søndag 21. april 2013

Hei og hå det er vår....

... på kalendaren min iallefall. Halloen, eg er oppe og går som vanleg :)), berre litt sløv når det gjeld å ta bilete og lage blogginnlegg. Vekene går fort og vinteren har vore fantastisk ikkje verken snø eller regn, det passar meg ypperlig. Vêret har no snudd, men vi treng nok regn og mildvêr viss det skal bli vår. Men den er no i emning, det kjenner eg på meg, for med våren kjem reiselysta og eg føler meg innestengt her eg går, blir rastlaus... Har diverre ikkje pengar og fri til å reise slik eg skulle ynskje, men det er lov å drøyme. Eit par turar er allereie bestilt og under planlegging og det kosar eg meg med. So eg har ikkje vore so produktiv akkurat, bortsett frå på kjøkkenet der finn eg roen og gleda.

I vinterferie kjøpte vi oss ei pastamaskin og her er nokre biltete frå fyrste gongen vi brukte den. Då lagde vi ravioli. Fyllet lagde vi utan oppskrift, men det smakte godt. So lagde vi ein god tomatsaus og hadde godt brød til. Kjempekjekt å lage eigen pasta, den smakar veldig godt. Kan verkeleg anbefalast. Eg skulle gjerne hatt ei litt meir avansert pastamaskin som kan lage fleire typar, men alt til si tid, vi får begynde med det enklaste. Eg brukar italiensk durumkveite. Har laga tagliatelle nokre gonger,  for eg har funne ei oppskrift på ein god kjøttsaus, som skal koke lenge. Den har ein kraftig, god smak og det synest eg ein pastasaus skal ha. So heimelaga pasta, god heimelaga kjøttsaus og nysteikt brød, det er alt ein treng for å kose seg ved bordet både vel og lenge. Det tar jo litt tid, men er ikkje vanskelig.


Vi har hatt sommarferien vår ganske ofte i Spania i løpet av dei tolv siste åra og her ein kveld kom eg på noko enkelt og godt vi av og til kjøpte til lunsj eller også til middag med salat, viss vi ikkje gadd å gå ut og ete eller ho mor(meg) ikkje hadde planer for middagen. Det var ein oval brødkrans fylt med pølse, spekeskinke eller kokt skinke og ost av diverse slag. Den var vakumpakka og berre å putte i bakarovnen nokre minutt. Heilt enkelt uten saus eller krydder.  Her ein kveld kom eg på at eg skulle laga min variant av Rosca som det heitte der nede. Min variant vart italienskinspirert! Eg steikte eit par brødkransar og avkjølte dei. So delte eg kransen og smørte på med litt god tomatpesto frå Oliviers og Co., du kan ha ein god pizzasaus eller liknande på også. So la eg på litt god spekepølse(Tind si spekespølse med sydlandske urter er fantastisk god) på eine halvdelen og restar av den italienske spekeskinka eg kjøpte i Italia i fjor på den andre halvdelen. Det er masse gode italienske og spanske spekeskinker å få kjøpt her, dei kostar litt, men er vel verdt det, synest eg. Til slutt la eg på fersk Mozzarellaost og litt urtekrydder. Inn i ovnen i ca 10 min eller til osten har smelta. Har du pizzastein bruk den. Det vart knasande sprø skorpe og det smakte ferie :))
Lurt å bake eit par ekstra brød når ein held på og so putte i frysaren. Då tar det ikkje so lang tid å lage seg noko godt!

Palmelaurdag var eg og Johan på hytta åleine. Det var nydelig vêr og då opna vi årets grillsesong.
Vi gjorde da enkelt med ei lita flintsteik, ein bukett brokkoli og nydelig potetsalat laga av nypoteter med gresk yoghurt, masse fersk rosmarin, kvitløk, ein skvett sitron, litt god olivenolje og litt krydder. So enkelt, men likevel nydelig.


Palmesøndag hadde eg lovd svigerinna mi brød til ei bursdagsfeiring. Det vart jo alt for mykje brød, men når ei fyrst fyrer opp steinbakarovnen må ein bake litt meir enn tre brød. Og resten kunne dei berre putte i frysaren.
 Nokre av deigene hadde eg laga kvelden før. Det var lenge sidan vi hadde fyrt opp ovnen so eg storkosa meg og det gjorde fyrbøtaren også ;))




 Påska stod i bakarovnens teikn. Og familiens teikn sjølvsagt, ein stor del av gleda ved å bake eller vere på kjøkkenet er jo nettopp å glede andre med eit godt måltid. På hytta har vi ope kjøkken slik at eg kan sjå rett ned i stova og prate med dei andre og det er supert. Bakarovnen vart fyrt opp kvar morgon og eg berekna middag som kunne lagast i bakarovnen. Det vart steikt alt frå lambelår, kylling, grønnsaker, poteter, paiar, brød og bollar. Skulle berre ha tatt litt fleire bilete.
Påska var jo fantastisk, kan ikkje hugse sist vi har hatt so fint vêr i påska. Vi kosa oss ute og inne. Og masse besøk hadde vi også! Skjærtorsdag hadde vi tradisjonen tru påskelunsj for mine sysken med familie, då var vi 25. Då begynder det å bli liten plass, men alle fekk mat og eg trur alle kosa seg, det var iallefall spørsmål om eg var klar igjen  til neste år? :)) Langfredag og påskeafta hadde vi også middagsbesøk, men då var vi berre 9..



Det var lite snø i fjella og dårleg føre, men det var desto meir trafikk på isen. Eg har aldri vore med på ei påske i Haukedalen med reine folkevandringa på isen. Det var nokon som hadde fiska og målte isen til 1 meter og då torde sjølv eg meg utpå den. Er nemleg generelt skeptisk til å gå på islagde vatn.
Her er vi på isen og ser innatt til hytta og "bakeriet".


Måtte berre oppatt helga etter påske for å bake litt meir. Kunne ikkje bruke nokon av påskedagane til den store bakedagen :))

 Til slutt eit bilete av ein kjole/tunika eg har laga. Brukte mønsteret til Pickles. Trur den passar i str. 1 år, la med ein rosa og kvit body og ei rosa strømpebukse, håpar det kan bli brukande. Held på med nokre tubesokkar, men det går seint... Held for tida på med nokre gode bøker og då sluker dei meg heilt og so må eg lage konfirmasjonskort neste veke.

 Ha ei ein fin søndag!

Mariann


søndag 17. februar 2013

Snart vinterferie.....


Kjenner at det skal bli deilig med eit par fridagar i slutten av neste veke. Akkurat no er vêret skikkeleg elendig, men vi har no hatt knallvêr lenge og meldingane for neste veke er ikkje so verst. Men eg stolar ikkje på dei, typisk med dårleg vêr i vinterferien. Har veldig lyst til å reise på hytta og bake litt og kanskje få nyte sola. Vi får sjå kva det blir til. Vi var oppe ein tur forrige søndag for å sjå til at alt var ok. Vêret var nydelig og her kjem nokre bilete.
Må berre ta med eit par bilete eg tok i bilen. Sat og irritert meg over at det var is inne i fronttruta på bilen og at det tok lang tid før det forsvant(vi måtte låne ein bil då dynamoen på vår var kaputt, heldigvis reklamasjon), men so begynte eg å studere på isen og den var jo kjempeflott, verkeleg verdt ein studie og nokre bilete.


Det har vore arbeidshelg. Dvs. at eg er ferdig kl 14.00 på laurdag, medan husbonden jobbar frå laurdagskveld til rundt kl 04.00 natt til søndag. Laurdag ettermiddag går som regel med på kjøkkenet for å lage ein god middag før han skal på jobb. Har sete og kikka i diverse gamle interiør-/matblad og har funne nokre oppskrifter eg har lyst til å prøve ut. Laurdag vart dette testa ut:
Tomatsuppa var heilt ok, ikkje sånn supergod, men foccaciasnurrane var nydelige og ville vore super til eit ostebord! Bileta er ikkje heilt gode, alt for dårleg lys som vanleg og so stod kamerat på feil innstilling og det oppdaga eg litt for seint....

Oppskrifta på "foccaciasnurrane" er:(funne i tara smak okt/nov 2012)

8 stk porsjonsfoccaia
150 gr pistajnøtter uten skal
25 gr fersk gjær
3 dl lunka vatn
5 dl kveitemjøl til finbakst(300 gr), eg brukte vanlig kveitemjøl
2 dl durumkveite(130 gr)
+ 1/2 dl til utbaking
2 +2 ss olivenolje
1 1/2 ts salt
2 kvister fersk rosmarin
1/2 havsalt

Hakk nøttene

Smuldre gjæren i ein bakebolle. Ha i lunka vatn og rør til gjæra er oppløyst. Sikt i mjølet, og ha i halvparten av nøttene (eg skal ha 3/4 av nøttene i deiga neste gong), olje og salt. Arbeid saman til ei laus deig, bruk gjerne kjøkkenmaskin, i ca 5 min. La deiga heve tildekka på ein lun stad i ca 30 min.

Ha deiga ut på mjølet underlag. Skjær i åtte like store betar med deiskrape eller kniv. Form dei til ganske lange rektangler. Vri dei lett og legg brøda på bakeplate med bakepapir på. La dei etterheve i ca. 20 min.

Set omnen på 225 grader.

Pensle med 2 ss olivenolje over brøda. Trykk ned små groper i dei med fingertuppane.
Plukk blada av rosmarinen og grovhakk dei. Dryss rosmarin og resten av nøttene og havsalt over brøda. La dei stå 5 min.

Steik brøda midt i omnen til dei har fått fin farge, det tar ca 15 min.

Eg smurte litt krydderost på dei, og hadde litt spekepølse inni,(Tind har ei nydelig spekepølse med sydlandske urter, kan verkeleg anbefalast) og det vart kjempegodt. Desse brød skal eg lage seinare, dei var gode og kan brukast både til mat eller åleine med godt fyll i.

Fann ut at vi måtte ha litt dessert også :))

Held på med eit tredje sokkepar, det burde eg ikkje ha gjort! Det går veldig seint når ein begynner å bli lei.... men eg skal skjerpe meg og bli ferdig i løpet av eit par dagar. Har lyst å byrje på noko nytt ;) Laurdagkvelden vart tilbringa i ro og fred, heilt åleine.
Elles so må eg berre ta med bilete av den nydelige orkideen vi fekk med Anita og co. Den står på salongbordet og er eit flott syn. Tusen takk!!

Ynskjer alle ein super søndag!!

Mariann :o))

søndag 3. februar 2013

Nye miksara og litt til...

Her fyk vekene, trudde eg skulle rekke eit innlegg i veka, men veka forsvann...
Kanskje eg har vore for opptatt med den nye miksaren min?? Har lenge ønska meg ein ny mellomstor miksar. Eg har ein stor Kenwood til større arbeid, so har eg ein liten handmiksar til småtterier og so har eg ein gamal og god Phillips mellomstor miksar. Den er nok rundt 30 år no, men har vore ein trufast slitar. Den går endå so eg skal ikkje kaste den, tenkjer den får gjere resten av tenesta si på hytta. Til saka, eg bestilte meg ein Kitchen Aid miksar. Den er altfor dyr i forhold til motorkraft osb., men den er nydelig fin og akkurat same motorstorleik som den gamle Phillipsen som skal bytast ut. Akkurat passe til mellomstore jobbar. Forrige tysdag fekk eg beskjed om at no var han komen, eg måtte avstad og hente den rett etter jobb sjølvsagt. :)) Eg fekk med den store glasbollen i prisen, og eg tykkjer det er ok å ha to bollar, so det var eg godt fornødt med.

Her er den nye kjøkkengleda mi. Rett og slett lekker... håpar den er like sterk og holdbar som den gamle då, det bør den vere ut i frå prisen!

Prøve han måtte eg jo gjere same dagen, sjølvsagt.

Har egentlig fått meg ein "ny" miksar til.

 Har fått fat i ein gamal Assistentmiksar. Den skal på hytta og eg er spent på kor lenge den går. Eg må nemleg ha meg to miksara på hytta når eg skal lage mange deigar til steinbakaromnen. I heile fjor haust tok eg med meg Kenwooden min på hytta. Det er litt upraktisk, so no skal eg avstad å kjøpe meg ein ny Kenwood ogso skal den stå på hytta i lag med Assistenten.

I tillegg til testing av det nye vidunderet har det vore litt rydding og vasking i heimen.
Det har nemleg vore litt bursdagsfeiring i heimen i helga. Eg hadde bursdag i går. Eldste son min hadde 16.jan.og dotter til ei eg er tante til hadde bursdag på torsdag. Då slo vi tre fluger i ein smekk og feira i lag. Det er jo praktisk og slå seg saman, for då blir det litt fordeling på matlaginga. Det er ikkje det at det ikkje er kjekt, men det er tida, å rekke alt. Det var litt saltmat og litt søt mat.... Det var blant anna Tacograteng etter oppskrift på Trines matblogg og so var det Chicago style pizza der eg tok utgangspunkt i oppskrifta på bloggen til Passion4baking og so endra eg litt på fyllet i eit par av dei. Det såg ut til at folk kosa seg. :o)


Og so vart det litt bordpynt i full fart. Var i garasjen og henta ein stokk av noko rekved eg har hatt liggande i fleire år. Opp i hagen og fann litt bjørkeris, surra det rundt med sølvstreng og litt kvit glittertråd. Litt tulipar og lys, jepp det fekk halde. Det kom ikkje heilt fram på bilete slik det er i verkelegheita, for eg synest det vart ganske ok.



Elles so kan dette anbefalast:
Har laga Granola, det er nydelig godt å ha i yoghurten. Eg greier ikkje å ete yoghurt naturell slik som han er, det er sjølvsagt det sunnaste, men so sunn er ikkje eg, det må vere fruktyoghurt.
Fann utgangspunktet på bloggen Trinesmatblogg(flott blogg med mykje gode oppskrifter) denne gangen også, oppskrifta er slik med mine endringar:

  • 250 gram økologiske havregryn
  • 50 gram solsikkekjerner
  • 50 gram sesamfrø
  • 5o gram mandlar, grovt hakka
  • 50 gram valnøtter, grovt hakka
  • 50 gram hasselnøtter, grovt hakka
  • 25 gram brunt sukker
  • 2 klyper maldonsalt
  • 1 dl eplejuice, eller annan fruktjuice
  • 1 ss honning, f.eks. flytande Akasie honning
  • 1 ss solsikkeolje eller smør
  • 1 ts vaniljesukker
  • 30-40 gr tørka banan, eg delte dei opp for hand i mindre betar
  • 30-40 gr tørka jorbær, kutta opp i små betar
  • 30-40 gr tørka ananas, kutta opp i små betar
  • 50 gr rosiner
  •  
  • Eg har laga ein porsjon uten nøtter, så viss du ikkje tåler/likar nøtter kan du bytte ut nøttene med gresskarkjerner og linfrø f.eks.
Bland alt det tørre, unntatt sukker og tørka frukt. Bland eplejuice, olje, sukker og honning i ei panne og varm det til alt er oppløyst. Bland det so i det tørre og rør det godt saman.
Fordel blandinga utover eit bakebrett med bakepapir på. Steik det  midt i omnen på 140 grader i ca. 50 min. Set alarmen på slik at du hugsar å røre litt i det kvart tiande minutt, då får du best resultat. Etterpå let du blandinga bli godt avkjølt før du tilset den tørk frukta. Ha det opp på eit stort, tett glas. Den skal vere haldbar i ein månad. Eg har laga eit par glas og gitt vekk og må snart lage ny til oss sjølve, for dette fekk føte å gå på.


Tilslutt kjem oppskrifta eg lovde å legge ut på Focaccia, anar ikkje kor eg har den i frå, har hatt den i
mange år.

30 gr gjær
 3 dl lunka vatn
 1 ts sukker
1 ts salt
2 ss olivenolje
ca 6,5 dl kveitemjøl
+ olivenolje til å smøre forma med


På deiga:
1-1,5 dl god olivenolje
5 ts maldon salt
evt. kvistar av rosmarin
eller eg brukar ofte små tomatar som eg deler i to og har oppå, og eller løk i tynne ringar. Eg brukar like gjerne litt provancekrydder i staden for rosmarin, det er litt etter kva eg har i hus. Du kan også ha på skjever av kokte poteter, i Italia har dei diverse på Focacciaen, men alle vi åt smakte nydelig.

Rør gjæra ut i vatnet, ha det i ein bakebolle saman med sukker, salt og olje. Ha i mjølet og elt godt. Du kan gjere det i ein miksar, eg tar det like gjerne for hand når det er ei so lita deig. Set deiga til heving i ca 30 minutt. Smør so ei lita langpanne, ei ilfast form eller liknande(ca20x25-30cm). Tøm deig oppi og trykk den utover til ein ca 2 cm tjukk leiv. La den heve i 30 nye minuttar. Lag so fingerhol i deiga, tøm på olivenoljen, ha i evt. halve små tomatar, løk, krydder eller kva du ynskjer. Ha tilslutt på saltet. Steik brødet på 200 grader, nede i omnen i ca 20-30 minutt. Et og nyt, men bruk det same dag som det er laga.

Då ynskjer eg alle ei super veke!!

Mariann




søndag 27. januar 2013

Lett miks!!

Då var det helg igjen, har hatt arbeidshelg, men det er heilt greitt når vi no berre jobbar kvar tredje helg. Det er rett og slett fantastisk herleg. Innlegget blir ein lett miks som vanleg. Legg også ut nokre oppskrifter, viss noko eg har laga kan freiste ;)) Kjekt at nokon legg igjen kommentarar og spør om oppskrifter.
I dag har eg vore flink synest eg og skrive ned fleire oppskrifter. Fredag var det reke- og krepsesalat med nybakt brød som stod på menyen. Skunda meg heim frå jobb og laga salat og deig til brødet. So var det ut og trille ein storsekk med ved oppom huset medan deiga heva, puuh... det gjekk akkurat. Oppskrifta på salaten har eg fått av ein kollega og so har eg tilpassa den litt slik det passar meg. Brødet prøvde eg å lage med tanke på at det skulle passe til salaten. Oppskriftene ligg under bileta.


Reke- og krepsesalat. (4-5 personar)

250 gr tricolor pastaskruer
1 gulrot
1/2 raud paprika
1/2 grøn paprika
1-2 fedd kvitlauk
1/2 raud lauk
1 boks krepsehalar
2 boksar reker (ca 400 gr)
3/4 liten rund fiskepudding

Dressing:
1 beger lettrømme
1 1/2 dl lettmajones
salt
nykverna svart pepar
litt kraft frå rekeboksen
gjerne nokre dråpar med sitronsaft viss du har liggande ein sitron på lur.

Kok pastaen med litt olje i vatnet og avkjøl. Del gulrota i tynne strimlar. Del paprikaen i strimlar. Press eller finnhakk kvitlauken. Del raudlauken i små bitar. Og del opp fiskepuddingen. Bland alt i ei skål, hald gjerne av litt reker og krepsehalar til pynt. Bland dressingen, smak deg fram med salt og pepar. Eg brukar ikkje mykje salt, for rekene og krepsehalane er salt nok nesten. Bland deretter dressingen i salaten. Lag den gjerne i god tid slik at han får stå i kjøleskåpet og godgjere seg. Den er like god dagen etter!

Server den med godt brød.

Her er oppskrifta på brødet eg laga. Eg miksa i hop ei deig eg tenkte ville passe til smakane i salaten, og det vart ikkje so verst det :) Prøvde å notere meg kva eg brukte, pleier oftast berre blande det eg kjem på.

"Fiskebrød"
3,5 dl vatn
ca 600 gr kveitemjøl
25 gr gjær
1 ts dill
2 ts tørka persille
1 ts halvsalt
2 ss olivenolje, gjerne olivenolje med sitron i
1 dl tyrkisk el gresk yoghurt
 Fyll:
Litt svarte oliven
2 fedd pressa kvitløk

Lunk vatnet litt. Ha mjøl i ein bolle, smuldre i gjær. Ha i dill,persille, salt, olivenolje og yoghurt. Bland i vatnet og elt deiga godt. Juster med mjøl el vatn alt etter som, ikkje lag for fast deig. Hev ein times tid. Etter heving klappar/kjevlar du deiga utover. Eg hadde på litt svarte oliven og to fedd pressa kvitløk.Viss du ikkje vil ha i oliven kan du evt. ha kvitløken i deiga når du lagar den. Eg slit litt med å like oliven, men eg har ein i huset som tykkjer det er godt. Eg hadde ikkje so store mengder i og dei kunne lett plukkast ut. Rull deiga saman og ha det i ei godt smurt form. Eg burde ha brukt ei større form. Pensle med litt vatn og strø på valmuefrø. Etterhev ein 20-30 min. Steikast på ca. 190 grader i 35-45 min.
La brødet avkjøle seg på rist og nyt eit godt måltid!

So har eg gjort ferdig sokkane eg lovde husbonden. Har strikka ei enkel kvardagshue til han også, håpar ho blir brukande. Skal strikke ei hue i brunt til han, men må finne meg eit mønster eg vil bruke. Hua er strikka i Nepal(Drops), eit herleg garn.

Laurdagsmiddagen vart ei suppe som eg likar godt. Eg er veldig glad i supper, men vi har det altfor sjeldan då yngstemann i huset, meiner at suppe ikkje er middag. Han er vekkreist i helga so då benytta vi sjansen ;))
Eg laga ei Gulasjsuppe og eit brytebrød til. Oppskrifta på gulasjsuppe har eg frå ei gamal suppebok  til Norske Meierier. Oppskrifta kjem her:
Gulasjsuppe
Det står 4 pers. i oppskrifta, men eg vil sei her blir rikelig suppe til 3, men forlite til 4.
3 poteter(eg pleier bruke både 4 og 5 alt etter storleik)
1 raud paprika
2 løk
1 fedd kvitløk
1-2 ss smør(el olje)
200 gr(gjerne litt meir) beinfritt oksekjøtt, f.eks. rundbiff

3 ss tomatpure
6 dl kjøttbuljong(eg brukar vatn og 1 1/2 buljongterning)
4 dl lettmjølk
2 ts paprikapulver
1 ts oregano
salt
pepar
persillegrønt
1. Skrell poteter og løken. Skjær potetene i skjever og hakk løken. Skjær paprikaen i strimlar og kjøttet i små terningar.
2. Fres løk og kvitløk i litt smør eller olje. Ha det over i ei gryte/panne. Steik så kjøttet litt, la det såvidt ta farge. Ha det oppi gryta saman med løken.
3. Rør inn tomatpure. Ha i potetene og paprikaen. Tilsett buljong og mjølk. La suppa koke i ca. 15 min. til potetene er møre.
4. Smak til med salt, pepar, oregano og paprika. Pynt med persillegrønt.

Nydelig supe som eg anbefalar, kan gjerast ferdig i god tid, gjerne dagen før og so berre varmast oppatt før bruk. Eg har laga ho mykje både til oss sjølve og i større lag. Lagde den blant anna til min 40-års dag og då var vi over 60 personar.

Her er resultatet
 Brødet eg laga var ei oppskrift er fann på nettet på Passion 4 baking.(Nydelig blogg det er vert å ta ein kikk på.) Har fått forespørsel på oppskrifta på Focacciabrødet, eg skal legge ut oppskrifta på Focaccia ein dag seinare :)

I går kveld og natt var min kjære på jobb og yngste mann på tur. Eg sat difor åleine og kosa meg so godt eg kunne. Eg hadde ikkje problem med det. Eg har bøker på gong...
Det blir nok både vinter og vår før eg blir ferdig, har ikkje nok timar i døgnet...

So har eg fått eit par nye blad i posten denne veka som eg har spart til helga. Og ikkje minst kunne eg sette i gang med nytt strikkeprosjekt, rakk nok ikkje alt i går kveld nei, men det er jo søndag i dag og nok ein dag til å kose seg...

I dag har vêret slått om og det bles godt ute, tenkte eg skulle ha meg ein tur ut, vi får sjå det an, viss ikkje står tredemølla klar til bruk.....

Nyt søndagen!!

Mariann


onsdag 23. januar 2013

Strikking og baking... og ny klokke.


Her går livet sin vante gang, heldigvis får vi vel sei :) Har ikkje so mykje spennande å bidra med, men eg bloggar no om det vesle eg har.

I forrige innlegg viste eg bilete av nokre sokkar eg hadde begynt på. Dei er no ferdig og eg er godt i gang med eit par til husbonden. Dei eg er ferdig med er strikka i Karisma, dei eg held på med no er strikka i Sterk frå Du Store Alpakka. Det er eit sokkegarn og eg har aldri vore bort i eit so mjukt og godt sokkegarn. Det er godt å strikke med og vert ganske jamt og fint også. Har tenkt å bruke garnet til ei hue og litt diverse seinare for det var eit herleg garn.

Ser at fargane ikkje er heilt bra her, det er ein nydelig brunfarge, men det viser ikkje på bilete...

Elles so har eg baka litt som vanleg, har fått litt dilla på knekkebrød i det siste, det er enkelt og greit å lage og vert godt mottatt i heimen. Har sendt ei ladning inn til studenten vår i Bergen også :) Eg fant oppskrifta for ei stund sidan i skuffa mi og tenkte at no er det på tide å lage knekkebrød etter gamalt, hadde heilt gløymt kor gode dei er. Eg hadde rabla ned oppskrifta på eit ark, men det er nok ei kjent oppskrift som ligg ute på nettet. Her er den iallefall:

Bland alt det tørre i kjøkkenmaskina. Bland 1 ts honning ut i vatnet. Tøm det opp i kornblandinga og rør godt. Ta deiga og fordel den utover to steikebrett(med bakepapir på) slik at du fyller heile bretta. Set i omnen på 180 grader(eg brukar varmluft) i ca 10 min. Skjær dei opp i passe betar med eit pizzahjul og set tilbake i omnen og steik vidare i 30 min. Eg bytter om bretta etter 15 min. Når dei 30 minutta er gått tar du av bakepapiret og legg delane på to bakerister. Set dei innatt i omnen på 100 grader i 1 time. Også her bytter eg om på bretta etter ein halvtime. Sjå på dei undervegs og følg med. Slik får du harde og sprø knekkebrød. Her hjå oss står dei i ei skål eller brødkorg på bordet, og då minkar det jamt og trutt :o).

Og når vi fyrste har bakeånden lagar vi litt meir..

Elles so har eg tenkt lenge eg skulle kjøpe meg ei stor klokke til eine veggen i Tv-stova. Den vart jo oppussa i fjor vinter. Mandag var eg utom på HeidiBo, ho har hatt inne ein del fine klokkar som eg har sett på før. Eg tenkte at det er vel litt tidleg med nye varer no etter jul, men jammen hadde ho fleire flotte og tøffe klokker. Eg trur eg gjorde rette valet, eg er iallefall kjempefornøgd med ho.
 Her er nokre bilete frå Tv-stova. Eg lovde ifjor og kome med bilete når vi var ferdig med å pusse opp, men det trur eg har gått i gløymeboka. Her kjem difor nokre få bilete.

Det var det eg hadde for denne gong. Må strikke litt meir. Har lovt han mjuke, nye sokkar til helga :))
Ha ein fin kveld!

Mariann

tirsdag 15. januar 2013

Kos

Vi har nydeleg vêr for tida. Litt kaldt, men det er jo januar.. Har ikkje so mykje å fortelje om anna enn at eg kosar meg med mørke etterjulskveldar. Slappar av, trimmar litt, kosar meg med bøker, blad, strikking og matlaging. Masse levande lys og fyr i omnen, då har eg det bra.

I helga var vi ein tur til Bergen til studenten i familien. Han fekk ikkje med seg alt inn att etter jul og då tok vi like godt turen inn med resten og so fekk vi lufta oss litt.
 Det var nydelig vêr og vi rusla litt i by'n på lørdag. Vi var innom Pastasentral og kjøpte oss fersk pasta og so var vi innom Oliviers & Co. og spanderte på oss ein nydelig pastasaus med tomat og peanøtter. Eg elskar å gå innom sånne butikkar som Oliviers & Co. Kan verkeleg anbefalast dersom ein er interessert i mat. Tilbake i hybelleilegheita måtte vi sjølvsagt lage oss ein god Focaccia til kveldens middag. Og so bakte vi like godt eit par grovbrød når vi fyrst var i gong. Det er ein gamal hybelkomfyr, men bakaromnen fungerar utmerka.
Elles so vart da litt snoping til meg sjølv. Har to av dei andre bøkene til Manuela, so då måtte eg berre ha den siste. Nytt interiørblad til Jeanne d' Arc Living er jo kjekt å kike i og ei brødbakingsbok er jo ikkje å forakte. Juleboka til Jeanne d' Arc Living den kom i posten heime rett før vi for. So no kan eg kose meg i mange dagar... Elles so er det alltid kjekt med litt nytt garn. Har som nemnt før, eit par gensara liggande som eg ikkje er ferdig med, men eg hadde lyst på eit litt mindre arbeid. Difor kjøpte eg garn til eit par sokkar. Har laga nokre av desse før(http://www.garnstudio.com/lang/no/visoppskrift.php?d_nr=135&d_id=44&lang=no), men då med Ekstra Fine Merino, det er for dårleg til sokkegarn og kjøpte no Karisma og prøver det.

 So no kosar eg meg og gjer akkurat det eg har lyst til... so får husvask og klesvask takast ein annan dag ;o))

Skulle gjerne vore i Bergen i morgon, då har Eirik bursdag, men vi får ta igjen feiringa når han kjem heim om eit par veker. Då har eg bursdag so då slår vi to fluger i ein smekk og feirar i lag.
 Ha ei kooooooseleg veke!
Mariann

mandag 7. januar 2013


Hallo, her kjem eit livstegn i frå meg. Det er so sjeldan eg rotar meg til med nye innlegg at eg burde kanskje berre legge ned heile bloggen. Trur stadig eg skal forbetre meg, men da ser heller dårleg ut. Ser mange har laga flotte årskavalkadar over alt det flotte dei har laga ifjor. Det er imponerande og kjempekjekt å sjå kor mykje flott folk lagar! Eg kjem med ein oppsummering av hausten 2012.

Her i heimen kan ein trygt seie at hausten 2012 har stått i DEIGA og BRØDBAKINGAS tegn. :o)
Her kjem nokre bilete frå haustferien i oktober, omnen vart då testa både på baking og middagsmat. Vi lagde middag, kledde godt på oss og sat på uteplassen og koooosaaa oss... Det har vorte ein del pizzakveldar også, italiensk pizza sjølvsagt. På bilete under har vi laga heilstekt lambelår og stekte poteter og grønnsaker, det smakte nydelig.

Ein liten pause...

Omnen tar mellom 24 og 26 brød. Den har vore oppfylt mange gonger i haust. Det har ikkje vore problem å bli kvitt brøda heller ;o) Mange i familien, vener og naboar har ikkje takka nei til nystekte brød.

Det har vorte dårleg med handarbeid i haust... Eg har laga meg ein Dorte Skappelgensar, held på med eit par gensara til og so har eg strikka eit par halsar og sydd nokre mobiletui. Det som er ferdig vart gjeve vekk til jul og eg har gløymt å ta bilete. Her er nokre få bilete av nokre kort eg har laga.

Elles so vart da fort november og julebaksten skulle gjerast. Som de kanskje skjønar so er eg glad i å bake og lage mat.... so dei som er lei av mat anbefalar eg å avslutte her ;)

Vi har tradisjon for å lage julepølser saman med nokre vener av oss. Det er alltid koselig å treffast ein av fyrste søndagane i advent og lage julepølser og so avsluttar vi med ein julepølse middag.
Litt førjulskos på hytta og uteplassen vart det også tid til...

Må berre sei at eg er kjempefornøgd med bakebordet som mannen min lagde til, vi fekk eit gamalt bakebord, jippiiii, det var nesten dobbelt so stort. Det vart skura og vaska. Snikkaren i huset, delte det og lagde det perfekt til på uteplassen. Det kan slåast ned når det ikkje er i bruk. Og det er stort og godt og perfekt til å bruke til pizzabaking, det må nemleg gjerast på plassen.

 Inn i mellom alt dette greidde eg å melde meg på ei julemesse. Hadde bestemt meg for at det skulle eg ikkje i år, men når eg vart spurt om å vere med greidde eg ikkje å la vere. Fekk ikkje levert all verden, men litt blei da og selt blei da også, so det var jo veldig kjekt. Skal forberede meg betre til neste år.... kanskje...

 Pynta ein del toffifee øskjer også. Her kjem nokre smakebetar.



 Då nærma det seg jul og 22. desember har vi tradisjon på å ha "pakkebytedag" her hjå oss. Då er da "ståande" buffet med litt diverse godsaker på bordet. Litt salt og litt søtt og sjølvsagt gløgg og peparkaker. Det er veldig lite høgtidleg, men veldig koseleg. I år var det ca 35 innom, so då lyt ein sitte litt her og litt der.

So kunne jula begynde, det vil sei det er framleis litt matlagning igjen. Yngste mann i heimen er fødd 25.desember og då har vi stort familiekalas. I år vart det gryterettar, salat og brød. Mor mi laga ei gryte og eg laga ei gryte. Det går litt mat til ca. 30 personar! Etterpå var det kaker og kaffi til dessert. 2.juledag senka roen seg fullstendig i heimen. Då var det tid for å begynde å lese på nokre av bøkene som stod på ynskjelista mi og som eg var so heldig å få i julegåver.

Då skal eg gje meg, de er sikkert leie og dotte av lasse for lenge sidan.... Eg har aldri nyttårsforsett, men eg burde ha eit om oftare blogginnlegg viss eg fortsatt skal ha bloggen. Og eg har ikkje lyst til å gje meg heller for det er jo moro når eg berre set meg ned og set i gong.

Då ynskjer eg alle eit STRÅLANDE NYTT ÅR! og ein fin måndagskveld!

Mariann

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...