lørdag 22. februar 2014

Vinterferie i Lancaster, England.


Då var vinterferien nesten over, og veka gjekk altfor fort, som vanleg. Det var veldig kjekt å besøke eldstemann i Lancaster og sjå korleis han har det. Vi var heldig med vêret også. Det var jo litt kaldt, men vi er jo i februar, so ein kan ikkje vente allverda. Her kjem nokre få bilete frå turen.

Byen hadde fleire historiske bygningar og plassar å by på. Vi var innom to av dei.
Lancaster Castle. Nesten 1000 år med historie. Vi var med på omvising og det var ganske interessant. Det hadde blant anna vore brukt til fengsel heilt opp til 2011! Rettsalane til Lancaster var her også, og det er dei som er brukte i dag. Det pågjekk ei rettssak den dagen vi var på omvising.

So var vi i Williamson Park.
Eit flott minnesmerke og fantastisk utsikt. Det var ein stor park og sikkert nydelig om sommaren med blomster og grøne tre.

Rett ved sidan av Ashton Memorial låg Edwardian Butterfly House.
Dei skulle ha ein god del sortar med sommarfuglar, men det er ikkje so lett å få auge på dei blant tre og busker. Og nokre fór og flaug so dei var umulig å ta bilete av, men her er eit par flotte eksemplar.

Elles so kan eg melde at det vart litt overvekt på koffertane heim pga. ganske ivrig handel på blant anna kokebøker, emaljert jerngryte og litt diverse matvarer. Og av alle ting: surdeig vart også med i kofferten!
Eirik hadde bestilt to surdeiger til meg frå forskjellige leverandørar. Den eine er opphaveleg laga for 20 år sidan. Eg har laga surdeig sjølv fleire gonger, men har ikkje passa på dei godt nok. Hadde tenkt å lage ny sjøl, men no får eg sjå om eg får liv i desse. :-)) Den eine var tørka, den delte vi slik at Eirik fekk halvparten. Den andre var fersk, so no får vi sjå om eg greier å passe dei og mate dei. :))

Det var ei kjapp oppsummering av ein koseleg tur.





søndag 16. februar 2014

søndagsmorgon og vinterferie :o))


Laga deiga til søndagens frukostbrød i går kveld. Ei flott heva brøddeig stod klar på kjøkenbenken i dag tidleg.

 Det ligg føre oss ei heil veke med vinterferie, kan ikkje hugse sist vi har hatt det. Koffertane er pakka og vi har ein heil søndag til å kose på oss før vi skal reise. Litt luksus må vi ha, so medan brødet heva og steikte, laga eg "frukostvafler". Når vi er på hytta lagar eg nesten alltid vafler til frukost på lørdag eller søndag morgon. I byrjinga laga eg vanlige søte vafler med kveitemjøl. Etter kvart har eg laga meg ei oppskrift eg tykkjer passar betre til frukost. Nesten uten sukker og med grovt mjøl. Litt sunnare med andre ord, men på ingen måte dårlegare. :o))

Mariann sine FRUKOSTVAFLER
2 egg
0,5 dl sukker
2 gode ts bakepulver
5 dl lettmjølk
ca. 3/4 boks lettrømme
1,5 dl kveitemjøl
5 dl fibramjøl (fullkornskveitemjøl)

Bland saman egg, sukker, lettrømme og bakepulver. Ha i lettmjølk og mjøl og visp til ei glatt røre. Eg brukar ikkje feitt i røra, men smør jarnet med litt olivenolje undervegs. Kjempegode vafler, og det vart ingen sure miner i heimen den gongen eg byrja å lage desse grove vaflene i staden for dei tradisjonelle. Vi synest dei er kjempegode med iskald rørt bringebærsylte på.
 

So då vart det ein fin søndagsfrukost med nybakt brød og vafler.

So har eg eit lite tips til søndagskaffien. ;o))

 Mormor Josefines vidunderlige kanelbrød, etter oppskrifta til Monica Csango. Oppskrifta står i kokeboka hennar, til å spise opp og ho ligg ute på bloggen hennar også. Ein festlig vri på gjærdeiga og artig å lage!

Slik såg resultatet mitt ut eine gongen eg laga det ...

... kjempegodt og saftig. Og det varer ikkje lenge, for dette får føter å gå på ... :))
Anbefalast! ;o)))

I bakaromnen står leirgryta mi full med gode grønsaker og hjortekjøt og det byrjar å lukte deilig. So etter ein god middag reiser vi til by'n og grytidleg i morgon set vi kursen for England og gledar oss til å besøke eldste guten vår som er i England på skule for tida.


Då skal eg gje meg for i dag ;))



fredag 14. februar 2014

Hei og hå, det er helg igjen :))


Heisan, her susar vekene avgarde. På tide med eit nytt innlegg. I dag fekk eg lyst å lage pasta med kjøttboller og tomat-/grønsaksaus og sjølvsagt godt "brød". Vart superfornøgd med kjøtbollane og grissiniane. Tomatsausen kunne kanskje vore litt saftigare, men han smakte veldig godt. Her er i alle fall oppskrifta og so er det jo berre og trikse og mikse litt etter smak og behag. :0)) Her blir rikeleg med mat til 3 personar.

Det fyrste eg gjorde var å lage deiga til grissiniane.

GRISSINI
16 stk.
25 gr gjær
2 dl vatn
2 ss olivenolje
1 ts honning
1 ts flaksalt
2 ss fersk rosmarin, hakka
2 ss gresk yoghurt
ca.3,5 dl sikta spelt
ca.3,5 dl kveitemjøl

Ha gjær, olivenolje, honning, yoghurt og rosmarin i bollen, lunk vatnet, ha det og mjølet saman med saltet opp i bollen og elt deiga godt. Deiga skal vere laus. Set til heving ein times tid. Etter heving ha deiga ut på eit bord med mjøl på og trill/strekk ho lett ut til ei pølse og del i ca 16 deler. Trill dei ut til ca 25 cm lange pølser og legg dei på ei bakeplate med bakepapir på. Strø litt mjøl på dei, eg pleier bruke sikta rug både til å bake dei ut i og til å strø på. La dei etterheve litt før du set dei i varm omn. Eg har omnen på 225 grader og steiker dei midt i omnen ein 12-15 min. Avkjøl på rist og server dei nystekte.

Medan deiga heva laga eg kjøtbollar.

KJØTBOLLAR
ca 22stk.
400 gr kylling-/kalkunkjøtdeig
2 fedd kvitløk, hakka
1/2 ts maldonsalt
2 ts tørka oregano
nykverna pepar
ein skvis med sitronsaft
1 egg
2 ss god olivenolje

Eg brukte foodprocessoren min med kniv.
Ha kjøtdeiga, hakka kvitløk, salt, oregano, egget,  nykverna pepar og knift litt sitron oppi. Bland godt. Ha oppi olivenolje tilslutt og bland han godt inn i. Eg har ei lita kjøttbolleklype som eg brukte til å lage kjøtbollane med. Elles er det berre å ha litt vatn i ein kopp og ei skei. Fukt skeia og handa og lag kjøtbollar. Ha litt olje i steikepanna og steik dei på svak varme til dei er gjennomsteikte. Legg dei til side.
 

Grissiniane hadde endå litt hevetid igjen. Eg klargjorde då det som skulle til tomatsausen.

TOMAT-/GRØNSAKSAUS
2 små løk, hakka
4 små gulrøtter, finkutta
1/4 rød paprika, finkutta
1/4 grøn paprika, finkutta
ca. 1/2 squash, finkutta
2 fedd kvitløk, hakka
1 ts flaksalt
nykverna pepar
1 boks knust tomat
2 dl vatn
1/2 dl rødvin
1 ts tørka oregano
1 neve frisk basilikum, hakka

Eg gjorde no grissiniane klar til steiking og fekk dei i omnen før eg begynde på sausen. Medan grissiniane avkjøler seg lagar eg tomatsausen. Ha litt olje i steikepanna og ha i løk, gulrøter, paprika, squash og kvitløk. Fres grønsakene litt. Ha deretter i knuste tomatar, salt, pepar, vatn, vin og tørka oregano. La det småputre ca.15 min. Ha i hakka basilikum mot slutten og kjøtbollane,  smak evt. til med meir salt, pepar eller krydder.

Medan sausen småputrar, koker du pastaen. Eg skulle gjerne ha laga pastaen sjølv, men i dag blei da ikkje tida. Kok den typen du ynskjer. Eg hadde liggande ein pose med pasta eg kjøpte i Italia i sommar og den rauk til i dag. ;)) Litt riven parmesanost er sjølvsagt!

Då var grissiniane klar, pastaen kokt, sausen kokt, det meste var oppvaska og bordet dekka av husbonden. Då var det berre å setje seg ned og nyte eit god måltid mat! ;o))

 
Ein liten søt avslutning må til på inngongen til ei ny helg og vinterferie.

Det er jo valentinsdagen i dag, det bryr eg meg fint lite om. Men å vere so heldig å ha ein mann i huset som set stor pris på maten og som kjem og hjelper til med å rydde og vaske opp dag etter dag, år etter år, det er kjærleik og mykje viktigare for meg enn gull og glitter. ;O))




lørdag 8. februar 2014

LØRDAGSMIDDAG


I dag lagde eg wraps med kylling og grønnsaker. Eg veit ikkje kva eg kan kalle det, det liknar kanskje mest på fajitas. Godt var det i alle fall. Fyrst laga eg deiga, so laga eg til kvitløksdressingen og rett før deiga var klar steikte eg kjøttet og grønnsakene. Sette det litt til side og kjappa meg og lagde ferdig wrapsen.

Oppskrifta er berekna til 3 personar.

Wrapsen laga etter oppskrifta til Paul Hollywood. Har kjøpt meg to bakebøker med han, dei kan verkeleg anbefalast! (Bilete av dei i eit innlegg lenger nede i bloggen.)

WRAPS - 6stk.

250 gr. kveitemjøl
5 gr tørrgjær
5 gr salt
15 gr fint sukker
20 gr usalta smør, temperert
1,6 dl vatn
litt olivenolje til bordet, bakebollen og steikepanna


Eg blanda alt saman og hadde vatnet litt lunka. So tok eg litt olje på bordet og hadde deiga ned på. Deiga er laus so eg måtte strø på pittelitt mjøl. Deretter knadde eg deiga godt, til eg fekk ei blank, glatt og smidig deig. 5-8 min. står det i oppskrifta. So hadde eg litt olje i ein bolle og la deiga oppi. Lot ho heve i 1-1,5 time. Når deiga var ferdig heva, tok eg litt mjøl på bordet. Knadde deiga lett og delte ho i seks deler. Forma emna til bollar og lot dei kvile litt. Baka ut med kjevle til dei vart ca. 20 cm. Hadde litt olje i steikepanna og steikte dei 1-2 min. på kvar side. La dei i eit kjøkenhandkle slik at dei heldt seg varme.

Kvitløksdressingen fann eg ein gong tidlegare på bloggen til Elin Larsen,  det er ein fin blogg med mykje gode oppskrifter. Her er oppskrifta, eg lagde berre halvparten og det vart akkurat passe.

KVITLØKSDRESSING

100 gr. majones(eg brukar lettmajones)
130 gr. seterrømme(eg brukar lettrømme)
2 store fedd kvitløk - fersk og finhakka(ca. 12 gr)
2 ss sitronsaft
3 ss finhakka grasløk(brukte tørka)
salt
Rør saman og set i kjøleskåpet slik at den får stå og godgjere seg. Enkel og god dressing.

Kjøttfyllet kan varierast med div. typar kjøtt og krydder alt etter smak og humør. :)) I dag vart oppskrifta slik:

Meksikanskinspirert KYLLING

3 kyllingfiletar, skjært i tynne skiver litt på skrå og so delt i to igjen
1 rødløk i tynne skjever
1 løk i tynne båtar
1 rød paprika, strimla
1  grøn paprika, strimla
1 fedd kvitløk, hakka
3 ts mexicomix krydder(Søstrene Grene), bruk det du får tak i
litt nykverna pepar
litt aromatkrydder(Knorr)
eit lite dryss med litt hot fajitaskrydder(eg har ein boks med fajitasmix, veit ikkje kvar eg har kjøpt den).

Eg steikte kyllingen(nesten ferdig) i fleire omganger og hadde det over i ei skål. So hadde eg grønsakene i steikepanna og hadde kyllingen oppatt i. Deretter hadde eg i krydder og blanda godt. Lot det steike nokre minutt, til kylllingen var ferdig og løken blank. Smakte på det og kjente at det var perfekt.
Smak til med meir krydder om du ynskjer.

Server wrapsen med litt crispisalat, kylling- og grønnsakblandinga og ha på kvitløksdressing.
Skikkeleg kosemat. ;o))

Vart litt tidleg middag i dag pga.at yngstemann i heimen skulle på jobb i kveld. Egentlig heilt ok for då vert kvelden litt lenger på ein måte og eg fekk tid til å lage dette innlegget. ;))








onsdag 5. februar 2014

Endå eit år eldre ... :))



Søndag var det tid for litt familieselskap i heimen. Då hadde eg bursdag og vi feira meg og dotter til ei eg er tante til, ho hadde to dagar før og vart åtte år, eg vart litt meir ;))
Dei stilte med gode minicupcakes og cookies. Eg prøvde meg på ei oppskrift i kokeboka til Lise Finckenhagen, Slikkepott. Det var nøttebotn med bringebærfromasj, sjokoladeband og friske bær. Det skulle ha vore norske, friske bær, då hadde kaka vore supergod, no var ho litt lite smak på. Skal nok lage ho på nytt når det blir sommar. So laga eg marengsbotn med eggekrem, krem og masse god frukt og bær. Tilslutt hadde eg laga ei jordbæriskake med bringebærsaus. Det vart mykje frukt og bær, men det er jo deilig då.

Det eg hadde tenkt å legge ut oppskrift på er middagen eg laga i går:

Husbonden spør ofte kvifor eg ikkje brukar leirgryta meir eg som er glad i gryter med alt i eitt. Inspirert av ei oppskrift i kokeboka til Monica Csango, med saftige svinekotelettar sette eg i gong. Ho brukte rett nok ikkje leirgryte i omnen, men vanleg gryte på komfyren, men eg tenkte at dette må det vere fint å bruke leirgryta til og alt passar seg sjølv. Oppskrifta vart slik:

NAKKEKOTELETTAR I LEIRGRYTE
4 pers.

4 store nakkekotelettar – delt i to
4 løk, skjært i små båtar
2 fedd kvitløk, hakka
8 gulrøtter – delt i to på tvers og so på langs
1 ss paprikapulver
3 dl vatn
2 kjøttbuljongterningar
12-15 små amadine poteter
salt, nykverna pepar, aromatkrydder(Knorr)

Fyll leirgryta og loket med vatn og la stå eit par timar før du skal lage middag, iallefall ein halvtime viss du ikkje hugsar på det før. Set bakaromnen på 200 gr. Steik løken og kvitløken blank. Bland i paprikapulver. Ha deretter i vatn og buljongterningane. Bland lett saman og tøm det i leirgryta. Steik kotelettane lett og la dei få litt steikeskorpe. Legg dei lagvis i leirgryta saman med gulrøtene og potetene. Ha litt salt, nykverna pepar og litt aromatkrydder på kotelettane. Set på loket og set gryta i bakaromnen. Steik 45 min. på 200 gr. og 45 min. på 225 gr. Medan gryta kosar seg i omnen har du god tid til å vaske opp det vesle som er, dekke bordet og glede deg til middagen er klar. Eit godt brød eller baguettar er nydelige til å dyppe i den gode krafta som det blir rikeleg av. :))


Eg hadde baka baguettar ein kveld forrige veke, so det var greitt å finne dei i frysaren.

BAGUETTE med soltørka tomat

3 stk.
ca. 3,5 dl vatn
25 gr gjær
2-3 ss tyrkisk eller gresk yoghurt
3 ss soltørka tomat i olje
1 ss olje av tomatane
litt finhakka timian
1,5 ts havsalt
50 gr sesamfrø, gjerne rista litt i ei tørr steikepanna
500 gr kveitemjøl
200 gr sikta spelt 

Ha gjær, yoghurt, soltørka tomat, olje, timian og kaldt eller lunka vatn alt etter kor god tid du har i ein bolle. Bland litt, ha so i mjølet, sesamfrø og saltet. Elt deiga godt og set til heving. Når deiga har fått dobbelt storleik tar du den ut på benken. Deler den i tre deler og rull dei med lett hand ut til tre pølser. Snurr dei litt og legg dei på bakebrett med bakepapir eller på baguettbrettet om du har. Set omnen på 250 gr og etterhev baguettane ein 25-30 min. Set dei so i omnen. Fyrste 5 min på 250 gr, slå so omnen ned til 200 gr og steik ferdig. Følg med og sjekk at dei ikkje blir for mørke, legg evt. på litt aluminiumsfolie viss dei byrjar å få for mykje farge. 

 
Her har du då klar nydelege baguettar som kjempegode til suppe, gryter, pastarettar osb. ...

Det var middagen i går og vi kosa oss skikkeleg! :O))




Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...