mandag 2. januar 2012

GODT NYTTÅR!

Har ikkje oppdatert bloggen min på nesten eit år, men her er eg igjen. Året gjekk som ein røyk og eg har gjort ein del kort-/papir- og handarbeidsprosjekt. Har ikkje vore so flink til å ta bilder. Vart tatt mest bilete på dei tre flotte turane i sommar. Den fyrste turen var nokre dagar i Paris for å feire sølvbryllaupet vårt, i begynnelsen av juni. I juli hadde vi 14 herlige dagar i Spania med familie og so avslutta vi det heile med ein ti dagars tur til Italia og Gardasjøen når gutane våre var på verdensleir for speidarane i Sverige.
Neste på ynskjelista mi er eit speilreflekskamera. Har ikkje hatt skikkeleg kamera å ta bilete med i haust, då eldste sonen vår flytta for å gå på skule og det var hans kamera eg hadde brukt tidlegare. Har snart bursdag, og då står pengar til eit Canon 600D eller eit 550D på ynskjelista. Her er nokre få bilete av det eg har laga. Har brukt photobucket til redigering før, synest det var tungvint, har no tatt i bruk photoscape, men synest ikkje bilete vert klåre, må finne ut kva som er gale. Kanskje det berre er det nye kameraet som manglar?? : )

Adventkalender
Her er nokre bilete eg tok i full fart(og dårleg lys). Sidan eldsteguten var flytta til Bergen for å studere i haust, tenkte eg at han måtte ha ein fin adventskalendar med litt diverse oppi. Dvs. det gjekk mykje på oppskrifter han hadde etterlyst i løpet av hausten. Posane vart difor fylte med oppskrifter og litt diverse ingrediensar til oppskriftene, der det let seg gjere, som krydder og liknande. Posane vart fylt oppi ei korg som stod på golvet, ganske koseleg, synest eg, og eg trur han som fekk dei også var godt nøgd.





Så lagde eg nokre små julehelsingar, inspirert av alt det fine Anita har laga. Har ikkje vore so ivrig på "papirarbeid" i haust, før det nesten var for seint, men då var det veldig kjekt plutselig!! Lagde også nokre Toffifee-øskjer som eg pynta, dei kan eg legge ut ein anna dag. Har strikka ganske mykje i haust, mesteparten vart gitt vekk som julegåver.

2 kommentarer:

  1. Hei - så kjekt at du endelig var tilbake :-) Gleder meg til mange blogg innlegg og inspirasjon her inne :-) Fint å se deg igjen :-)

    Hilsen fra Marianne fra Bergen

    SvarSlett
  2. Hey!
    Kjekt at du er i sving igjen med bloggen din!! Det har eg venta på! Men no er jo eg av de heldige som har fått se mye av alt det fine du har laga likevel! Myyye fint, som disse posene til adventskalenderen, kjempefine og litt av en jobb!
    Ikkje rart han som fikk dei blei glad!
    Gleder meg til vi får sitte litt i lag igjen og lage!
    Klem, Anita ;)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...