lørdag 29. mars 2014

Fransk lammegryte og surdeigsbrød ...


På menyen i kveld stod det Fransk lammegryte med omnssteikte poteter og surdeigsbrød med valnøtter og timian.
Det starta med mating av surdeiga laurdag morgon. Eg vart litt sein før eg kom i gong med deiga til brødet så eg juksa litt og tilsette pittelitt gjær, slik at eg skulle vere sikker på at brødet vart ferdig.

Surdeigsbrød med valnøtter og timian
1 brød
50 g sesamfrø
100 g durum kveitemjøl
300 g kveitemjøl
100 g sikta rugmjøl
50 g valnøtter
1 ts. havsalt
1 ts. akasiehonning
3,5 dl vatn, litt lunka
200 g surdeig
5 g fersk gjær
2 ss olivenolje
2 ss hakka, fersk timian

Bland alt unntatt valnøttene og køyr i miksaren ca.10 min. Ha oppi valnøttene dei siste to minuttane. Deiga skal sleppe bollen, men vere litt klissete. Hev til dobbel storleik. Eg let mi stå i ca. 4 timar. Ha deiga på eit bakebord med litt mjøl. Form den med lett hand og legg ho i ei godt mjøla hevekorg. La ho så etterheve ein time eller to. Har du pizzastein set du han nede i omnen. Set omnen på 250 grader. Kvelv brødet forsiktig ut av hevekorga, skjær eit par djupe snitt i deiga og set brødet i omnen. Ta 0,5 dl varmt vatn og hiv inn i omnen når du set brødet inn i. Steik 5 min. på 250 grader, slå så omnen ned på 200 grader og steik i 40 min. til.
Sjekk brødet når du tek det ut ved å banke på det. Har du ein hul lyd er det ferdig. Avkjøl brødet på rist. Surdeigsbrød får ei supergod og knasande skorpe.

Fransk lammegryte med omnssteikte poteter. Eg tok utgangspunkt i Trines matblogg si oppskrift og gjorde litt endringar.

Fransk lammegryte med omnssteikte poteter
4 pers.
1 kg lammekjøt, bog eller lår
12-15 sjalottlauk (eg hadde oppi nokre mini raudlauk i tillegg)
4-5 gulrøtter, i litt store betar
4 fedd kvitlauk, hakka
2-3 dl vatn
2 dl raudvin
1 boks hermetiske tomatar (gjerne mutti)
1 boks bønner i tomatsaus
ein liten neve fersk, hakka timian
litt fersk, hakka rosmarin
ca. 1/2 chili uten frø, finkutta
maldonsalt og nykverna pepar
1 laurberblad
ca. 2 ss god balsamicoeddik

8 poteter, delt i to
olivenolje
maldonsalt
nykverna pepar
eit dryss med litt fersk timian og rosmarin

Steik kjøtet i to omgonger. Ha det over i ei gryte/panne. Kok ut panna med litt av vatnet kvar gong og hell det over kjøtet. Fres hakka kvitlauk, heile sjalottløk og gulrøtene. Ha det opp i gryta med kjøtet. Ha i resten av evt. vatn, raudvin, knust tomat og krydderet. Kok opp og la det småkoke i 1,5 - 2 timar, til kjøtet er møyrt og slepp beinet. Når kjøtet er ferdigkokt tilset du tomatbønnene, balsamicoeddik og evt. meir krydder. La tomatbønnene bli varme før du serverer.

Medan gryta småputrar gjer du klar potetene. Du kan fjernet skalet om du vil. Eg hadde nye fine amadine poteter og let skalet vere på. Del potetene i to og pensle dei med litt olivenolje. Eg brukte ein god olivenolje med kvitlauk. Dryss på litt maldonsalt, kvern over litt pepar og ha på litt timian og rosmarin. Steik dei midt i omnen i 40-45 min. til dei har fått fin farge og er møyre.


Det skulle då vere klart for eit nydeleg måltid mat. Kjempegod lammegryte, steikte poteter og knasande godt brød, kanskje med litt smør på. Dypp det i alle fall i sausen og nyt. :))  Litt dessert blei det også. Gateau Marcel (sjokoladekake) med min vri, oppskrifta kjem i morgon, tenkjer eg.









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...