fredag 17. februar 2012

Fredagskveld

Snart ferdig med strikkeprosjektet eg begynte på forrige helg, måtte ringe til Florø i går for å få fatt i meir garn. (Dei har ikkje Nepalgarn i Førde.) Kan ikkje risikere å bli arbeidslaus i helga :-)


Etter jobb, var det tid for ein liten trimtur, det vart ein tur på Bystien i kveld og. Det var skikkeleg grisevêr, men deilig å kome seg ut litt.

Tok berre med det små kameraet, vanskeleg å få gode bilder i mørkret/halvmørkret og regnværet. Her tok eg bilete på same staden som det vart tatt søndag,(sjå lenger ned i bloggen om du vil) flott stemning på kvar sin måte.


Etter ein god dusj var det tid for fredagsmiddag og kos. Har ein kar som er innom på jobb av og til og sel kreps. I dag var den fersk og eg kunne ikkje la sjansen gå i frå meg. Det hadde vore deilig med fersk kreps i kveld, og slik blei det. Super enkelt, men du verden so godt. Kreps, brød, sitron og ein god salat.



 Då er det vel leggetid. Vi skal på jobb begge to i morgon.

Ha ein fortsatt fin fredagskveld!!

1 kommentar:

  1. Å kor deilig det såg ut med krepsen! :)
    Bilde i frå bystien ned i sentrum var utrolig fint då!!!
    Eg starta faktisk dagen i dag (før frukost!) med ein tur ut, godt når ein er komen seg over dørstokken... :)
    Du er nok ikkje arbeidsledig no nei, blir spennende å sjå med dei fargane òg!
    Kos deg med strikketøy i ruskeværet! ;)
    Klem ;)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...