelg.

Det har vore arbeidshelg og innehelg. Det har blese iskald østavind dei siste dagane so eg har ikkje kome meg ut på tur slik eg burde. Var ute eit par kveldar i veka, men no i helga har eg gitt opp, orkar berre ikkje ut i den iskalde vinden. Har heller brukt god tid på kjøkkenet. Med yngstemann(19 år) på jobb laurdag kveld var det duka for suppe til middag. Han meiner nemnleg at suppe ikkje er middag! Det var då tid for å prøve ut rød kyllingsuppe og brød med ost i. Litt dessert vart det også :o))


Oppskrifta har eg frå ei gamal suppebok til Norske Meierier. Den har mange gode supper og det kan nok kome fleire oppskrifter frå den. Oppskrifta på Gulasjsuppa som eg har lagt ut tidlegare er også henta frå den. Nok om da, her kjem oppskrifta:

Rød kyllingsuppe
  4 personar

1 kylling(700-800gr), min var ca 1 kilo
6 dl mjølk
5 dl vatn
2 hønsebuljongterningar
2 heile kvitlauk
1 purre
2 stilker stangselleri
1 rød paprika
1 ss tomatpure
1 ts karri
1 ss rundkornet ris(eg brukte vanlig middagsris)
1 laurbærblad
1 krm timian

Del kyllingen i fire deler. Kok opp mjølk og vatn saman med buljongterningane i ei panne.

Legg i kyllingstykka. Gje det eit oppkok, skum godt av. Del kvitløkane i kløfter og fjern skalet. Skjær opp grønsakene i betar og legg dei i supa saman med løken.

Tilsett tomatpure, karri, ris og laurbærblad. La alt koke sakte i ca. 25-30 min. Ta opp kyllingen og fjern skinn og bein. Skjær kjøtet i betar. Køyr supa i food processor(eg brukte berre stavmiksaren) til den er jamn og fin. Smak til med timian og eventuelt salt og pepar.

Gje supa eit oppkok og legg i kyllingkjøtet rett før servering. Eg sette det på bordet i ei skål ved sida av.

Eg laga eit brytebrød med ost som vi hadde attmed. Prøvde å skrive ned oppskrifta, men eg surra litt med mjølmengda so eg trur ikkje eg skal gjengi den. Men det var eit heilt vanleg brød med mest kveitemjøl, litt fint rugmjøl og so litt riven parmesan og mozarella i deiga. So strødde eg på litt provancekrydder før eg steikte brødet.

So er det berre å setje seg tilbords og nyte ei god varm supe og godt brød. 

So til desserten

Litt dessert må ein ha ein gong iblant. Eg likar godt Tiramisu og er stadig på jakt etter den ultimate oppskrifta. Har ete ein del tiramisudessertar i Italia, både gode og dårlege. Den beste fant eg på ein restaurant i Firenze, den smakte himmelsk, so no prøvar eg å lage ein som er like fantastisk som den var. I går laga eg ein som eg var veldig godt fornøgd med. Eg brukte ei oppskrift eg hadde liggjande som eg har funne på nettet og so gjorde eg litt endringar ... :))

Eg fekk 10 dessertglas eller du kan lage den i ei djup form.

Tiramisu

1 kopp kaffe
0,5 dl amaretto(mandellikør)
3 ss cognac
1 pakke savoiardikjeks(ladyfingers)
3 egg
2 dl sukker
frø av 1 vaniljestong
250 gr mascarponeost(1boks)
2 dl kremfløyte
litt kakao og raspa sjokolade til topping

Lag kaffi og ha opp i ei skål og avkjøl. Pisk eggeplommene med sukker og vaniljefrø til den er blitt lys. Ha i mascarponeosten. Pisk fløyta til krem og bland i med sleikepott. Pisk eggekvite stive og ha dei dei forsiktig inn i ostekremen. Ha amaretto og cognac i kaffien. Blir godt med Tia Maria også. Dypp kjeksa i kaffiblandinga, ikkje bløyt dei. Legg so kjeksa i ei djup form eller porsjonsglas. Ha på halvparten av ostekremen, legg eit nytt lag med dyppa kjeks og avslutt med ostekrem. Set i kjøleskåpet til avkjøling nokre timar. Kan lagast dagen før også. Rett før servering sikt over litt kakao og ha på litt raspa sjokolade. NYT!


Det var laurdagens middag og slett ikkje verst etter min smak. Kanskje har du lyst til å prøve du også? Håpar det smakar! :))





1 kommentar:

  1. WOW!!!!!
    Såg himmelsk ut! Heldige dei som kan gå til bords hos deg! ;)
    Snakkast i morgon!
    ;)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...