lørdag 18. januar 2014

Prøver på nytt! :))

Halloen, prøver igjen etter ein laaaaang periode uten blogging. Det har vorte lite papirblogging og det har vore laga lite også. Eg har alltid likt meg på kjøkkenet og brukar ganske mykje av tida mi der. Eg har difor skifta namn på bloggen min til Marianns matgleder og andre gleder ... Tenkjer at eg skal prøve å få lagt ut ein del oppskrifter og bilete av det eg steller med på kjøkkenet og elles litt diverse som tidlegare.

Eg kan no begynne med dagens middag. Fekk lyst på Chili con carne i dag, hadde liggande ei gammal oppskrift i kjøkkenskuffa mi. Kom heim frå jobb i femtida og syntest det var litt tidleg å byrje på fredagsmiddagen. Var litt svolten so då laga eg kvar sin smoothie. Gjekk i kjøleskåpet og fann litt Sunniva appelsinjuice, litt yoghurt naturell og litt vaniljeyoghurt, i frysaren hadde eg smoothiemix med  blant anna blåbær, jordbær og banan. Det var ein god og kald smoothie og akkurat passe mat før middagen eit par timar seinare. :o))

 mmm ... nyyyyydelig!!

So var det tid for middag. Oppskrifta mi på Chili con carne har ikkje fersk chili i seg, den er nok ikkje av ny dato, sikkert laga på den tid det ikkje var so stort utval av grønnsaker som i dag. Eg er ikkje so bevandra i Chili con carne, men eg tykkjer oppskrifta er enkel og god.

Chili con carne
4 pers.

400-500 gr kjøttdeig(helst storfe el blanding)
litt olje
3 fedd pressa kvitløk
2 hakka løk
1 grøn paprika, del i strimlar
1 raud paprika, del i strimlar
1 ts chilipulver
2 ts karve
3 ss kveitemjøl
2 boksar hakka tomatar
1 boks kidneybønner
4 dl sterk buljong
litt pepar
evt. salt

Begynn med å steike kjøttdeiga i litt olje. Ha so i oppkutta løk og kvitløk og steik med til løken blir blank. Ha det over i ei gryte. Ha so på kveitemjølet og bland inn i kjøttdeiga og løken. Ha so i buljong, hakka tomatar og krydder. La det småkoke i ca 10-15 min. Ha deretter i paprika og skylte bønner og la det småputre 5 min. til. Smak so til med meir krydder og salt om du ynskjer det.

Server med ein salat, litt rømme og Maarud sin tortillachips med ost.
 Enkel og kjapp middag når ein har lyst på noko godt, men ikkje vil bruke so lang tid på middagen.

Då er det blitt laurdag og tid for å leggje seg, skal på jobb i morgon. God natt!!

Mariann

1 kommentar:

  1. Heeeey-heeey!!! :)
    Kjekt å sjå deg i sving i gjen på bloggen!!!
    Det at du legg ut matfristelsar MED oppskrift er jo perfekt for meg som ikkje er matlagar i det heile!!! Dette blir eit supert oppslagsverk når eg treng inspirasjon, og det treng eg jo heile tida ;)
    Ha ein fin dag på jobben og god helg!
    Anitaklem :)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...