søndag 20. februar 2011

KJOLE OG BURSDAGSKORT

Har laga ein kjole som eg har lova ei veninne for altfor lenge sidan. Endelig sette eg meg ned og sydde den. Har overlevert han og håpar ho blir fornøgd med den, ho sa no so iallfall. Elles har eg laga eit par bursdagskort til ei svigerinne og sonen hennar som feira bursdag i dag. Held på med eit bursdagskort til, men det må eg vente med å legge ut til eg har overlevert det. Her er det vinterferie denne veka, skal jobbe i morgon og tysdag, resten av veka er fri, skal bli deilig med nokre fridagar:)

Her er kjolen sydd i lilla chenille og med applikerte hjerter, litt smårutete stoff nede og på ermane og litt blonder høyrer med og ....



ei lita krone bak.

Her er kortet eg laga til svigerinna mi i vintagestil og med sommarfuglar på. Synest sommarfuglane er so fine og har fått litt dilla på dei etter at dei kom i hus.


Til tanteungen, ein stor liten kar som vart sju i dag, pynta eg ein valnøttboks.
Fylte den med twist og pengar.



mandag 14. februar 2011

HEKLA TEPPE OG SNØ, SNØ, SNØ!

Halloen! Har ikkje fått tida til å lage kort siste veka. Har bestemt meg for å gjere ferdig teppe som eg begynte på i fjor haust. Er no nesten i mål, har berre to omgongar att rundt teppe. Gledar meg til å bruke det. Har hatt det på meg når eg sat og sydde det i sammen og det er tungt, heitt og deilig :) Har hekla det i Eskimo so det er ikkje eit billeg teppe akkurat! Elles var vi oppom på hytta vår i går og der er det då litt snø kan ein seie. Her kjem eit bilete av teppe og litt "snøbilete".


Her i Førde er det nesten ikkje snø att, men i Haukedalen ca. 40 min. å køyre frå Førde er det rikeleg med snø!!
Her er vi på veg inn til hytta, slik ser den ut ved inngangspartiet.

Og her er ved sida av inngangspartiet.

Her eit bilete av uteplassen vi held på å lage, dette er tatt i fjor haust.....

og slik såg det ut i går. Snøen ligg no med 2,05 på flat mark.... so eg står i høgde med der taket begynder.

Slik ser det ut inn i hytta, lite utsikt igjen med andre ord!

Og ganske mørkt. vi må nok måke vekk litt frå vindauga i vinterferien.

Det er sjelden eg må gå i motabakke når eg går ut av hyttedøra :) No er det nett som det var i gamle dagar når eg voks opp her seier mannen min!

torsdag 3. februar 2011

Heldige meg!

Fekk ein kjempeflott og koselige bursdagpresang i går av min gode kollega og stempelvenn Anita. Ein nydelig pynta papirpose med to flotte Magnoliastempel og ein pose små sjokoladar pynta med ord om vennskap. Den er so fin at eg veit ikkje om eg kan opne den, men stempla er eg på veg til å stemple opp og male no. Gledar meg :) Kameraet vårt var utlada so eg har lånt eit av dei flotte bileta til Anita. Går du innom bloggen hennar finn du fleire bilete av herligheita!!

søndag 30. januar 2011

Anonyme scrappere utfordring #14/Sketchy Colors # 56.

Var invitert på besøk i går kveld og hadde det riktig so triveleg. Eg pynta og tok med ei flaske vin. Utfordringa til Anonyme scrappere var vintage med blomster og blonder. Veit ikkje om mitt blir godkjent då eg har brukt papirblonder, men eg prøver. Prøver meg på utfordringa til Sketcy Colors også. Vekas nye utfordring hjå dei er noko i fargane blått, brunt og kvitt. Og det er i alle fall dette prosjektet. Kosa meg veldig med dette prosjektet. Fyrste lagde eg vintaggen og so pynta eg flaska og lagde små lommar og putta oppi litt god sjokolade.





Sukkersøtt utfordring #110/Anonyme scrappere utfordring #14

Hjå Sukkersøtt er vekas utfordring: pynt ei øskje eller ein gåvepose. Utfordringa hjå Anonyme scrappere er Vintage med blomster og blonder. Fant difor ut at denne posen eg har pynta passar til begge utfordringane.


onsdag 26. januar 2011

Sukkersøtt utfording #109

Har laga endå eit bidrag til sukkersøtt si utfordring denne veka. Altså eit prosjekt/kort som inneheld sjokolade. Kjøpte ein del av Ikea sine hjerteøskjer med sjokolade før jul som eg pynta og gav vekk. Hadde ei liggande att og her er resultatet av det eg gjorde i går kveld. Har brukt eit av dei nye Magnolia stempla eg har kjøpt meg og papiret er også dei nye flotte papira til Maja Design.

Ha ein fin kveld folkens!

mandag 24. januar 2011

Utfordring #109

Her er mitt bidrag til vekas utfordring frå Sukkersøtt. Utfordringa var lag eit prosjekt/kort som inneheld sjokolade. Eg har dekorert ein pose til å ha sjokolade oppi. Har etterkvart laga mange slike og dei passar akkurat til ein pose twist. Veldig kjekke å lage, blir ikkje lei av dei. Her har eg brukt eit koseleg stempel frå fairytale-serien til Magnolia. Papira er den nye nydelige serien til Maja design - fika. Heilt håplaust å ta bilete om kvelden no på denne årstida, er absolutt ikkje fornøgd med dei, men eg får dei ikkje betre, desverre..



lørdag 22. januar 2011

Bursdagskort og nye stempel

Her er eit bursdagskort eg laga til eine svigerinna mi. Har bestilt og fått masse nye Magnoliastempel denne veka. Har ikkje fått tida til å bruke. Har vaska, rydda og laga til familiebursdag i heimen, var 28 til bords i ettermiddag/kveld. No skal eg legge meg og stå opp litt tidleg i morgon og få yngste son min på volleyballturnering og so skal eg male og kose meg med å lage kort. God helg til alle mann!!




lørdag 15. januar 2011

GODT NYTTÅR ! betre seint enn aldri..

Jau då eg er her, men ikkje so flink til å lage innlegg. Har i dag rydda opp arbeidsrommet mitt(les bomberommet), det såg iallefall bomba ut etter all jobbing før jul. Masse papir,stoff, garn og boss. Har ikkje laga kort etter jul, men deilig å få rydda opp rommet, er no klar til litt "papirarbeid". Bestilte meg litt nye stempel og litt småtteri i går kveld og gledar meg til det dukkar opp. Har imidlertid ikkje lege på latsida. Er begynte å strikke på ein kjole til meg sjølv, om den vert ferdig nokon gong får tida vise. Har tenkt å lære meg photoshop og har surra ein del med da, då går timane fort..., men det er utruleg kjekt. Har planar om å kjøpe meg speilreflekskamera, men må spare litt fyrst. Vi har eit i huset som eg kan låne so da er ikkje synd på meg. Elles so har eg sydd ein kjole på bestilling denne veka. Har ein til som eg må begynde på, den skulle vore laga for lenge sidan... So her er nok å henge fingrane i. Håpar eg slepp influensa, var forkjøla i vekesvis før jul. Yngste sonen vår har vore sjuk neste heile veka og skikkeleg shabby med feber, hovudverk, sår hals og ikkje minst hoste. Er so fælt å høyre på, spesielt om nettene, betre å hoste sjølv enn å høyre på han. Har fått fatt i hostesaft hjå legen, håpar det skal hjelpe. Den andre sonen vår har vore i Brasil i to veker no og skal vere på veg heimover i kveld. Håpar heimturen går greitt slik at vi har han heime i morgonkveld. Han blir 19 år i morgon, men feiringa tar vi ein annan dag, reknar med han er sliten i morgon kveld når han kjem. Legg ut eit par bilete nokre vinkort, eit par "twistposar" og kjolen eg har sydd. Ha ein fortsatt fin laurdagskveld!

Her er eit par vinflasker med julehelsingar som vart gjevne vekk til gode naboar.


So kjem eit par gåveposar som også vart gjevne vekk til gode vener. Burde snart lære meg å ta bilete av posane utan twist i, men gløymer det stadig! Ser det først når eg skal bruke bileta og då er det forseint, då er posane forlengst ute av huset. Bileta er visst ikkje av topp kvalitet heller.





Og tilslutt kjolen eg sydde denne veka, den skulle vere bursdagspresang til ei jente på 11 år. Fekk nettopp bilete på mobilen av ei fornøgd frøken. Den passa fint og det var kjekt. Har sydd den i chenille og fleece, so har eg strikka krage og brot på armane. I hjerte har eg sydd på ein knapp frå Snella og Petronella, dei har utruleg masse kule knappar.



Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...