fredag 24. desember 2010

GOD JUL!

Heisan, her har det vore ei travel veke, so her kjem endelig innlegget med advendtskalendaren som eg trudde eg skulle få lagt ut i helga. Den er laga etter modell til Mariann.no. Eg såg den på bloggen hennar i fjor før jul og syntest den var fantastisk fin. So i år måtte eg prøve meg på ein. Den var veldig kjekk å lage, mykje arbeid med å feste pakkane inni slik at dei dett ned i riktig rekkefølge. Den er laga til ein av mine tanteungar, Maria på 12 år, ho er veldig flink og glad i å lage kort ho også, den er difor fylt med ting til scrapping. Vil elles ynskje alle ei FANTASTISK FIN JUL og eit STRÅLANDE nytt scrapping år! Og ikkje minst TUSEN TAKK for alle koselege henvendelsar etter at eg var på Norge Rundt forrige fredag!










lørdag 18. desember 2010

Norge Rundt

Heisan! Eg var på Norge Rundt i går kveld:) Artig å få vere med. Viss de har lyst til å sjå det er det berre å gå inn på nrk.no nett-tv og søke opp Norge Rundt. Elles tusen takk til alle fine tilbakemeldingar eg har fått i går og i dag. Hadde tenkt å lage eit innlegg med diverse bilete, men dei ligg på minnebrikka som son min har med seg på tur i helga, håpar å få til eit innlegg i morgon kveld med blant anna ein adventskalendar eg har laga. Her eit bilete av ein pose eg har laga. Den ser visst litt rar ut, den burde vore tatt bilde av uten å vere full av twist.

søndag 14. november 2010

JULEMESSE

Hei! Lovte å komme med litt bilete frå julemessa som eg og Anita var på forrige helg. Vi hadde litt diverse med oss. Det var masse pynta sjokolade, lys med pynt, huer, julestrømper, kjolar, heimelaga såpe som Anita hadde laga, kjem ikkje på meir i farten. Det er veldig kjekt å vere to i lag, for jammen skal det litt produksjon til for å få ein bra stand. Her er nokre bilete frå standen vår og litt nærbilete av noko av det eg har laga.

Her er bilete frå messa, eg på fyrste bilete og Anita på neste bilete, i full gong med å sjekke at vi har kontroll på kva vi hadde med oss, nederste bilete er nokre av posane eg laga og fylte med twist.


Her nokre av julestrømpane eg har laga. Eg laga 15 forskjellige og det var veldig kjekt å lage dei. Ikkje to var like, kan ikkje fordra å lage mange ting like.

Til sist ser de ein av kjolane eg har sydd. Denne selde eg, har nokre barnekjolar og eit par små damekjolar att som eg tenkte å legge ut på bloggen for sal ein kveld seinare.


torsdag 11. november 2010

BURSDAGSKORT

Heisan, no er det ei evigheit sidan eg har lagt noko ut på bloggen. Eg har produsert og produserer stadig diverse ting og tang, men har ikkje surra meg til å legge det ut på bloggen. I dag har eg eit bilete av eit "bursdagskort" eg laga til mannen min som hadde bursdag i går.(Eg ser at bilde kunne vore betre.) Det er ei øskje med sjokolade som dei har på Ikea, dei er kjempefine og eg må få tak i nokre fleire. Kjøpte berre tre sist eg var i Bergen. Eg har jobba ganske hardt i det siste med ting for sal på julemessa som eg og Anita var på i Viksdalen forrige helg. Vi skal også vere med på messe i Førde denne lørdagen. Eg har ein del bilete frå messa og ting eg har produsert, dei skal eg prøve å få lagt ut i løpet av helga.

søndag 21. februar 2010

Litt diverse....

Endeleg har eg sett meg ned og laga eit nytt innlegg. Altfor lenge sidan sist, men går dagane fort. Synest ikkje verken januar eller februar er lange månader. Vi har mange bursdagar i næraste familie i januar og februar, to berre her i huset!

Vil gjerne få takke både Lise og Astrid for awardane eg har fått, veldig koseleg. Tusen takk og sender dei sjølvsagt tilbake til dykk!

Har laga litt diverse kort og tags til presangar, men typisk meg so har eg gløymt å ta bilete av ein del av det. Her kjem iallefall litt av det eg har laga. Dette er kokeboka eg laga til eine svigerinna mi.






















So eit bilete av brødkorga og ei lita telyskorg som følgde med kokeboka.



Eg har ein nabo som fylte 50 år. Vi var inviterte med på stor fest og kosa oss. Her er gåva som eg lagde til ho:









I tillegg til vinboksen, følgde det med ein presang som eg hengde på vinboksen.



Har vore i bursdag i dag til ei av mine svigerinner og eine son hennar som fylte 6 år i går. Laga til to tags som eg festa på presangane.




Har sydd nokre kjolar og litt diverse etter jul. Her er den eine som er selt til ho som har den på seg.(Ein av mine "tangeungar".) Var litt dårleg bilete, men kjolen er av mørk grå fleece, har applikert på eit kvitt hjerte, blonder på armane og nede. I tillegg er det påsydd eit "gamalt" englebilete. Må avstad og shoppe litt stoff, har mange idear i hovudet som skulle vore produsert!!

tirsdag 12. januar 2010

Award - tusen takk!!


Jammen har det komt ein award til meg også frå Astrid. Alltid like koselig å vere innom bloggen hennar, masse flotte kort og diverse papirarbeid. Ho er veldig flink til å legge att koselege kommetarar, det varmar. Eg takkar og bukkar. Det var kjempekoselig å få award frå deg, eg returnerer den til deg Astrid, det fortjener du.



Disse reglene gjelder for denne awarden:

1. Kopier awarden til bloggen din.
2. Link til den personen som ga deg awarden.
3. Fortell 7 interresante fakta om deg selv.
4. Velg 7 andre bloggere som du vil sende awarden til.
5. Link til deres blogger.
6. Legg igjen en kommentar i bloggen deres, slik at de får
vite om denne awarden.


Så var det 7 interresante ting om meg sjølv, tja kva kan eg då melde..??

1. Eg elskar handarbeid, har gjort det så lenge eg kan hugse. Sying, strikking, kort...og masse meir.
2. Eg er veldig glad i å vere på kjøkkenet og lage mat.
3. Eg er veldig glad i å vere i syden og varmen, skulle gjerne budd der nokre månader om året. Det er framtidsdraumen.
4. Veldig glad i mørke kveldar med stearinlys.
5. Elskar min mann gjennom snart 24 år (ojsann, vi har sølvbryllaup i 2011) og mine 2 søte "smågutar", les 15 og 18 år :)
6. Likar ikkje husarbeid, men likar å ha det reint og ryddig. (ingen enkel kombinasjon..)
7. Elskar å sitte i badestampen på hytta ein regnfull kveld og berre kjenne varmen, stillheita og føle roen i kroppen.

So var det å gje awarden vidare til 7 andre, skulle gjerne sendt den til stempeldamene som eg kjenner her i området, men no har jo Astrid brukt opp dei. Sender den likevel til Anita som er ein god stempelven og kollega. Alltid like kjekt å ha nokon og utveksle idear og erfaringar med. Og du er jo superflink!! Sender den også til nokre flotte bloggar eg ofte er innom og beundarar.

Kristine - Lost in creativity
Mayas Hobbyblogg
Banglamarie
Bibbi's
Mariannes papirverden


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...