lørdag 15. mars 2014

Ostesuffle og brød


 Heisan! No er det på tide med eit innlegg igjen. Dagane og vekene fyk avgarde, eg veit ikkje kor dei blir av. I dag har eg iallefall laga ostesuffle og baka brød til middagen.

Fyrst laga eg brødet, so fekk det kjøle seg ned medan suffleen steikte.

Laurdagsbrød ;-))
1 stk.
4 ss tyrkisk el. gresk yoghurt
12,5 g gjær
2 ss olivenolje med kvitløk
1 ts havsalt
50 g sesamfrø
50 g solsikkefrø
250 g sikta spelt
250 g kveitmjøl
2,5 dl lunka vatn
Valmuefrø til å strø på toppen

Ha alt sammen i ein bolle og elt godt i nokre minutt, til du har ei glatt og fin deig. Set den til heving og la den stå til ho har blitt dobbelt så stor. Tar litt tid med så lite gjær, har du lita tid kan du doble gjærmengda. Når deiga er ferdig heva kvelvar du ho forsiktig ned på bordet som er strødd med litt mjøl. Trill den forsiktig ut til ei lang pølse, del den i to og tvinn delane saman att. Legg i ei smurt form eller ha bakepapir i forma slik eg har gjort. Pensle med litt vatn og strø på valmuefrøa. Set brødet til etterheving ein god halvtime. Varm opp omnen til 250 grader, set brødet inn i omnen og steik 5 min. på 250 grader, senk temperaturen til 200 grader og steik i 30-35 min. Legg litt aluminiumsfolie over brødet på slutten viss du tykkjer det får for mykje farge. Avkjøl på rist.

Ostesuffle
4-5 pers.
3 ss smør eller margarin
3 ss kveitemjøl
2,5 dl lettmjølk
1/2 ts salt
5 egg
300 g ost, Tine sin reven ost med 4 sortar er fin.
1 boks bogskinke, kutta i terningar på ca.1x1 cm.
1/2 purre (mellomstor), kutta i tynne skiver

Smelt smøret i panna, ha i kveitemjølet og rør godt. Ha i mjølka og rør til du har ein tjukk saus/graut.Ta i saltet. Ha så i osten og eggeplommene og bland godt. Ha i skinke og purre og bland godt. Visp så eggekvitene stive. Rør litt under halvparten av eggekvitene i fyrst  med lett hand og bland deretter i resten forsiktig. Ha røra over i ei smurt eldfast suffleform. Steikast i bakaromnen 1 time på 175 grader nederst i omnen. Legg over litt aluminiumsfolie på slutten slik at den ikkje vert for mørk. Her må eventuelle gjester vente på maten og ikkje omvendt, for det tar berre nokre sekundar før suffleen dett saman. Serverast med godt brød og ein god salat.

Skulle det vere noko igjen er restane godt som pålegg på skiva dagen etter. :))













1 kommentar:

  1. Ser fantasisk ut! Du er berre flink, tryller fram det eine etter det andre!
    Snakkast i morgon! :)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...