onsdag 19. mars 2014

Morgondagens niste


 Blir av og til lei av grovskivene som niste. Bestemte meg for å lage ei god niste til i morgon. Inspirert av måten å lage kanelbrød på, tenkte eg at det kan no gjerast med ost og skinke i staden for.
Så tenkt, så gjort.

Nistebrød med ost og spekeskinke

25 g gjær
100 g gresk yoghurt
2 ss olivenolje (gjerne med smak)
2,5 dl lunka vatn
370 g kveitemjøl
150 g sikta rugmjøl
1 ts grovt havsalt
fyll:
ca. 12 skiver serranoskinke
2 kuler mozzarellaost
1 neve nyraspa parmesanost + litt meir til å strø på toppen
oregano
litt fersk timian (om du har)
raud pesto (eg hadde eit glas med Pesto Trapanese frå Oliviers)

Ha alle ingrediensane til deiga i ein bolle, og elt godt til du har ei fin og glatt deig som slepper bollen. Eg brukar miksar og let han gå i ca. 5 min. La deiga etterheve ein times tid. Når deiga er ferdig heva bakar, du ho ut til ein leiv på ca. 50 x 40 cm. Smør eit tynt lag med pesto. Ha deretter på spekeskinke. Eg la på to skiver i høgda og tenkte på at eg skulle sleppe å skjere i spekeskinka når eg etterpå skulle dele leiven i seks delar. Riv mozzarellakulene og strø utover leiven. Ha over parmesanosten, oreganokrydder og litt fersk timian om du har. Del så deiga i seks delar (horisontalt). Legg dei så oppå kvarandre. Det ser då slik ut.

Gjer klar ei stor brødform med bakepapir i. Så deler du deiga i seks delar ein gong til. Reis opp delane etter kvart som du legg dei i brødforma tett i tett. Strø litt raspa parmesanost på toppen, og ha på litt meir oregano. Set til etterheving i ca. 40 min. Varm opp steikeomnen til 200 grader. Når brødet har heva, steiker du det på nederste rille ca. 45-50 min. Det er nok nydeleg å ete med ein gong, men då er det vel lurt å rive det. Vi måtte smake og venta til det hadde avkjølt seg litt og skar då skiver av brødet. Skal bli herleg niste i morgon saman med ein god salat og litt heimelaga dressing.
Prøv du òg.  ;o))





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...