fredag 30. januar 2009

Eli sin kjempeflotte blog-candy!


Eli har lagt ut ein kjempeflott blog-candy!! Borderpuncharen var nydelig, den skulle eg likt å ha! God tur til New York Eli!!

torsdag 29. januar 2009

Sukkersøtt utfordring # 25 skisse# 7

Er litt seint ute, har hatt det travelt denne veka, men må prøve meg på utfordringa til Sukkersøtt som var å lage lage kort etter skisse og dekorere alle fire sidene. Har nesten aldri laga kort etter skisse, so eg har vel brukt den ganske slavisk, men det er moro so det kjem eg nok til prøve meg meir på. Skal i bursdag til ei lita frøken på laurdag og lagde difor kort til ho ut av utfordringa. Mønsterpapira veit eg ikkje kva heiter, har brukt stempel frå Stampavie, Sarah Kay, tekstar frå Norsk Stempelblad og Kreativ Hobby, svirlane er Magnolia, blomstrane er retropunchara, ballongane quikcuts, og hjerteborda er laga med Fiskars borderpunch.







JIPPIIIIIIIIII!

Jammen vant eg ikkje utfordringa til StampARTic om å lage eit monokromatisk valentinkort!
Kjempemoro å vinne, har knapt hatt blogg i to veker og berre vore med på eit par utfordringar, so då er det ekstra stas! Tusen takk til StampARTic sitt DT-team som har stemt fram mitt kort til 1.plass!!! Gledar meg til å få dei søte bamsestempla frå Elzybells Art Stamps i posten. Tusen takk til alle som har lagt igjen koselege kommentarar til meg, dei gjer meg ekstra gira (som om eg ikkje er nok frå før) på å lage kort!!

fredag 23. januar 2009

Monokromatisk valentinskort - StampARTicutfordring 3


Måtte prøve meg på utfordringa til StampARTic som var å lage monokromatisk valentinkort.
Har brukt mønsterpapir frå imaginisce. Stempla rundt kanten av mønsterpapiret med stempel frå Stempelglede, svirlstempel frå Magnolia. Stempelramme og tekst frå Norsk Stempelblad. Motivstempel frå Stampavie, Sarah Kay. Blomstrane med retropuncharar, hjerter - quickcuts og papirblonde frå Panduro. Var ikkje heilt fornøgd med fargane på bileta, men her er mitt bidrag!





Takk for utmerkingane!




Vil berre sei tusen takk for fine utmerkingar som eg har fått av Grethe og Gro. Veldig kjekt å få når eg ikkje har hatt blogg meir enn ei lita veke! Sender den tilbake til Grethe og Gro og takkar for at de er inne og ser og legg igjen fine kommentarar på bloggen min.


The award is called 'The Marie Antoinette' a Real Person, a Real Award.


The rules are:


1. Link to the person who gave you the award


2. Nominate 7 more persons


3. Link the nominees and let them know about this award


4. Post the award on your blog



Sender desse utmerkingane vidare til :
Anita
Jorunn
Kristine
Banglamarie
Bibbi's


torsdag 22. januar 2009

Stempel kan brukast til so mykje....




Har sydd meg ny kjole, synest at vesle James frå Motivet er so søt at han måtte få vere med på kjolen min!


mandag 19. januar 2009

Sukkersøtt, utfordring # 24


Hei, har nettopp laga meg blogg og må prøve meg på utfordringa. Pleier vere inne å sjå på alle fine bidraga som kjem. Litt skummelt, men moro også. Har laga mønsterpapir med collage av gamle serviettar. Stempel frå Stampavie og tekststempel frå Norsk stempelblad. Har brukt retropunchen på blomstrane.

søndag 18. januar 2009

Vinflaske med sjokoladekort


Hei igjen! Skal i bursdag i dag og har laga bursdagskort som heng på vinflaska. Har laga til ein liten lomme som eg har putta oppi ein Bocca sjokolade. Helsing på baksida. Har prøvt å redigere litt, men flaska var mørk og papiret var mørkebrunt, difor syner ikkje detaljane so godt.

lørdag 17. januar 2009

Kalendar




Eg kjøpte meg Bind-It-All maskin føre jul(julegåva til meg sjølv), men har ikkje fått tida til å prøve den noko særleg før no.Vart ikkje heilt fornøgd, vart ein feil med hola på framsida. Her er resultatet iallefall, inspirert av Anita B. og meg sjølv. Ser at bilde og fargekvaliteten kunne vore betre, får prøve lære meg fotoredigering.



































TUSEN TAKK ANITA!


Endeleg har eg rota med til å lage blogg eg også! Har hatt lyst til å gjere det lenge, men so var det det å kome i gong då! Mitt fyrste innlegg er difor ei helsing og stor takk til Anita, min gode kollega og stempelvenn for at ho gav meg ei utfordring i sin nye blogg. Dette blir spennande!! Det blir nok litt feiling og prøving i starten, men det blir moro!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...