søndag 29. november 2009

TRAVEL HAUST!!

Heisan! Trudde at når eg skreiv på bloggen i sept. so skulle eg kome i gong igjen og lage litt oftare innlegg. Men den gong ei, det har vore ein travel haust!! Har laga julegåver på harde livet og dei kan eg jo ikkje legge ut! Har laga litt kort og diverse også, ofte i siste liten og har dermed gløymt å ta bilete. Men her kjem litt bilde over kva eg har gjort på (som eg kan legge ut då!)

I september var eg "vert" for nokre tidlegare kollegaer som var på blåtur. Mi oppgåve var mat og kos. Dei kom då på hytta vår, der eg hadde laga treretters middag. Og so var det bading i badestampen ute etterpå. Vi hadde ein skikkelig koselig kveld. Eg laga bordkort som eg knytte på glasa, meny høyrer jo med i "fint" selskap og so nådde eg akkurat dei siste rognebæra til å pynte med.





So har vi mange i familien som har bursdag i november. Lagde litt diverse gåver, men gløymde å ta bilete av det meste! Her er iallefall ein presang som ein av mine "tanteungar" fekk. Eg strikka eit trekk til ei varmeflase og tova det. Og so strikka eg eit par sokkar med flettemønster, har visst ikkje tatt dei skikkeleg på meg ein gong:)



Lag også nokre stjerneøskjer som eg såg fyrste i bloggen til Jorunn og so hjå Scor-pal. Masse fine maler forresten. Er blitt veldig glad i scor-pal brettet mitt. Lagde tre stykkjer på rappen, brukte dei som kort, nokre festa eg pengar på og fylte dei med snop. Enkle og dekorative! Kjekke å lage.




Forrige lørdag begynte vi på julebaksten, best å få dei mest "mjølete" sortane unna før vi skal vaske rundt kjøkkenet.(Det gjer eg kvart år før jul, og kvir meg like mykje kvart år, men deilig når det er gjort.) Baka litt over 30 fiskebrød, vel 60 potetkaker, 24 nordlandslefser og litt "ferjesveler" som kunne nytast der og då!



Og i dag, 1.søndag i advent har vi og ein familie til, tradisjon med å lage julepølser. Og so kosar vi oss med middag etterpå. Det er då sjølvsagt nylaga julepølser, poteter, nepestappe, erter, rødkål, surkål og kvitsaus. Mmmmm det var kjempegodt, og juleserviset må fram denne dagen:) Kjempekoselig med nokre tradisjonar som går igjen år etter år! Det var det, skal prøve å skrive oftar! Har tenkt å hive meg på eit par utfordringar, sjølv om eg ikkje har tid, har nemleg nokre julegåveprosjekt som ikkje er ferdig.





4 kommentarer:

  1. ser du har hatt en travel høst ja, men wow... er det noko du ikkje kan??
    Du er virkelig en nevenyttig person! Alt det du tryller frem, både av kort, borddekking og mat, eg beundrar deg!
    Ser ut som dåke kosar dåke mykje, og tradisjonar i jula er virkelig noko å halde fast på, det er jo det som gjer jula spesiell ;)
    Lykke til med resten av gavelaging, og juleforberedelsar.
    ha ei fin adventstid!
    Klemz

    SvarSlett
  2. Mange fine og ikkje minst til slutt gode ting her!!!!!
    Nåkke av det du har laget har eg jo vært heldig å fått sett! Flink er du til tusen! Men hadde jo ikkje sett det flotte bordet du hadde pyntet til "gamle gjengen", utrolig fint, tipper de var godt fornøyd! Maten tviler eg ikkje på, så det ble nok en bra kveld!

    Såg ut for at dåkke koste dåkke i går ja...=)
    Snakkes!
    Klem, Anita ;)

    SvarSlett
  3. Hei Mariann!

    Så kjekt å finne nye innlegg hos deg!! Du har vært savnet;-))
    Herlighet...sier som Lise; er det noe du ikke kan???? Du har et veldig stort mangfold har jeg skjønt og det synes godt i både dette innlegget og tidligere innlegg. Jeg er også full av beundring over alt du lager!!
    Dette var ett skikkelig koselig innlegg Mariann og med flotte bilder til:-))

    Klem,
    Astrid

    SvarSlett
  4. Wow, du har virkelig hatt hendene fulle hittil i julestria! Fekk heilt vatn i munnen av bakverket ditt! Pølsene såg nam ut også!! Så kjekt med juletradisjonar!

    Og så nydelig stjernebokser du har laga!
    Litt morro med anna en vanlige kort, og scor pal har masse flotte maler!

    Klem,
    Jorunn

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...