fredag 4. april 2014

Bakt potet med noko attåt ...

Deilig med fredag og frihelg. Vi er glad i steikte grønsaker her i huset, som de kanskje har sett av tidlegare innlegg. :)) I dag var det bakt potet med steikte grønsaker og steikt hjorte-/oksekjøtt. Du kan velge kjøt og grønsaker etter smak og behag, eg brukte dette:

Bakt potet med noko attåt
4 pers.
ca. 500 g hjortekjøt
ca. 300 g  møyrt storfekjøt (entrecôte f.eks.)
litt grilloljemarinade
peparmix
viltkrydder
paprikakrydder
ein skvis med limesaft

ca. 1,5 paprika, raud, grøn eller oransje, delt i skiver.
1 lauk i tynne båtar
1 raudlauk i tynne båtar
ca. 1 squash, delt i ikkje alt for store betar
2 fedd kvitlauk, finhakka
1-2 gulrøter, delt i tynne, lange strimlar
1 brokkoli, delt i små bukettar
ca. 2 ss fersk timian, finhakka
nykverna pepar
salt

ca. 1 stor potet på kvar. Eg har mine i ei ildfast form og set dei på ca. 15 min. i mikroen. Når dei er ferdig pakkar eg dei inn i litt aluminiumsfolie. 

Del kjøtet i passelege betar. Ha på litt marinade, litt peparmix, viltkrydder og paprikakrydder. Bland det godt med kjøtet og la det stå eit par timar og godgjere seg. Varm så opp steikepanna med litt olje. Steik kjøtet kjapt på god varme i eit par omganger. Set det tilside på ei plate med litt varme og la det ettersteike, medan du steiker grønsakene. Ha litt olje i ei steikepanne eller ei wokpanne og steik grønsakene over god varme nokre få minutt. Ha på litt nykverna pepar, fersk timian og litt salt. Eg har ei saltkvern med grovt salt, sitron og rosmarin. Har du eit kryddersalt så bruk litt av det. Ha ein skvis med limesaft på kjøtet rett før servering og smak til med evt. meir krydder.

Då skulle det vere klart til servering.  Bakt potet med ein god klatt lettrømme og litt grovkverna pepar, nydelige grønsaker og møyrt og godt kjøt som nesten smeltar på tunga.

Mmm ... ein god start på helga! :o))










søndag 30. mars 2014

Gateau Marcel, sjokoladedraum ... :))

Sat og såg i nokre gamle blad her ein dag og kom over oppskrifta på ei sjokoladekake med namn Gateau Marcel. Hadde merka ho av for lenge sidan, med ho må prøvast. Såg litt på oppskrifta og tenkte med ein gong at her kan eg tilsette ein liten skvett Cognac. Eg drikk ikkje Cognac, men ein ørliten skvett Cognacsmak i lag med sjokolade er nydelig. Oppskrifta var ikkje supergod, det stod blant anna ingenting om storleik på kakeforma, men eg tenkte her er det berre å gjere eit forsøk. 

Mariann sin versjon av Gateau Marcel
350 g sjokolade (eg brukte 3 plater 70% kakao og 1/2 plate lys kokesjokolade)
350 g smør el. margarin
350 g sukker
2,3 dl eggeplommer (ca. 10 egg)
3 dl eggekviter
sukker og smør til forma

2 ts cognac til moussen (topplaget)
litt amarettokjeks til toppen (oppskrifta sa kakao)

 Eg brukte ei 22 cm form, men tenkjer eg tar ei 24 cm neste gong. Smør forma og strø den med sukker. Smør/margarin og sjokolade smeltast. Eggeplommer og 230 g av sukkeret piskast til luftig eggedosis. Pisk eggekvitene stive og tilsett resten av sukkeret og pisk det inn. Vend smør og sjokoladeblandinga inn i eggedosisen. Vend så forsiktig inn eggekvitene. Ta halvparten av røra i springforma og steik på 160 grader i 30-35 min., nede i omnen. Ho er ferdig når ho begynder å sprekke på toppen. Ta kaka ut av omnen, og avkjøl kaka på rist ein halvtime og set ho så i kjøleskåpet eller frysaren for å få den raskt avkjølt. La kaka vere i forma. Den fell saman og det skal ho gjere for å få plass til resten av moussen. Eg blanda 2 ts Cognac i moussen som skal vere på toppen og sette han i kjøleskåpet. Når kakebotnen er kald, har du på moussen. I staden for å sikte på eit lag med kakao knuste eg nokre amarettokjeks i blenderen og strødde på toppen. Set kaka til avkjøling nokre timar, helst natta over.


Kaka smakte fantastisk godt, men må nytast i små mengder, ho er mektig. Ho kan serverast åleine eller saman med litt is og bærsaus. Eg kan tenke meg at ferske, norske jorbær vil smake himmelsk saman med denne kaka!





lørdag 29. mars 2014

Fransk lammegryte og surdeigsbrød ...


På menyen i kveld stod det Fransk lammegryte med omnssteikte poteter og surdeigsbrød med valnøtter og timian.
Det starta med mating av surdeiga laurdag morgon. Eg vart litt sein før eg kom i gong med deiga til brødet så eg juksa litt og tilsette pittelitt gjær, slik at eg skulle vere sikker på at brødet vart ferdig.

Surdeigsbrød med valnøtter og timian
1 brød
50 g sesamfrø
100 g durum kveitemjøl
300 g kveitemjøl
100 g sikta rugmjøl
50 g valnøtter
1 ts. havsalt
1 ts. akasiehonning
3,5 dl vatn, litt lunka
200 g surdeig
5 g fersk gjær
2 ss olivenolje
2 ss hakka, fersk timian

Bland alt unntatt valnøttene og køyr i miksaren ca.10 min. Ha oppi valnøttene dei siste to minuttane. Deiga skal sleppe bollen, men vere litt klissete. Hev til dobbel storleik. Eg let mi stå i ca. 4 timar. Ha deiga på eit bakebord med litt mjøl. Form den med lett hand og legg ho i ei godt mjøla hevekorg. La ho så etterheve ein time eller to. Har du pizzastein set du han nede i omnen. Set omnen på 250 grader. Kvelv brødet forsiktig ut av hevekorga, skjær eit par djupe snitt i deiga og set brødet i omnen. Ta 0,5 dl varmt vatn og hiv inn i omnen når du set brødet inn i. Steik 5 min. på 250 grader, slå så omnen ned på 200 grader og steik i 40 min. til.
Sjekk brødet når du tek det ut ved å banke på det. Har du ein hul lyd er det ferdig. Avkjøl brødet på rist. Surdeigsbrød får ei supergod og knasande skorpe.

Fransk lammegryte med omnssteikte poteter. Eg tok utgangspunkt i Trines matblogg si oppskrift og gjorde litt endringar.

Fransk lammegryte med omnssteikte poteter
4 pers.
1 kg lammekjøt, bog eller lår
12-15 sjalottlauk (eg hadde oppi nokre mini raudlauk i tillegg)
4-5 gulrøtter, i litt store betar
4 fedd kvitlauk, hakka
2-3 dl vatn
2 dl raudvin
1 boks hermetiske tomatar (gjerne mutti)
1 boks bønner i tomatsaus
ein liten neve fersk, hakka timian
litt fersk, hakka rosmarin
ca. 1/2 chili uten frø, finkutta
maldonsalt og nykverna pepar
1 laurberblad
ca. 2 ss god balsamicoeddik

8 poteter, delt i to
olivenolje
maldonsalt
nykverna pepar
eit dryss med litt fersk timian og rosmarin

Steik kjøtet i to omgonger. Ha det over i ei gryte/panne. Kok ut panna med litt av vatnet kvar gong og hell det over kjøtet. Fres hakka kvitlauk, heile sjalottløk og gulrøtene. Ha det opp i gryta med kjøtet. Ha i resten av evt. vatn, raudvin, knust tomat og krydderet. Kok opp og la det småkoke i 1,5 - 2 timar, til kjøtet er møyrt og slepp beinet. Når kjøtet er ferdigkokt tilset du tomatbønnene, balsamicoeddik og evt. meir krydder. La tomatbønnene bli varme før du serverer.

Medan gryta småputrar gjer du klar potetene. Du kan fjernet skalet om du vil. Eg hadde nye fine amadine poteter og let skalet vere på. Del potetene i to og pensle dei med litt olivenolje. Eg brukte ein god olivenolje med kvitlauk. Dryss på litt maldonsalt, kvern over litt pepar og ha på litt timian og rosmarin. Steik dei midt i omnen i 40-45 min. til dei har fått fin farge og er møyre.


Det skulle då vere klart for eit nydeleg måltid mat. Kjempegod lammegryte, steikte poteter og knasande godt brød, kanskje med litt smør på. Dypp det i alle fall i sausen og nyt. :))  Litt dessert blei det også. Gateau Marcel (sjokoladekake) med min vri, oppskrifta kjem i morgon, tenkjer eg.









torsdag 27. mars 2014

Mot helg ... og ein god middag.


I dag var eg ferdig på jobb klokka 18.00, men lysta på ein god middag var stor. I dag vart det steikte potetbåtar i omnen, marinert og steikt kylling med grønsaker. Det høyrer også med ein god dip til potetene. Det er ikkje så mange ingrediensar som skal til, men det smakar nydeleg.


Kyllingsnadder
3 pers.
4 kyllingfiletar, delt i litt store betar (ein munnfull)
Eg skulle sikkert ha laga marinaden sjølv, men eg synest Toro sin italienske marinade i posar er veldig god til kylling og ferdig til bruk. Du kan også bruke ein annan grillmarinade som du likar eller har i kjøleskåpet.
Eg brukte i alle fall ein pose med italiensk marinade og hadde på kyllingbetane. Så let eg det stå ein liten time medane eg steikte poteter, klargjorde grønsakene og lagde dippen.

6 litt store poteter eller fleire små (amadine eller andre fine poteter)
1/2 chili, finkutta
2 kvitlauksfedd, finkutta
potetkrydder eller anna god krydderblanding som f.eks provencekrydder ...

olivenolje
maldonsalt
nykverna pepar
1 ss fersk timian, kutta (om du har)

Set omnen på 225 grader. Del potetene med skalet på, i båtar. Legg dei i ei ildfast form og ha på litt olivenolje, chilien, kvitlauken, salt, pepar og potetkrydder. Bland det godt med hendene, og ha på timian på toppen og set det midt i omnen. Steikast i ca. 35 min., til dei er gjennomsteikte og har fått fin farge.

1-2 raudlauk
1/2-1 raud paprika
3 vårløk + 1 til pynt
Medan potene steiker og kjøtet ligg i marinade kuttar du opp grønsakene. Del opp raudlauken i små båtar, paprikaen i strimlar og vårløken i ca. ein centimeter tjukke skiver. Set til side.

Dip
2 ss tyrkisk yoghurt
2 ss lett majones
2 ts søt chilisaus
ei klype karrikrydder
Bland dette i ei lita skål og la det stå og godgjere litt.

Når det er ein 10-15 minutt att av steiketida til potetbåtane steiker du kjøtet og grønsakene. Ha litt olje på steikepanna og steik kjøtet i fleire omganger, nesten ferdig. Ha alt tilbake i panna. Krydre med litt maldonsalt, nykverna pepar, toscansk krydderblanding og ørlite fajitas krydderblanding. Ha i grønsakene og steik dei med siste minuttane. Strø på den siste vårløken like før servering.

Då er det berre og sette seg ved bordet for å nyte ein god middag og ein koseleg prat. ;o))











fredag 21. mars 2014

Wok med østerssaus


Middagen i går var wok med grønsaker og svinekjøt. Knasande grønsaker og kjøt med østersaus og ris. Mmm ..... det er kjempegodt. I wok er det berre å velge kjøt og grønsaker etter eigen smak. Denne woken er kanskje aller best med oksekjøt, men det er jo ikkje akkurat billeg. Valget falt på svinekjøt i går (kylling er også godt). Oppskrifta mi er slik:

Wok med østerssaus
4 pers.
500 gr svinekjøt
1/2 raud paprika i strimler
1/2 grøn paprika i strimler
2-3 løk, alt etter storleik, delt i litt tynne båtar
1 raudlauk, delt i litt tynne båtar
2 store gulrøter, delt i tynne skiver på langs
1 bunt broccoli, delt i små bukettar
1 liten boks vannkastanje i skiver
1 liten boks bambusskudd
1 kjøtbuljongterning
1 dl vatn
3,5 dl østerssaus
nykverna pepar


Skulle ynskje eg hadde gassbluss når eg skal lage wok, det blir liksom aldri varmt nok med vanleg elektrisk kokeplate. Eg gjer det difor på denne måten:

Skjær opp alle grønsakene og ha dei klar. Ha litt olje i ei steikepanne og steik kjøtet i fleire omganger, nesten ferdig. Ha litt olje i wokpanna og varm godt opp, ha i grønsakene bortsett frå vannkastanjane og bambusskudda og la dei frese nokre minutt, men ikkje meir enn at dei framleis er sprø. Tilset så kjøtet, ein knust buljongterning, vatnet, østersausen, skylte vannkastanjer og bambuskudd. Bland godt og la det putre nokre få minutt. Ha på litt nykverna pepar. Server med jasminris.


Enkelt å lage, utruleg herleg med alle dei friske fargane på tallerken og kjempegodt. Då skal fredagskvelden nytast. ;o))








onsdag 19. mars 2014

Morgondagens niste


 Blir av og til lei av grovskivene som niste. Bestemte meg for å lage ei god niste til i morgon. Inspirert av måten å lage kanelbrød på, tenkte eg at det kan no gjerast med ost og skinke i staden for.
Så tenkt, så gjort.

Nistebrød med ost og spekeskinke

25 g gjær
100 g gresk yoghurt
2 ss olivenolje (gjerne med smak)
2,5 dl lunka vatn
370 g kveitemjøl
150 g sikta rugmjøl
1 ts grovt havsalt
fyll:
ca. 12 skiver serranoskinke
2 kuler mozzarellaost
1 neve nyraspa parmesanost + litt meir til å strø på toppen
oregano
litt fersk timian (om du har)
raud pesto (eg hadde eit glas med Pesto Trapanese frå Oliviers)

Ha alle ingrediensane til deiga i ein bolle, og elt godt til du har ei fin og glatt deig som slepper bollen. Eg brukar miksar og let han gå i ca. 5 min. La deiga etterheve ein times tid. Når deiga er ferdig heva bakar, du ho ut til ein leiv på ca. 50 x 40 cm. Smør eit tynt lag med pesto. Ha deretter på spekeskinke. Eg la på to skiver i høgda og tenkte på at eg skulle sleppe å skjere i spekeskinka når eg etterpå skulle dele leiven i seks delar. Riv mozzarellakulene og strø utover leiven. Ha over parmesanosten, oreganokrydder og litt fersk timian om du har. Del så deiga i seks delar (horisontalt). Legg dei så oppå kvarandre. Det ser då slik ut.

Gjer klar ei stor brødform med bakepapir i. Så deler du deiga i seks delar ein gong til. Reis opp delane etter kvart som du legg dei i brødforma tett i tett. Strø litt raspa parmesanost på toppen, og ha på litt meir oregano. Set til etterheving i ca. 40 min. Varm opp steikeomnen til 200 grader. Når brødet har heva, steiker du det på nederste rille ca. 45-50 min. Det er nok nydeleg å ete med ein gong, men då er det vel lurt å rive det. Vi måtte smake og venta til det hadde avkjølt seg litt og skar då skiver av brødet. Skal bli herleg niste i morgon saman med ein god salat og litt heimelaga dressing.
Prøv du òg.  ;o))





tirsdag 18. mars 2014

Tysdagskos

I dag har eg hatt ein roleg og fin kveld. Kosa meg med bøker og fyrt i omnen. :)) Vi er berre to heime og ved middagsbordet vart vi einige om at ein smoothie litt seinare på kvelden hadde vore godt. Så då laga eg ein forfriskande smoothie til oss.

 Tropisk smoothie
2 porsjonar
1 dl vaniljeyoghurt
1 dl naturell yoghurt
1 dl god appelsinjuice (eg brukte Sunniva sin juice med appelsin frå Valencia)
1 banan
2 pk coopen sin frosne fruktblanding med ananas, mango og papaya (det er 4 mindre pakkar i ein pose, eg brukte 2)

Køyr det i blenderen til du har ein glatt og fin konsistens. Server og kos deg!





lørdag 15. mars 2014

Ostesuffle og brød


 Heisan! No er det på tide med eit innlegg igjen. Dagane og vekene fyk avgarde, eg veit ikkje kor dei blir av. I dag har eg iallefall laga ostesuffle og baka brød til middagen.

Fyrst laga eg brødet, so fekk det kjøle seg ned medan suffleen steikte.

Laurdagsbrød ;-))
1 stk.
4 ss tyrkisk el. gresk yoghurt
12,5 g gjær
2 ss olivenolje med kvitløk
1 ts havsalt
50 g sesamfrø
50 g solsikkefrø
250 g sikta spelt
250 g kveitmjøl
2,5 dl lunka vatn
Valmuefrø til å strø på toppen

Ha alt sammen i ein bolle og elt godt i nokre minutt, til du har ei glatt og fin deig. Set den til heving og la den stå til ho har blitt dobbelt så stor. Tar litt tid med så lite gjær, har du lita tid kan du doble gjærmengda. Når deiga er ferdig heva kvelvar du ho forsiktig ned på bordet som er strødd med litt mjøl. Trill den forsiktig ut til ei lang pølse, del den i to og tvinn delane saman att. Legg i ei smurt form eller ha bakepapir i forma slik eg har gjort. Pensle med litt vatn og strø på valmuefrøa. Set brødet til etterheving ein god halvtime. Varm opp omnen til 250 grader, set brødet inn i omnen og steik 5 min. på 250 grader, senk temperaturen til 200 grader og steik i 30-35 min. Legg litt aluminiumsfolie over brødet på slutten viss du tykkjer det får for mykje farge. Avkjøl på rist.

Ostesuffle
4-5 pers.
3 ss smør eller margarin
3 ss kveitemjøl
2,5 dl lettmjølk
1/2 ts salt
5 egg
300 g ost, Tine sin reven ost med 4 sortar er fin.
1 boks bogskinke, kutta i terningar på ca.1x1 cm.
1/2 purre (mellomstor), kutta i tynne skiver

Smelt smøret i panna, ha i kveitemjølet og rør godt. Ha i mjølka og rør til du har ein tjukk saus/graut.Ta i saltet. Ha så i osten og eggeplommene og bland godt. Ha i skinke og purre og bland godt. Visp så eggekvitene stive. Rør litt under halvparten av eggekvitene i fyrst  med lett hand og bland deretter i resten forsiktig. Ha røra over i ei smurt eldfast suffleform. Steikast i bakaromnen 1 time på 175 grader nederst i omnen. Legg over litt aluminiumsfolie på slutten slik at den ikkje vert for mørk. Her må eventuelle gjester vente på maten og ikkje omvendt, for det tar berre nokre sekundar før suffleen dett saman. Serverast med godt brød og ein god salat.

Skulle det vere noko igjen er restane godt som pålegg på skiva dagen etter. :))













mandag 3. mars 2014

Surdeigsbrød og litt til ...

Då vart det helg, og eg fekk tida til å prøve ut surdeigane mine. Denne gongen brukte eg faktisk oppskrift. Det er ei stund sidan eg har laga brød med surdeig og tenkte det var tryggast å bruke ei god oppskrift. Oppskriftene fann eg i boka til Morten Schakenda: Om boller brød og tilfeldigheter fra bakeriet i Lom. Dette er ei bok eg verkeleg kan anbefale! Det er forholdsvis lite surdeig i dei oppskriftene, så då må det vere litt bra futt i surdeiga for å få det til. Eg var spent på om eg fekk det til. Eg meiner å hugse at surdeigane hans er fastare i konsistensen enn mine er. Laurdag morgon før eg reiste på jobb, mata eg opp deigane. Dvs. eg fylte på 50 gr mjøl og 50 gr vatn og blanda i deigane. So fekk det stå på kjøkkenbenken og godgjere seg til eg kom heim. Eg laga fyrst deig til lyst surdeigsbrød.

Etterheving gjorde eg i hevekorgene mine og det tok eit par timar. Her er det dei grove surdeigsbrøda som er klare til etterheving. Dei vart laga søndag.


Det vart litt trongt om saligheita ...


Resultatet vart ikkje so verst. :)) Og godt smakte dei.


Medan surdeigane mine heva, hadde eg god tid å kome meg ut ein tur, og her er våren komt sjølv om vi berre so vidt skriv mars.


So var det måndag, og dagens middag vart alt-i-eitt-gryte, det likar eg godt å lage.

Det er so kjekt å putte alt i ei gryte, enkelt og kjempegodt. Masse gode smakar blandar seg og resultatet er nydeleg. Lite å vaske opp og litt tid til å slappe av eller gjere litt husarbeid medan middagen lagar seg sjølv. ;-))

Fylt svinefilet med fargerikt fylgje.
ca. 4 porsjonar
600-700 gr svinefilet, eg brukte indrefilet
1/2 grøn paprika i store betar
1/2 rød paprika i store betar
3 gulrøtter, kutta i betar
2 rødløk, kutta i båtar
ca. 8 amadinepoteter, kutta i betar, ikkje alt for store
raud pesto eller ev. grøn pesto
1 "mozzarellaball"
Serranoskinke
god olivenolje
maldonsalt
nykverna pepar
italiensk krydderblanding eller provencekrydder
2 vårløk, kutta
litt sitronsaft
litt fersk oregano og rosmarin

Set bakaromnen på 200 grader. Del svinetfileten nesten i to på langs. Smør på raud pesto, mykje eller lite alt etter kva du ynskjer. Del mozzarellaosten i skiver og legg på fileten. Ha so på litt italiensk krydderblanding eller provencekrydder alt etter kva du har. Legg fileten sammen igjen og surr spekeskinke rundt til du har dekt fileten. Ha litt olivenolje i ei ilfast form. Legg i fileten. Ha deretter i poteter, gulrøtter, rødløk, paprika. Ringle på litt meir olivenolje og bland litt. Strø litt maldonsalt på grønsakene. Kvern over litt pepar. Ha på litt oregano og rosmarin og ein skvis med sitron. Set det i bakaromnen. Etter 10 min., legg på lokk eller folie. Steik vidare i 30 min. til. Ta so av loket eller folien og ha på vårløken og steik vidare i ca.10 min. Ta fileten ut av forma og del opp i skjever, legg det so tilbake i forma og server. Hugs å få med den gode krafta!

  Det var det eg hadde på hjartet i dag. ;o))


lørdag 22. februar 2014

Vinterferie i Lancaster, England.


Då var vinterferien nesten over, og veka gjekk altfor fort, som vanleg. Det var veldig kjekt å besøke eldstemann i Lancaster og sjå korleis han har det. Vi var heldig med vêret også. Det var jo litt kaldt, men vi er jo i februar, so ein kan ikkje vente allverda. Her kjem nokre få bilete frå turen.

Byen hadde fleire historiske bygningar og plassar å by på. Vi var innom to av dei.
Lancaster Castle. Nesten 1000 år med historie. Vi var med på omvising og det var ganske interessant. Det hadde blant anna vore brukt til fengsel heilt opp til 2011! Rettsalane til Lancaster var her også, og det er dei som er brukte i dag. Det pågjekk ei rettssak den dagen vi var på omvising.

So var vi i Williamson Park.
Eit flott minnesmerke og fantastisk utsikt. Det var ein stor park og sikkert nydelig om sommaren med blomster og grøne tre.

Rett ved sidan av Ashton Memorial låg Edwardian Butterfly House.
Dei skulle ha ein god del sortar med sommarfuglar, men det er ikkje so lett å få auge på dei blant tre og busker. Og nokre fór og flaug so dei var umulig å ta bilete av, men her er eit par flotte eksemplar.

Elles so kan eg melde at det vart litt overvekt på koffertane heim pga. ganske ivrig handel på blant anna kokebøker, emaljert jerngryte og litt diverse matvarer. Og av alle ting: surdeig vart også med i kofferten!
Eirik hadde bestilt to surdeiger til meg frå forskjellige leverandørar. Den eine er opphaveleg laga for 20 år sidan. Eg har laga surdeig sjølv fleire gonger, men har ikkje passa på dei godt nok. Hadde tenkt å lage ny sjøl, men no får eg sjå om eg får liv i desse. :-)) Den eine var tørka, den delte vi slik at Eirik fekk halvparten. Den andre var fersk, so no får vi sjå om eg greier å passe dei og mate dei. :))

Det var ei kjapp oppsummering av ein koseleg tur.





søndag 16. februar 2014

søndagsmorgon og vinterferie :o))


Laga deiga til søndagens frukostbrød i går kveld. Ei flott heva brøddeig stod klar på kjøkenbenken i dag tidleg.

 Det ligg føre oss ei heil veke med vinterferie, kan ikkje hugse sist vi har hatt det. Koffertane er pakka og vi har ein heil søndag til å kose på oss før vi skal reise. Litt luksus må vi ha, so medan brødet heva og steikte, laga eg "frukostvafler". Når vi er på hytta lagar eg nesten alltid vafler til frukost på lørdag eller søndag morgon. I byrjinga laga eg vanlige søte vafler med kveitemjøl. Etter kvart har eg laga meg ei oppskrift eg tykkjer passar betre til frukost. Nesten uten sukker og med grovt mjøl. Litt sunnare med andre ord, men på ingen måte dårlegare. :o))

Mariann sine FRUKOSTVAFLER
2 egg
0,5 dl sukker
2 gode ts bakepulver
5 dl lettmjølk
ca. 3/4 boks lettrømme
1,5 dl kveitemjøl
5 dl fibramjøl (fullkornskveitemjøl)

Bland saman egg, sukker, lettrømme og bakepulver. Ha i lettmjølk og mjøl og visp til ei glatt røre. Eg brukar ikkje feitt i røra, men smør jarnet med litt olivenolje undervegs. Kjempegode vafler, og det vart ingen sure miner i heimen den gongen eg byrja å lage desse grove vaflene i staden for dei tradisjonelle. Vi synest dei er kjempegode med iskald rørt bringebærsylte på.
 

So då vart det ein fin søndagsfrukost med nybakt brød og vafler.

So har eg eit lite tips til søndagskaffien. ;o))

 Mormor Josefines vidunderlige kanelbrød, etter oppskrifta til Monica Csango. Oppskrifta står i kokeboka hennar, til å spise opp og ho ligg ute på bloggen hennar også. Ein festlig vri på gjærdeiga og artig å lage!

Slik såg resultatet mitt ut eine gongen eg laga det ...

... kjempegodt og saftig. Og det varer ikkje lenge, for dette får føter å gå på ... :))
Anbefalast! ;o)))

I bakaromnen står leirgryta mi full med gode grønsaker og hjortekjøt og det byrjar å lukte deilig. So etter ein god middag reiser vi til by'n og grytidleg i morgon set vi kursen for England og gledar oss til å besøke eldste guten vår som er i England på skule for tida.


Då skal eg gje meg for i dag ;))



fredag 14. februar 2014

Hei og hå, det er helg igjen :))


Heisan, her susar vekene avgarde. På tide med eit nytt innlegg. I dag fekk eg lyst å lage pasta med kjøttboller og tomat-/grønsaksaus og sjølvsagt godt "brød". Vart superfornøgd med kjøtbollane og grissiniane. Tomatsausen kunne kanskje vore litt saftigare, men han smakte veldig godt. Her er i alle fall oppskrifta og so er det jo berre og trikse og mikse litt etter smak og behag. :0)) Her blir rikeleg med mat til 3 personar.

Det fyrste eg gjorde var å lage deiga til grissiniane.

GRISSINI
16 stk.
25 gr gjær
2 dl vatn
2 ss olivenolje
1 ts honning
1 ts flaksalt
2 ss fersk rosmarin, hakka
2 ss gresk yoghurt
ca.3,5 dl sikta spelt
ca.3,5 dl kveitemjøl

Ha gjær, olivenolje, honning, yoghurt og rosmarin i bollen, lunk vatnet, ha det og mjølet saman med saltet opp i bollen og elt deiga godt. Deiga skal vere laus. Set til heving ein times tid. Etter heving ha deiga ut på eit bord med mjøl på og trill/strekk ho lett ut til ei pølse og del i ca 16 deler. Trill dei ut til ca 25 cm lange pølser og legg dei på ei bakeplate med bakepapir på. Strø litt mjøl på dei, eg pleier bruke sikta rug både til å bake dei ut i og til å strø på. La dei etterheve litt før du set dei i varm omn. Eg har omnen på 225 grader og steiker dei midt i omnen ein 12-15 min. Avkjøl på rist og server dei nystekte.

Medan deiga heva laga eg kjøtbollar.

KJØTBOLLAR
ca 22stk.
400 gr kylling-/kalkunkjøtdeig
2 fedd kvitløk, hakka
1/2 ts maldonsalt
2 ts tørka oregano
nykverna pepar
ein skvis med sitronsaft
1 egg
2 ss god olivenolje

Eg brukte foodprocessoren min med kniv.
Ha kjøtdeiga, hakka kvitløk, salt, oregano, egget,  nykverna pepar og knift litt sitron oppi. Bland godt. Ha oppi olivenolje tilslutt og bland han godt inn i. Eg har ei lita kjøttbolleklype som eg brukte til å lage kjøtbollane med. Elles er det berre å ha litt vatn i ein kopp og ei skei. Fukt skeia og handa og lag kjøtbollar. Ha litt olje i steikepanna og steik dei på svak varme til dei er gjennomsteikte. Legg dei til side.
 

Grissiniane hadde endå litt hevetid igjen. Eg klargjorde då det som skulle til tomatsausen.

TOMAT-/GRØNSAKSAUS
2 små løk, hakka
4 små gulrøtter, finkutta
1/4 rød paprika, finkutta
1/4 grøn paprika, finkutta
ca. 1/2 squash, finkutta
2 fedd kvitløk, hakka
1 ts flaksalt
nykverna pepar
1 boks knust tomat
2 dl vatn
1/2 dl rødvin
1 ts tørka oregano
1 neve frisk basilikum, hakka

Eg gjorde no grissiniane klar til steiking og fekk dei i omnen før eg begynde på sausen. Medan grissiniane avkjøler seg lagar eg tomatsausen. Ha litt olje i steikepanna og ha i løk, gulrøter, paprika, squash og kvitløk. Fres grønsakene litt. Ha deretter i knuste tomatar, salt, pepar, vatn, vin og tørka oregano. La det småputre ca.15 min. Ha i hakka basilikum mot slutten og kjøtbollane,  smak evt. til med meir salt, pepar eller krydder.

Medan sausen småputrar, koker du pastaen. Eg skulle gjerne ha laga pastaen sjølv, men i dag blei da ikkje tida. Kok den typen du ynskjer. Eg hadde liggande ein pose med pasta eg kjøpte i Italia i sommar og den rauk til i dag. ;)) Litt riven parmesanost er sjølvsagt!

Då var grissiniane klar, pastaen kokt, sausen kokt, det meste var oppvaska og bordet dekka av husbonden. Då var det berre å setje seg ned og nyte eit god måltid mat! ;o))

 
Ein liten søt avslutning må til på inngongen til ei ny helg og vinterferie.

Det er jo valentinsdagen i dag, det bryr eg meg fint lite om. Men å vere so heldig å ha ein mann i huset som set stor pris på maten og som kjem og hjelper til med å rydde og vaske opp dag etter dag, år etter år, det er kjærleik og mykje viktigare for meg enn gull og glitter. ;O))




Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...