mandag 12. mars 2012

Heisan! På tide med nytt innlegg, over ei veke sidane forrige! Har ikkje so mykje nytt å kome med, har vore ei travel veke og lite tid til å gjere papir-/handarbeid. Held på å planlegge eit par ferieturar og det tar nokre timar på nettet før eg er ferdig. Her kjem no ein liten rapport likevel med litt diverse som vanleg.

Var i bursdag i går og her er kortet eg lagde. Synst Anita sine kofirmasjonskort til pengeinnlegg var kjemfine og enkle uten for mykje dill og dall. Eg tenkte at desse er fine til både bursdag, konfirmasjon og dåp. Har fått bestilling på eit par dåps og konfirmasjonskort + at eg må lage fire-fem konfirmasjonskort til oss sjølve + nokre bursdagskort. So her er det berre å henge i!

Slik såg det ut inni med lomme til pengar....
....og slik var baksida.

Elles so held vi på og pusse opp tv-stova, ho ser skamferen ut for øyeblikket, men blir forhåpentligvis bra når vi er ferdig. Eg må pusse vinduet og male det i løpet av veka.

Tid til matlaging må vi ha. Laurdag var det lasagne, nystekt brytebrød/rundstykker som stod på menyen...

og til dessert.....

Tilslutt ein liten vêr rapport, her kan vi melde om stabilt dårleg vêr som vanleg....
Skodde, yr og regn... :(


Desse bileta vart tekne tidlegare i kveld, og sjølv om vêret er dårleg, er det deilig at snøen kryp oppover og vi kan gå høgare for kvar dag på tøya vegar. Temperaturen er fin, kjenner at eg må begynde å ha mindre på meg når eg er ute og går. Og skodda er faktisk ganske fasinerande og flott når ein berre kjem seg over den... :) (prøv og tenk positivt har eg lært :) det går bra i mars, tonen blir nok ein annan viss vi har dette vêret i mai..)

Ha ei feiande flott veke!!

Mariann

lørdag 3. mars 2012

Tidleg vår eller.....

blir vi grundig lurt? Mars er ein lunefull månad, det kan sjå ut som våren kjem ein dag og so kan det vere full vinter neste dag. Allt regnet og mildvêret forrige helg og denne veka har fått oss i vårstemning her på vestlandet. Og i dag har vi hatt ein nydelig dag med blå himmel og sol. Onsdag var her opp i 10 varmegrader, men dagen i dag gav litt kuldegrader igjen. Har lite å skrive heim om denne veka, det har vore ei veke med lite kreativitet, veka har gått med til arbeid som vanleg, litt trimturar og ikkje minst vasking. Vaska både onsdag- og torsdagkvelden slik at eg skulle sleppe i helga. Godt å sleppe når ein har jobbehelg. Dvs. har tenkt å vaske vindu ute på søndag, har ikkje vaska dei etter alt saltet og skiten som Dagmar la att. Vil berre inn og ynskje alle ei god helg og legg igjen litt turbilder.

Tysdag ettermiddag var det skodde, yr og mildvêr, vatnet fossa ned etter fjellsida. Våren var tydeleg i armarsj. I ettermiddag var det blå himmel, kaldare, men nydelig.

Vårfølelse.....

Null utsikt, skodda låg tjukk, men ein kunne verkeleg føle at våren er i emning.


Naturen har mange flotte kunstverk, her kjem eit par som dukka opp på vegen.


Arbeidarane hadde tatt helg, måtte berre snu skiltet og sjå kva som stod på det ;o)

Utsikta blir flottare for kvar meter ein kjem opp etter fjellsida.



No er det leggetid for dei som skal på jobb i morgon!
Ha ei herlig helg og NYT den!

Mariann
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...