mandag 24. august 2009

SOMMAREN 2009 ER HISTORIE!

Heisan! Ja då er sommaren 2009 gått over i historiebøkene. Har ikkje vore på nettet på fleire månader, dvs. eg har vore inn og kikka litt på andre sine bloggar av og til. Har laga nokre få kort og gjeve dei vekk, utan at eg har tatt bilete av dei. Sommarstid er ikkje bloggtid for meg! Har hatt ein fin ferie med 16 dagar i Spania (som vanleg, har vore der dei siste åra), angra på at vi ikkje tok nokre dagar til! Spania og Costa Blanca-kysten med sol og varme er vedunderleg!!! Skulle gjerne vore der fleire månader!! :) Vi leiger oss hus og bil og nyt dagane heile familien. No er sommaren over, i alle fall her på Vestlandet. Har vore på arbeidsrommet og rydda og lysta til å lage kort byrjar å vende tilbake. Har til og med prøvd meg på scrapping for fyrste gong i helga!


Desse bileta skulle vore på bloggen min i byrjinga av juli, då Anita, min gode stempelvenn og kollega, hadde bursdag! Betre seint enn aldri! Pynta ei vinflaske (det synest eg er veldig kjekt som de kanskje ser av bloggen min) og hengde på litt småtteri til å pynte kort og diverse med.


Her er resultatet av mitt fyrste scrappeprosjekt. Brukte eit bilete av yngste sonen min som vart teke siste kvelden i Spania. Resultatet vart vel so som so, men eg kosa meg og det er det viktigaste! Har funne fram ein del bilete til som eg har lyst til å scrappe, so no lyt eg avstad og kjøpe meg eit album.


Og so har eg gjort alvor av draumen eg har hatt i fleire år om å kjøpe meg ein VESPA-scooter!! Dei er berre KJEMPEKULE! Fekk den til siste helga i ferien. Snau å bruke til småhandling i sentrum når eg ikkje har tid til å gå. Dessutan har eg ein kar i huset som blir 16 om eit års tid, han var veldig fornøgd! Mannen min skulle vel gjerne sett ein litt større sykkel, men han er veldig fornøgd han òg, og brukar han like mykje som eg.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...