15.-19. mai var vi i London. Det er enormt mykje å sjå på, so her var det berre å velje seg ut nokre få ting og so får vi ta noko anna ein anna gong.
So var vi innom Hyde Park og rusla litt. Ein del tre stod i flott blomstring. Vi hadde oss ein koselig kanalbåt-
tur. Vi gjekk på i Little Venice og følgde båten til Camden. Det tok ca. 50 min., artig å finne noko slikt midt i ein stor støyande by, for her var det stilt og roleg. Heilt til vi kom til Camden, då hamna vi rett opp i markedet og det var eit yrande liv, veldig moro. Her vart det selt mykje rart, men maten var fantastisk. Det var boder med mat frå Mexico, Spania, England, Kina, eg hugsar ikkje alt, det var iallefall eit fantastisk skue. Og smaksprøvar fekk ein i hytt og pine. Mmmm, mykje godt... Kan verkeleg anbefalast! Vi budde i Paddington og det var eit supert utgangspunkt.
So kom Pinsa med nydeleg vêr, og sjølvsagt jobbehelg ;( Måndagen hadde vi fri alle saman og då tok vi oss ein tur til Fjærland. Det er ein times køyring frå oss her i Førde.
Her er litt bilete frå aktivitetane i Fjærland.....
Det var litt bilete frå eit par fine turar. Kom heim i går kveld frå ei flott veke på Rhodos!! Det kjem litt bilete frå den turen ein annan kveld. :))
Ha ei flott veke! Måtte berre finvêret vare leeeenge...!