torsdag 4. oktober 2012

Steinbakaromn.......

 Vedunderet vårt er altså ein steinbakaromn. Steinbakaromn har stått høgt på mi ynskjeliste i mange, mange år. Det har vore ein draum og i fjor haust bestemte eg meg for at no skal draumen realiserast. So i vinter bestilte eg omnen hjå Aud i Vegårdshei.Ho importerer omnar frå Italia. I juni i år var det dags for å hente den. Vi køyrde ned ein fredag og oppatt laurdag. Det var ein lang tur frå Førde til Vegårdshei(ca 120 mil), men pytt kva gjer ein ikkje for få fatt i det ein ynskjer seg. Vi hadde med oss hengar og det trengte vi, det var mange delar som skulle med, pluss leca, isolasjon og diverse. So starta bygginga rett etter jonsok, og vi skulle bygge den inn i uteplassen vår på hytta.Vi er endå ikkje heilt ferdig med alt omkring omnen, men det kjem nok på plass etter kvart. Her kjem nokre bilete frå bygginga. Det har vore mykje jobb, men veldig kjekt og spennande. Og ikkje minst har det vore viktig for meg at mannen min har vore like gira som meg og har gleda seg i lag med meg.


Helga for fjorten dagar sidan var det tid for innfyring av omnen. Det er eit møysommelig og avgjerande arbeid for om omnen blir god eller ikkje. Prosessen tar 1 til 2 døgn. Ein må fyre veldig forsiktig heile tida. Flammane må ikkje nå opp i kvelvet. Vi fyrte difor opp grillkol og ved utanfor omnen og la det inn i omnen når det var glør, so kunne vi legge på litt og litt ved og passe på at det ikkje flamma opp. Dette måtte gjerast døgnet rundt, det måtte ikkje slokne ut. Lørdag ettermiddag ganske nøyaktig eit døgn etter oppfyring var vår omn klar til bruk. So då var det berre å hive seg rundt og lage pizza. Du kan tru det var eit stort øyeblikk når dei fyrste flotte pizzaene vart tatt ut av omnen. Vi benka oss rundt langbordet med fyr på peisen og godt med kle på oss og kosa oss skikkeleg. :)

Neste morgon heldt omnen fortsatt 120 grader og det hadde då vore supert å sett inn f.eks. kjøtt på ettervarmen. Det blir veldig saftig og godt. Men eg fyrte opp på nytt for eg hadde tenkt å prøve meg på brødbaking. Eg lagde 4 forskjellige deigar og heva dei i fleire omgangar utover dagen. Det var kjempespennande....

Resultatet vart eg godt fornøgd med 14 fine brød og endå var det god plass i omnen, det går iallefall 20 brød på ein gong. Eller ein kan steike brød og middag og dessert på ein gong. Her er det god plass. So då tok vi like godt ei runde etterpå og delte ut litt brød til slekt og vener, og det blir nok ikkje siste gongen.





No er det snart frihelg og nokre dagar med haustferie står også for tur, de kan tru eg og dei andre i heimen gledar oss til meir baking og testing av omnen. So mykje av haustferien blir nok tilbrakt på uteplassen med godt med kle på, fyr på peisen og gode saueskinn til å sitte på og gjerne eit bad i badestampen ei sein kveldsstund. Rein nytelse for kropp og sjel. Reknar med at familie og vener vil stikke innom og kose seg i lag med oss. Mange har ymta frampå om at dei gledar seg til å bli inviterte! :o)


Tilslutt tar eg med nokre bilete frå den flotte Italiaturen vår i sommar. Hadde so enormt med bilete å velge i, måtte berre ta nokon tilslutt. Vi tilbrakte 14 flotte dagar i eit varmt og godt Italia. Tempen låg på rundt 40 grader. Nokre dag litt under og nokre dagar litt over. Vi tok fly til Roma og so leigde vi bil og køyrde opp til Firenze, ein nydelig by. Etter nokre dagar i Firenze køyrde vi vestover til Lucca. Her hadde vi ei stor og flott leiligheit i nokre dagar. Lucca er jo spesiell med at det går ein gamal bymur rundt heile byen. Verdt å få med seg. Vi tok ein dagstur til Pisa, det tok ikkje lange stunda med toget frå Lucca til Pisa. Etter nokre fine dagar i Lucca reiste vi sørover langs kysten nedatt til Roma. Tilslutt hadde vi nokre flotte dagar i Roma. Vi budde 100 meter frå Trevifontena og ganske nær Spansketrappa. Det var so mykje å sjå, at ein greidde nesten ikkje å ta alt inn. Vi var sjølvsagt og såg Pantheon, Coloseum, Forum Romanum, og ikkje minst Vatikanet med Peterskyrkja og Vatikanmuseet. Vi gjekk og vi gjekk og vi såg og vi såg so det er ikkje vanskeleg å forstå at det vart over 2000 biletet på turen. Piazza Navona var nydelig og det var eit eldorado for ein hobbykokk og gå på markedet på Campo dei Fiori. Og for ikkje å nemne det fantastiske matmarkedet i Firenze, tenk å kunne gå på slike plassar og handle til vanleg. Eg blir rimelig frustrert av å gå og handle her i Norge, når ein veit alt det fantastiske utvalget som finst der nede. Eg hadde jo då med meg skinke, Pesto, Parmesanost, olivenolje og ikkje mindre enn 25 posar krydder heim! Her kjem nokre bilete frå turen.










Det var det eg hadde for denne gong. No må eg henge i og montere Skappelgensaren min som eg strikka for nokre veker sidan og so er eg komt ganske langt på eit nytt gensarprosjekt...Ha ei koseleg helg!

Mariann

søndag 30. september 2012

Det har vore arbeidshelg i heimen. So den tida eg har hatt til overs har vorte brukt til  å kose meg på kjøkkenet og litt strikking vart det også. Det har vorte lite strikking i sommar, men eg har handla litt garn og har fleire uferdige prosjekt liggande so det manglar ikkje på noko å henge fingrane i. Her er litt av det som har blitt gjort på kjøkkenet i helga ;o)


Vi pleier koke krabbe frå slutten av juli og utover, men i år har det ikkje blitt. Denne helga fekk vi sjansen og då var det berre å komme seg opp laurdag morgon og kjøpe krabber. Vi pleier akkurat å rekke og koke dei før eg skal på jobb. Det smakte kjempegodt!


Har i det siste vore ofte innom på bloggen passion4baking.com og let meg inspirere av alt det flotte der.
Har også kjøpte kokeboka/kakeboka Love Manuela. Ei bok til nytelse og inspirasjon, utruleg kjekt å sitte og bla i ei slik flott bok. So då måtte eg også prøve meg på nokre muffins eller cupcakes som det heiter no for tida. Eg brukte mine eigne oppskrifter til deig. Eg brukte oppskrifta på langpannekake til surmjølkskake og gulrotkake og det vart jo ein heil haug med muffins. So lagde eg tre sortar krem, to av dei var oppskrifter frå Love Manuela boka og den tredje var den eg pleier ha på gulrotkaka. Har vore avstad og kjøpt meg litt konditorfarge, perler og nokre sprøytetuppar. Det var kjempekjekt, kosa meg skikkeleg! Øving gjer meister heiter det, vi får tru det, desse vart ikkje fantastiske, men moro var det lell!


Tenkte eg skulle få med litt flotte bilete frå italia, men eg har ikkje fått tida til å plukke dei ut endå, har over 2000 bilete og då tar det litt tid å velge ut nokre få!! Skal nok få da gjort i løpet av nokre dagar. Og til slutt desse bileta:

Ha ei super, duper veke!!

Mariann


tirsdag 25. september 2012

Ein sommar er over......


Då var sommaren over for lengst og vi er komt langt ut på hausten. Det har vore ein travel, men kjekk og spennande sommar. Vi har hatt tre utenlandsturar frå mai til august og kosa oss masse. Eg har også fått oppfylt ein draum eg har hatt i mange år, men det har krevd mykje arbeid. Fyrst vil eg kome med nokre bilete frå Rhodosturen vi hadde fyrste veka i juni, det lovde eg i forrige innlegg, men eg hadde ikkje tenkt at det skulle gå so lang tid. Ei veke for berre dei "gamle" i heimen er deilig. Vi nyt dagane og kosar oss, samtidig som vi ofte tenkjer på dei to store gutane våre heime. Dei synst sikkert det er deilig å vere ei veke åleine, utan "maset" til ho mor ;) I alle fall her er nokre bilete frå turen.

 

Eine dagen lånte vi oss ein Fiat 500 cabriolet og køyrde til Lindos, det var ein flott opplevelse. Gamlebyen i Rhodos er jo nydelig, men Lindos var fantastisk.

  
I august var vi alle fire i familien 14 dagar i Italia. Eg må nesten ta med nokre biltet der i frå også. Italia er rett og slett praktfullt, men no er det leggetid, skal på jobb i morgon også, skal difor komme med forsettelsen ein anna kveld, og det skal ikkje gå tre månader. Har og lyst og vise bilete av "draumen" min, som vi har jobba mykje med i sommar. Den er ganske stor, bokstavelig talt.... Vedunderet vart henta ei helg i juni. Vi køyrde over 120 mil på ein fredag og ein laurdag for å hente den.


Fortsettelse fylgjer...........

Mariann


søndag 10. juni 2012

Sommaren er her og med den kjem reiselysta....

Heisan, ja no er det lenge sidan forrige innlegg. Etter 17. mai kom det endeleg litt sol og varme. Det var fantastisk, får sjeldan tida å berre sette seg ned og nyte da. Det er alltid noko som skal gjerast ute, men du verden so mykje lettare og kjekkare alt er når det er fint vêr! Har gjort ein del målingsarbeid på huset, og der er meir som skal gjerast, men vi får ta det etter kvart. Det vert lite med kortlaging og handarbeid elles på denne tida av året, det freistar liksom ikkje. So her kjem i stadenfor litt bilete frå eit par turar vi har hatt.


15.-19. mai var vi i London. Det er enormt mykje å sjå på, so her var det berre å velje seg ut nokre få ting og so får vi ta noko anna ein anna gong.

So var vi innom Hyde Park og rusla litt. Ein del tre stod i flott blomstring. Vi hadde oss ein koselig kanalbåt-
tur. Vi gjekk på i Little Venice og følgde båten til Camden. Det tok ca. 50 min., artig å finne noko slikt midt i ein stor støyande by, for her var det stilt og roleg. Heilt til vi kom til Camden, då hamna vi rett opp i markedet og det var eit yrande liv, veldig moro. Her vart det selt mykje rart, men maten var fantastisk. Det var boder med mat frå Mexico, Spania, England, Kina, eg hugsar ikkje alt, det var iallefall eit fantastisk skue. Og smaksprøvar fekk ein i hytt og pine. Mmmm, mykje godt... Kan verkeleg anbefalast! Vi budde i Paddington og det var eit supert utgangspunkt.

Notting Hill er ein koseleg bydel og artige butikkar. Vi måtte blant anna innom The Spice Shop, her handlar visst ein del kjendiskokkar krydder også. So var vi i London Eye, det gav oss ei fantastik utsikt! Og so kan ein jo ikkje reise til London utan å ha ete full English breakfast og fish and chips, eg kan styre mi begeistring! Og til slutt måtte vi innom Buckingham Palace, her var det byggekaos av tribuner og diverse til dronningjubileet, men vi fekk no sjå da. Vi hadde iallefall nokre koselige dagar i lag heile familien.

So kom Pinsa med nydeleg vêr, og sjølvsagt jobbehelg ;(  Måndagen hadde vi fri alle saman og då tok vi oss ein tur til Fjærland. Det er ein times køyring frå oss her i Førde.

Her er litt bilete frå aktivitetane i Fjærland.....

 Det var litt bilete frå eit par fine turar. Kom heim i går kveld frå ei flott veke på Rhodos!! Det kjem litt bilete frå den turen ein annan kveld. :))

Ha ei flott veke! Måtte berre finvêret vare leeeenge...!

søndag 13. mai 2012

Konfirmasjonskort og litt til......

Heisan, her er det langt mellom blogginnlegga. Har jobba mykje ute med vask av hus og hagearbeid medan vêret held seg noko lunde.Vi hadde nokre fine dagar i slutten av april(fint vêr, men kald vind), no er det definitivt slutt ser det ut som. Har litt malingsarbeid ute, men det kan vi visst berre gløyme. Vêrmeldinga er regn og kulde og forrige søndag vakna vi til 15 cm nysnø! Det hatar eg i mai, arrrghhh!! No vil eg ha varme og sol!! So her kjem ein liten vêrrapport(som vanleg).


Benytta finvêret ein søndag for eit par veker sidan til å ta ein tur til Kannesteinen. Har ikkje vore der sidan eg var på skuletur på barneskulen. Kannesteinen ligg litt utanfor Måløy og det er fasinerande å sjå kva naturen lagar av kunstverk. Hadde rekna med bitande kald vind rett inn i frå havet, men det var so lunt og fint. Sat ei stund og kosa oss og nytte veret og utsikta.

Elles so var 1.mai ein nydelig dag, kald trekk, men lunt bak huset vårt. Eg er kjapp med å ta fram grillen om våren, elskar å grille :). Har faktisk greidd å grille tre gonger alt. Men dette bilete er frå frukosten.

Sola skein so fint på nokre primula som stod i full blomst i hagen.

Og tilslutt hadde vi ein nydelig solnedgong 1.mai om kvelden.

Det var altså tysdag 1. mai. Laurdag 5. mai såg derimot ikkje slik ut.... Då var det snøbyger og grisekaldt, berre å få på seg varmekjeledressen igjen, om ein skulle vere ute og jobbe.

Søndag 6.mai skulle vi i konfirmasjon og då vakna vi til dette. Tok bilete ut gjennom stovevinduet, orka ikkje opne altandøra ein gong.

Vel, vel det er nok om vêret for denne gong. Eg er ganske tålmodig med vêret om vinteren, men når våren og sommaren regnar vekk og er kald, då lurer eg ofte på kvifor vi bur her. Er iallefall slutta med å ha ferien i Noreg for lenge sidan!!

Her kjem nokre bilete frå konfirmasjonskorta eg har laga, har visst ikkje hugsa å ta bilete av alle, men her er dei fleste eg har laga i år. Ser at bileta ikkje er gode, fotografering vart gjort litt for kjapt og i for dårleg lys, dessverre.



Her kjem eit gutekort inn i mellom alle jentekorta.
Her kjem eit par kort som er laga som ei lommebok, henta inspirason frå fleire bloggar på nettet, blant anna Anita sin, og lagde so min eigen versjon.






Og so kan vi ikkje gløyme maten ;))  Her er eit par bilete frå i går kveld.

Ha ein fin søndag, folkens!!

Mariann

tirsdag 17. april 2012

Eit lite livstegn! :)

Heisan, eg er her fortsatt, har liksom ikkje hatt so mykje å skrive om synst eg, men det vart no visst litt likevel når eg begynte å sjå igjennom bileta mine. Held på å lage ein del konfirmasjonskort, skal ta bilete av dei når eg er heilt ferdig. Elles såg de sist ei tv-stove under oppussing, er for so vidt ferdig, men ventar på ny sofa, so eg skal kome med eit par bilete når den er på plass. Og so må eg skjerpe meg og lage nye "heading" no er vi no vel ferdig med kulde og is snart, lengtar etter varmmmmmeeeee!!!

Fekk bestilling på eit dåpskort, laga to stykker slik at dei kunne velge. Her er dei.




Her er kort nr. 2, laga som ei lita øskje.


Elles so var vi til Bergen siste helga i mars og besøkt eldste guten vår. Det var fint vêr, men grisekald vind. Hadde oss ein rusletur i Bergen på laurdagen og om kvelden var vi på "Flink pike" med Pernille Sørensen, det var bra levert som vanleg med ho.
Her er eit par bilete frå by'n. Vi hadde planlagt å gå opp på Fløien og ta Fløibana nedatt, men eg hadde
ei hoft og ein fot som slettest ikkje var samarbeidsvillig so vi får ta det igjen ein annan gong.

Påskehelga tilbringa vi på hytta, langfredag var det meldt fint vêr og vi skulle få besøk og grille og kose oss. Vêret vart ikkje so bra som meldt, som vanleg ;( litt sol, litt skye, litt sol og plutselig ei snøbyge. So ja vi grilla, men maten tok vi med oss inn, vi gav opp og nytte grillmaten inne.


Påskeafta derimot, var vêret mykje betre enn forventa. So då tok vi oss ein spasertur og etterpå vart det eit par timar i solveggen utanfor hytta.

Nydelig solnedgang i fjella påskeafta.

Det gjekk mest i reisebøker i påska, har no bestilt årets ferieturar og eg gledar meg stort.

Det var det eg hadde, kjem snart igjen med bilete av konfirmasjonskorta eg har laga.

Ha ei flott veke!!

Mariann

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...