søndag 19. februar 2012

Fastelaven og snart vinterferie...

Eg er ikkje so veldig glad i fastelavensbollar. Dei to andre i huset fekk, men eg lagde i tillegg små vannbakkelsar som eg fylte med vaniljekrem. Det er snadder, med eit lite dryss med melis på :o)


Elles so var eg avstad og kjøpte meg litt vårstemning på fredag. Tulipanar, Påskeliljer og Perleblomster. På det store bilete ser det vêret, regn og snø. Vi kan vel ikkje forvente vår i vinterferieveka, men vi kan no kose oss med det inne og tenkje på at det er forhåpentlegvis ikkje er so lenge til det er vår ute.

Perleblomster er nydelige.... og so var eg på Heidi Bo og snopa meg eit par fine koppar... til å ha snop oppi ;o)

Elles so har helga vore jobb og avslapping. Har eit par kortprosjekt på gang, so eg måtte avstad og invistere i litt nye papir. Trengte einsfarga ark, har massevis med mønstra, men alltid inspirerande med litt nye mønsterark.

Har kosa oss med litt god mat. Det er viktig både til kvardags og helg ;-)
Her er laurdagsmiddagen:

...og her er søndagens meny:

Har sjølvsagt gjort ferdig prosjektet eg starta på forrige helg. Inspirert av Anita sin flotte Osloanorakk måtte eg prøve meg på den også. Mønsteret er Pickles sitt og kan bestillast hjå dei. Her er resultatet mitt, er faktisk klar til å begynde på ein ny i kveld med det garnet eg viste dykk i fredagsinnlegget.



Nei, no skal eg gje meg. Skulle vore på arbeidsrommet og laga eit par kort, men her sit eg og surrar...,
får begynde på dei i morgon. Faktisk berre tre arbeidsdagar denne veka og so er det vinterferie på meg også - hurra!!!

Ha ein knakande god søndagskveld!!

Mariann


3 kommentarer:

  1. Herlighet kor mykje godt!!!!!
    Skjønar ingen har lidd naud hos deg i helga....ikkje at nokon gjer det til vanleg heller.....hm... :)
    Anorakken blei utruleg fin!!!! Med fine detaljar!
    Er bare å gå i gang med ein til no ja!
    Endå eg har ete meg stinn i selskap dag blei det fristande å prøve seg på vannbakkels ja, har snakka om det ein stund no, spørs om det blir virkelighet etter fristelsen her.... :)
    Snakkast i morgon! ;)

    SvarSlett
  2. Også jeg fikk vann i munn av både vannbakkels og andre herligheter. Ser så fristende ut, Mariann!! Og etter å ha smakt et par av dine retter, vet jeg at det smaker nok minst like godt som det ser ut. Han har gjort et varp han mannen din he he :):)
    Takk for mye god inspirasjon i bloggen din, en ren nytelse å komme på besøk her.

    Ha en strålende vinterferie!! Vi reiser til Geilo onsdag-søndag, og håper på fint skivær.

    Klem

    SvarSlett
  3. Helleveien - her var mykje flott og godt...;-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...