søndag 27. januar 2013

Lett miks!!

Då var det helg igjen, har hatt arbeidshelg, men det er heilt greitt når vi no berre jobbar kvar tredje helg. Det er rett og slett fantastisk herleg. Innlegget blir ein lett miks som vanleg. Legg også ut nokre oppskrifter, viss noko eg har laga kan freiste ;)) Kjekt at nokon legg igjen kommentarar og spør om oppskrifter.
I dag har eg vore flink synest eg og skrive ned fleire oppskrifter. Fredag var det reke- og krepsesalat med nybakt brød som stod på menyen. Skunda meg heim frå jobb og laga salat og deig til brødet. So var det ut og trille ein storsekk med ved oppom huset medan deiga heva, puuh... det gjekk akkurat. Oppskrifta på salaten har eg fått av ein kollega og so har eg tilpassa den litt slik det passar meg. Brødet prøvde eg å lage med tanke på at det skulle passe til salaten. Oppskriftene ligg under bileta.


Reke- og krepsesalat. (4-5 personar)

250 gr tricolor pastaskruer
1 gulrot
1/2 raud paprika
1/2 grøn paprika
1-2 fedd kvitlauk
1/2 raud lauk
1 boks krepsehalar
2 boksar reker (ca 400 gr)
3/4 liten rund fiskepudding

Dressing:
1 beger lettrømme
1 1/2 dl lettmajones
salt
nykverna svart pepar
litt kraft frå rekeboksen
gjerne nokre dråpar med sitronsaft viss du har liggande ein sitron på lur.

Kok pastaen med litt olje i vatnet og avkjøl. Del gulrota i tynne strimlar. Del paprikaen i strimlar. Press eller finnhakk kvitlauken. Del raudlauken i små bitar. Og del opp fiskepuddingen. Bland alt i ei skål, hald gjerne av litt reker og krepsehalar til pynt. Bland dressingen, smak deg fram med salt og pepar. Eg brukar ikkje mykje salt, for rekene og krepsehalane er salt nok nesten. Bland deretter dressingen i salaten. Lag den gjerne i god tid slik at han får stå i kjøleskåpet og godgjere seg. Den er like god dagen etter!

Server den med godt brød.

Her er oppskrifta på brødet eg laga. Eg miksa i hop ei deig eg tenkte ville passe til smakane i salaten, og det vart ikkje so verst det :) Prøvde å notere meg kva eg brukte, pleier oftast berre blande det eg kjem på.

"Fiskebrød"
3,5 dl vatn
ca 600 gr kveitemjøl
25 gr gjær
1 ts dill
2 ts tørka persille
1 ts halvsalt
2 ss olivenolje, gjerne olivenolje med sitron i
1 dl tyrkisk el gresk yoghurt
 Fyll:
Litt svarte oliven
2 fedd pressa kvitløk

Lunk vatnet litt. Ha mjøl i ein bolle, smuldre i gjær. Ha i dill,persille, salt, olivenolje og yoghurt. Bland i vatnet og elt deiga godt. Juster med mjøl el vatn alt etter som, ikkje lag for fast deig. Hev ein times tid. Etter heving klappar/kjevlar du deiga utover. Eg hadde på litt svarte oliven og to fedd pressa kvitløk.Viss du ikkje vil ha i oliven kan du evt. ha kvitløken i deiga når du lagar den. Eg slit litt med å like oliven, men eg har ein i huset som tykkjer det er godt. Eg hadde ikkje so store mengder i og dei kunne lett plukkast ut. Rull deiga saman og ha det i ei godt smurt form. Eg burde ha brukt ei større form. Pensle med litt vatn og strø på valmuefrø. Etterhev ein 20-30 min. Steikast på ca. 190 grader i 35-45 min.
La brødet avkjøle seg på rist og nyt eit godt måltid!

So har eg gjort ferdig sokkane eg lovde husbonden. Har strikka ei enkel kvardagshue til han også, håpar ho blir brukande. Skal strikke ei hue i brunt til han, men må finne meg eit mønster eg vil bruke. Hua er strikka i Nepal(Drops), eit herleg garn.

Laurdagsmiddagen vart ei suppe som eg likar godt. Eg er veldig glad i supper, men vi har det altfor sjeldan då yngstemann i huset, meiner at suppe ikkje er middag. Han er vekkreist i helga so då benytta vi sjansen ;))
Eg laga ei Gulasjsuppe og eit brytebrød til. Oppskrifta på gulasjsuppe har eg frå ei gamal suppebok  til Norske Meierier. Oppskrifta kjem her:
Gulasjsuppe
Det står 4 pers. i oppskrifta, men eg vil sei her blir rikelig suppe til 3, men forlite til 4.
3 poteter(eg pleier bruke både 4 og 5 alt etter storleik)
1 raud paprika
2 løk
1 fedd kvitløk
1-2 ss smør(el olje)
200 gr(gjerne litt meir) beinfritt oksekjøtt, f.eks. rundbiff

3 ss tomatpure
6 dl kjøttbuljong(eg brukar vatn og 1 1/2 buljongterning)
4 dl lettmjølk
2 ts paprikapulver
1 ts oregano
salt
pepar
persillegrønt
1. Skrell poteter og løken. Skjær potetene i skjever og hakk løken. Skjær paprikaen i strimlar og kjøttet i små terningar.
2. Fres løk og kvitløk i litt smør eller olje. Ha det over i ei gryte/panne. Steik så kjøttet litt, la det såvidt ta farge. Ha det oppi gryta saman med løken.
3. Rør inn tomatpure. Ha i potetene og paprikaen. Tilsett buljong og mjølk. La suppa koke i ca. 15 min. til potetene er møre.
4. Smak til med salt, pepar, oregano og paprika. Pynt med persillegrønt.

Nydelig supe som eg anbefalar, kan gjerast ferdig i god tid, gjerne dagen før og so berre varmast oppatt før bruk. Eg har laga ho mykje både til oss sjølve og i større lag. Lagde den blant anna til min 40-års dag og då var vi over 60 personar.

Her er resultatet
 Brødet eg laga var ei oppskrift er fann på nettet på Passion 4 baking.(Nydelig blogg det er vert å ta ein kikk på.) Har fått forespørsel på oppskrifta på Focacciabrødet, eg skal legge ut oppskrifta på Focaccia ein dag seinare :)

I går kveld og natt var min kjære på jobb og yngste mann på tur. Eg sat difor åleine og kosa meg so godt eg kunne. Eg hadde ikkje problem med det. Eg har bøker på gong...
Det blir nok både vinter og vår før eg blir ferdig, har ikkje nok timar i døgnet...

So har eg fått eit par nye blad i posten denne veka som eg har spart til helga. Og ikkje minst kunne eg sette i gang med nytt strikkeprosjekt, rakk nok ikkje alt i går kveld nei, men det er jo søndag i dag og nok ein dag til å kose seg...

I dag har vêret slått om og det bles godt ute, tenkte eg skulle ha meg ein tur ut, vi får sjå det an, viss ikkje står tredemølla klar til bruk.....

Nyt søndagen!!

Mariann


1 kommentar:

  1. Ååååh, for ein helg hos deg!!!
    Ser ut for at du har hatt det som plommen i egget ja.... ;)

    Og så mye godt lesestoff!

    Strikket vart kjempefint, nydelige farger i sokkene! Godt med varme fra topp til tå!

    Gaulsjsuppen er bare FANTASTISK! Lenge sidan vi har hatt den no, men spørs om ikkje det må gjerast noko med...vart frista.... Såg flott ut brødet òg! Og av erfaring veit eg at det du lagar SMAKAR minst like godt!

    Eg og S+S har vore ute i "stormen" i stad, ganske friskt å gå tur i dag kan ein sei....Men det er ikkje noko problem så lenge ein har gode kle (les:skinkevarmar:)

    Ha ein finsøndag vidare! Snakkast ;)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...