lørdag 21. februar 2009

Bursdagspresang


Skal i bursdag i dag til ei av mine svigerinner og eine guten hennar. Tenkte ho skulle få noko og kose seg med i mørke vinterkveldar. Ei flaske vin, "kosebukse"(pysjamasbukse), mjuke sokkar og ein Boccasjokolade. Storkosa meg i går ettermiddag med å lage kort/innpakning. Resultatet kan vel diskuterast, men eg hadde det veldig moro, og det er det viktigaste! Brukte bølgepapp, papir frå gamle notebøker og salmebøker, vintage bilde og litt mønsterpapir. Pynta med papirblonder, stoffblonder, glitterlim, retroblomster. Har brukt stempel frå Kreativ Hobby og Stempelglede. Laga eigen "lomme" til sjokoladen som heng på vinflaska.







2 kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...