lørdag 8. februar 2014

LØRDAGSMIDDAG


I dag lagde eg wraps med kylling og grønnsaker. Eg veit ikkje kva eg kan kalle det, det liknar kanskje mest på fajitas. Godt var det i alle fall. Fyrst laga eg deiga, so laga eg til kvitløksdressingen og rett før deiga var klar steikte eg kjøttet og grønnsakene. Sette det litt til side og kjappa meg og lagde ferdig wrapsen.

Oppskrifta er berekna til 3 personar.

Wrapsen laga etter oppskrifta til Paul Hollywood. Har kjøpt meg to bakebøker med han, dei kan verkeleg anbefalast! (Bilete av dei i eit innlegg lenger nede i bloggen.)

WRAPS - 6stk.

250 gr. kveitemjøl
5 gr tørrgjær
5 gr salt
15 gr fint sukker
20 gr usalta smør, temperert
1,6 dl vatn
litt olivenolje til bordet, bakebollen og steikepanna


Eg blanda alt saman og hadde vatnet litt lunka. So tok eg litt olje på bordet og hadde deiga ned på. Deiga er laus so eg måtte strø på pittelitt mjøl. Deretter knadde eg deiga godt, til eg fekk ei blank, glatt og smidig deig. 5-8 min. står det i oppskrifta. So hadde eg litt olje i ein bolle og la deiga oppi. Lot ho heve i 1-1,5 time. Når deiga var ferdig heva, tok eg litt mjøl på bordet. Knadde deiga lett og delte ho i seks deler. Forma emna til bollar og lot dei kvile litt. Baka ut med kjevle til dei vart ca. 20 cm. Hadde litt olje i steikepanna og steikte dei 1-2 min. på kvar side. La dei i eit kjøkenhandkle slik at dei heldt seg varme.

Kvitløksdressingen fann eg ein gong tidlegare på bloggen til Elin Larsen,  det er ein fin blogg med mykje gode oppskrifter. Her er oppskrifta, eg lagde berre halvparten og det vart akkurat passe.

KVITLØKSDRESSING

100 gr. majones(eg brukar lettmajones)
130 gr. seterrømme(eg brukar lettrømme)
2 store fedd kvitløk - fersk og finhakka(ca. 12 gr)
2 ss sitronsaft
3 ss finhakka grasløk(brukte tørka)
salt
Rør saman og set i kjøleskåpet slik at den får stå og godgjere seg. Enkel og god dressing.

Kjøttfyllet kan varierast med div. typar kjøtt og krydder alt etter smak og humør. :)) I dag vart oppskrifta slik:

Meksikanskinspirert KYLLING

3 kyllingfiletar, skjært i tynne skiver litt på skrå og so delt i to igjen
1 rødløk i tynne skjever
1 løk i tynne båtar
1 rød paprika, strimla
1  grøn paprika, strimla
1 fedd kvitløk, hakka
3 ts mexicomix krydder(Søstrene Grene), bruk det du får tak i
litt nykverna pepar
litt aromatkrydder(Knorr)
eit lite dryss med litt hot fajitaskrydder(eg har ein boks med fajitasmix, veit ikkje kvar eg har kjøpt den).

Eg steikte kyllingen(nesten ferdig) i fleire omganger og hadde det over i ei skål. So hadde eg grønsakene i steikepanna og hadde kyllingen oppatt i. Deretter hadde eg i krydder og blanda godt. Lot det steike nokre minutt, til kylllingen var ferdig og løken blank. Smakte på det og kjente at det var perfekt.
Smak til med meir krydder om du ynskjer.

Server wrapsen med litt crispisalat, kylling- og grønnsakblandinga og ha på kvitløksdressing.
Skikkeleg kosemat. ;o))

Vart litt tidleg middag i dag pga.at yngstemann i heimen skulle på jobb i kveld. Egentlig heilt ok for då vert kvelden litt lenger på ein måte og eg fekk tid til å lage dette innlegget. ;))








onsdag 5. februar 2014

Endå eit år eldre ... :))



Søndag var det tid for litt familieselskap i heimen. Då hadde eg bursdag og vi feira meg og dotter til ei eg er tante til, ho hadde to dagar før og vart åtte år, eg vart litt meir ;))
Dei stilte med gode minicupcakes og cookies. Eg prøvde meg på ei oppskrift i kokeboka til Lise Finckenhagen, Slikkepott. Det var nøttebotn med bringebærfromasj, sjokoladeband og friske bær. Det skulle ha vore norske, friske bær, då hadde kaka vore supergod, no var ho litt lite smak på. Skal nok lage ho på nytt når det blir sommar. So laga eg marengsbotn med eggekrem, krem og masse god frukt og bær. Tilslutt hadde eg laga ei jordbæriskake med bringebærsaus. Det vart mykje frukt og bær, men det er jo deilig då.

Det eg hadde tenkt å legge ut oppskrift på er middagen eg laga i går:

Husbonden spør ofte kvifor eg ikkje brukar leirgryta meir eg som er glad i gryter med alt i eitt. Inspirert av ei oppskrift i kokeboka til Monica Csango, med saftige svinekotelettar sette eg i gong. Ho brukte rett nok ikkje leirgryte i omnen, men vanleg gryte på komfyren, men eg tenkte at dette må det vere fint å bruke leirgryta til og alt passar seg sjølv. Oppskrifta vart slik:

NAKKEKOTELETTAR I LEIRGRYTE
4 pers.

4 store nakkekotelettar – delt i to
4 løk, skjært i små båtar
2 fedd kvitløk, hakka
8 gulrøtter – delt i to på tvers og so på langs
1 ss paprikapulver
3 dl vatn
2 kjøttbuljongterningar
12-15 små amadine poteter
salt, nykverna pepar, aromatkrydder(Knorr)

Fyll leirgryta og loket med vatn og la stå eit par timar før du skal lage middag, iallefall ein halvtime viss du ikkje hugsar på det før. Set bakaromnen på 200 gr. Steik løken og kvitløken blank. Bland i paprikapulver. Ha deretter i vatn og buljongterningane. Bland lett saman og tøm det i leirgryta. Steik kotelettane lett og la dei få litt steikeskorpe. Legg dei lagvis i leirgryta saman med gulrøtene og potetene. Ha litt salt, nykverna pepar og litt aromatkrydder på kotelettane. Set på loket og set gryta i bakaromnen. Steik 45 min. på 200 gr. og 45 min. på 225 gr. Medan gryta kosar seg i omnen har du god tid til å vaske opp det vesle som er, dekke bordet og glede deg til middagen er klar. Eit godt brød eller baguettar er nydelige til å dyppe i den gode krafta som det blir rikeleg av. :))


Eg hadde baka baguettar ein kveld forrige veke, so det var greitt å finne dei i frysaren.

BAGUETTE med soltørka tomat

3 stk.
ca. 3,5 dl vatn
25 gr gjær
2-3 ss tyrkisk eller gresk yoghurt
3 ss soltørka tomat i olje
1 ss olje av tomatane
litt finhakka timian
1,5 ts havsalt
50 gr sesamfrø, gjerne rista litt i ei tørr steikepanna
500 gr kveitemjøl
200 gr sikta spelt 

Ha gjær, yoghurt, soltørka tomat, olje, timian og kaldt eller lunka vatn alt etter kor god tid du har i ein bolle. Bland litt, ha so i mjølet, sesamfrø og saltet. Elt deiga godt og set til heving. Når deiga har fått dobbelt storleik tar du den ut på benken. Deler den i tre deler og rull dei med lett hand ut til tre pølser. Snurr dei litt og legg dei på bakebrett med bakepapir eller på baguettbrettet om du har. Set omnen på 250 gr og etterhev baguettane ein 25-30 min. Set dei so i omnen. Fyrste 5 min på 250 gr, slå so omnen ned til 200 gr og steik ferdig. Følg med og sjekk at dei ikkje blir for mørke, legg evt. på litt aluminiumsfolie viss dei byrjar å få for mykje farge. 

 
Her har du då klar nydelege baguettar som kjempegode til suppe, gryter, pastarettar osb. ...

Det var middagen i går og vi kosa oss skikkeleg! :O))




fredag 31. januar 2014

Pizzabollar

Herlig med fredagskveld og frihelg. ;)) Middag og fredagskos vart enkelt og greitt pizzabollar. Det er lenge sidan eg har laga. I dag skreiv eg ned oppskrifta, elles blir dei berre laga kanskje ikkje på tilfeldigheita, men ut i frå erfaring heiter det vel. ;)) Dei er nok aldri heilt like. Kjøttsausen varierar nok mest, alt etter kva eg har i hus.
Slik blei oppskrifta i dag:

Pizzabollar
ca 25 stk.

Deig:
25 gr gjær
3-4 ss gresk yoghurt
2 ss god olivenolje(gjerne med smak av krydder el sitron)
1 ts havsalt
600 gr kveitemjøl
300 gr sikta spelt
ca. 5 dl vatn

Lunk vatnet litt, bland alle ingrediensane i ein bolle og elt til du får ei fin og smidig deig, juster
litt sjølv, men ikkje lag ho for fast. Dekk ho til og la ho heve til dobbelt storleik. Tar litt tid med so lite gjær.Trur mi stod 1,5 til 2 timar, gløymde heilt å sjå på klokka. ;((

Fyll:
1 pk kjøttdeig
1 rødløk
2 fedd kvitløk
½ rød el grøn paprika
1 stilk stangselleri
1 boks knust tomat
1 dl vatn
1 liten neve fersk oregano
pepar
ca 2 ts havsalt
1 ts basilikum
2 ts provancekrydder
½ liten boks mais

Finhakk rødløk og kvitløk. Steik kjøttdeig og ha i rødløk og kvitløk. Steik vidare til løken er blitt blank. Del stilksellerien opp i tynne skjever og paprikaen i små terningar. Ha det opp i kjøttdeiga. Ha so i knust tomat, vatn, oregano, basilikum og provancekrydder. Smak til med salt og pepar og la det småputre til du har ein tjukk saus, ca 5-10 min. Ha i maisen til slutt. La det kjøle seg ned medan deiga hever.

Når deiga er ferdig heva baker du ho til ein stor rektangulær leiv. Pass på at deiga ikkje set fast i bordet. Ha på kjøttfyllet, reven ost og evt. litt oregano. Rull saman og skjær opp. Legg dei på eit steikebrett med bakepapir på og steik dei ca.15 min på 225 grader.



Det ferdig resultatet såg slik ut.

Det er godt med ein liten salat til også, men dei står seg godt åleine og idag vart det kjapt slik då eg skal lage nokre kaker til bursdagsfeiring på søndag. ;o))






torsdag 30. januar 2014

Deilige kjeks :))


Eg elskar å bla i kokebøker og ei av dei siste eg har kjøpt er Monica Csango si, med tittelen, til å spise opp. Boka er berre herleg! Eg måtte berre prøve oppskrifta på cookies med sjokolade og maldonsalt. Det kan godt vere at oppskrifta ligg på bloggen hennar også.

Kjeksa var kjappe og enkle å lage, godt smakte dei også.







tirsdag 28. januar 2014

Mariann si tomatsuppe


I går var det berre eg og husbonden som skulle ha middag og då vart det ei heimelaga tomatsuppe med foccacia. Foccaciadeiga laga eg før eg gjekk på jobb om morgonen so ho hadde stått og godgjort seg heile dagen. Det fyrste eg gjorde når eg kom heim var å få ho til etterheving. Her er foccaciaen klar for omnen.

Suppeoppskrifta kjem her:

MARIANN si TOMATsuppe
ca 3 pers.

3 sjalottløk
¼ chili uten frø(den eg hadde var stor)
2 fedd kvitløk
1 kyllingbuljongterning
2 boksar knust tomat, eg brukte Mutti sine
4 dl vatn
1 liten neve med fersk, hakka oregano og timian
1 knivsodd smoked paprika krydder
2 dl matfløyte

Finhakk sjalottløk, chili og kvitløk. Ha litt olje i ei gryte og fres sjalottløk, chili og kvitløk til løken blir blank. Ha på knut tomat, vatn og smuldre i buljongterningen. Ha i ein liten neve med fersk, hakka oregano og timian.Det går nok bra med tørka krydder om du ikkje har ferske krydderurter. Litt nykverna pepar, litt havsalt og ein knivsodd smoked paprikakrydder. Smak deg fram. La det småkoke i ca. 20 min, ha i matfløyta og la det koke med dei siste 10 min. Viss ein ynskjer suppa glattare kan ein køyre den litt med ein stavmiksar.

Server med egg og parmesanost eller det du måtte ynskje. Hugs eit godt brød til :)) gjerne ein god foccacia.

Eg var i Bergen i helga og her er det eg handla med meg heim ;))

Eg har lenge vore på jakt etter Emmermjølet til Holli Mølle, dessverre er det ingen i Førde som har det. Eg har i alle fall ikkje funne det. Var difor godt fornøgd når eg fann det på tur til by'n. So då blei det mjøl og litt olivenolje som blei med heim og eg var godt fornøgd med da.

Måtte jo lage eit lite testbrød, brukte berre litt av det grovmalte Emmermjølet i brødet og brødet vart veldig godt. Skal ha i meir neste gong. Her er oppskrifta på testbrødet mitt:

TESTBRØD av EMMERmjølet

50 gr sesamfrø
100 gr Emmermjøl, grovmalt
400 gr kveitemjøl
12,5 gr gjær(1/4 pk fersk)
1 ts honning
2 ss tyrkisk yoghurt
2 ss god olivenolje
2,5 dl lunka vatn
1 ts havsalt

Rist sesamfrø i tørr steikepanne, til dei får litt farge. Avkjøl dei. Ha gjær, honning, olivenolje, yoghurt og lunka vatn i ein bolle. Bland litt. Ha i mjøl, frø, salt og elt godt i miksaren til du har ei glatt fin deig.
Set til heving til dobbel storleik, tar ca eit par timar. Ha evt. meir gjær i viss du har lita tid. Når deiga er heva tar du ho ut på bordet og eltar/formar ho lett til ein stor bolle, la ho ligge på bordet tildekka ein 20-30 min. Form so til eit lite brød og legg i ei lita brødform, fukt brødet og strø på litt sesamfrø viss du ynskjer. Etterhev ca. 30 min. Eg steikte det fyrst 5 min. på 250 gr og so skrudde eg ned til 190-200 gr og steikte det ferdig, ca 40 min. Eg pleier banke på det og sjekke lyden før eg tar det ut.

Det var kjøkkenkosen i går.


Yes, då skal eg kose meg og la meg inspirere av nokre flotte bøker. Gledar meg! :o))






lørdag 25. januar 2014

Natronlappar

Er på tur til "by'n"(Bergen) i helga. Deileg å kome seg ut av "stovedøra" av og til. Eg kjem her med eit tips til kaffikosen.


NATRONLAPPAR
ca 40 lappar

1 liter surmjølk
ca 1,2 liter kveitemjøl
1 egg
1 kopp sukker
1 ts natron
3 ts hjortesalt

Bland surmjølk, egg, sukker, natron og hjortesalt lett saman. Ha i kveitemjølet. Bland godt til ei klumpfri røre. Set steikehella på og få ho varm nok. Eg tar ei skål med mjøl og strør litt på hella, so tar eg ei lita ause med deig og har på hella. Strø litt mjøl på deiga og klapp forsiktig utover til passeleg storleik. Når deiga i lappane begynner å boble godt er dei klar til å bli snudd.
Slik gjer eg det, det er visst nok ikkje den riktige måten. Ein skal visst ha ei skål med mjøl, ha litt deig oppi skåla og forme deiga til ein fin lappe. Eg synest det høyrest so grisete ut og har funne min måte å gjere det på. Dessutan so likar eg å ha litt laus deig. Kor tjukk deiga skal vere lyt ein prøve seg litt fram med.

Her er det du treng for å lage gode natronlappar.

Resultatet vert kjempegode natronlappar og dei er nydelege med litt smør på, sukker eller brunost. Sylte er ulovlig på desse. :o))


Dei er gode dagen etterpå også, og kan fint frysast. Kos dykk! :))


torsdag 23. januar 2014

Heimelaga pasta og bologne av høgrygg

Heisann! Trudde eg skulle rekke å legge ut oppskrifta på bologne av høgrygg og heimelaga pasta i går kveld, men det vart for seint. No er ho i alle fall klar. Eg pleier å lage denne retten i helga sidan han tek litt tid og det vert for tidkrevande etter jobb, då blir det i alle fall sein middag. No hadde heimelaga pasta og kjøttsaus stått lenge på ynskjelista heime so då bestemte eg meg for å lage kjøttsausen nesten ferdig på tysdag og pasta på onsdag etter jobb.


Oppskrifta fant eg i eit matblad ifjor ein gong, trur det var i Tara smak. Har gjort litt endringar som vanleg :))

BOLOGNE AV HØGRYGG
6 pers.

3 gule løk
3 + 2 fedd kvitløk
½ chili uten frø
3 gulrøtter
600-800 gr høgrygg(evt. biffstrimlar)
150-200 gr bacon
2 ss oksefond(evt. ein kjøttbuljongterning)
4 dl vatn
2,5 dl rødvin
2 boksar hermetiske tomatar
¼ krukke fersk basilikum
nykverna pepar
salt

Skrel og hakk 3 kvitløk og løk. Finhakk chilien. Skrel gulrøtene og skjær dei i terningar. Skjær kjøtet i strimlar og strimle baconet. Ha litt olje eller smør på steikepanna, brun kjøtet, litt og litt. Ha det over i ei gryte. Steik so bacon, løk, kvitløk og chilien i eit par minutt. Tøm det over i gryta. Ha i gulrot, fond evt. ein buljongterning, vatn, rødvin og tomatar. Smak til med salt og pepar. Kok opp og la det småkoke i iallefall 1,5 time. Rør om av og til. Eg syntest den vart litt tynn, skulle nok ha kokt utan at loket var heilt på slik at dampen fekk kome ut og ikkje forsvann ned i gryta og vart til vatn. Det har eg nok gjort tidlegare. So eg hadde i 2 ss maisenna utblanda i litt vatn. Neste gong skal eg begynne med litt mindre vatn og heller spe mot slutten. Grovhakk basilikumen og 2 fedd kvitløk og rør det i gryta rett før servering. Smak til med evt. meir salt og pepar. Riv parmesanost i ei skål. Server sausen med pasta og revet parmesan. Og for ikkje å gløyme eit godt brød, baguettar eller liknande. 

Deiga til baguettane rørte eg i saman i full fart før eg gjekk på jobb onsdag morgon. Det skulle gå fort og eg fekk ikkje tida å notere ned oppskrifta, det er eg håplaus med på brødeiger. Då tar eg litt av det og litt av det. Skal skjerpe meg. Eg hadde i alle fall i kveitemjøl, solsikkekjerner, sesamfrø og litt tørka persille. Berre litt tørrgjør, kaldt vatn, litt tyrkisk yoghurt og litt god olivenolje.
Deiga var fint heva når eg kom heim. Eg tok deiga ut på bordet, delte den i to og rulla/strekte deiga forsiktig ut og snurra ho litt og la dei i baguettforma mi. Forsiktig slik at ikkje lufta skulle gå ut av deiga. Strødde på litt mjøl og etteheva i ca. 30 min. Pleier varme opp omnen til ca 240-250 gr og steike dei fyrst 5 min. på det og so skrur eg ned omnen til 200 gr og steiker 20 min til. Legg gjerne på litt aluminiumsfolie på slutten slik at dei ikkje skal bli for mørke.

Tysdag gjorde eg altså ferdig kjøttsausen bortsett frå å ha i basilikum og siste fedda med kvitløk, det gjorde eg på onsdag når eg varma han oppatt.

Onsdag etter jobb var det berre å hive seg rundt med pastaen.

Utgangspuktet for pastadeiga er 1 egg og 100 gr mjøl pr person.(har eg lese)  Det blir no rikeleg. Eg laga av 4 egg og 400 gr mjøl og det hadde nok vore nok til 6 personar. Eg brukar italiensk mjøl som blant anna er berekna til pasta, og er veldig fornøgd med da, har aldri laga med noko anna faktisk. Eg juksar litt og blandar egg og mjøl i miksaren til eg har ein deigklump og so set eg i gong og elte sjøl. Synest det er so grisete med å blande egga i mjølet på bordet. Deiga skal jobbast godt før ein legg ho i kjøleskåpet, minst ein halvtime. Eg er ingen ekspert på pasta so det er sikkert lurt å lese kokebøker eller andre bloggar før ein set i gong viss ein ikkje har gjort det før. Etter å ha fått hjelp av husbonden til å sveive pastamaskina var det berre å ha panna med kokande vatn og salt klar. Då må alt anna vere klart. Bordet dekka, brød, smør og pastasausen komt på bordet. Det tar berre ca 3 min. å koke den nylaga pastaen. So er det berre å ause opp og kose seg.


Det vart ein heil masse, kanskje har du dotte av lasset for lenge sidan? Viss ikkje er dette å anbefale i helga! Lagar du tiramisu til dessert vert det ein skikkeleg italiensk aften! ;))






Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...