lørdag 8. februar 2014

LØRDAGSMIDDAG


I dag lagde eg wraps med kylling og grønnsaker. Eg veit ikkje kva eg kan kalle det, det liknar kanskje mest på fajitas. Godt var det i alle fall. Fyrst laga eg deiga, so laga eg til kvitløksdressingen og rett før deiga var klar steikte eg kjøttet og grønnsakene. Sette det litt til side og kjappa meg og lagde ferdig wrapsen.

Oppskrifta er berekna til 3 personar.

Wrapsen laga etter oppskrifta til Paul Hollywood. Har kjøpt meg to bakebøker med han, dei kan verkeleg anbefalast! (Bilete av dei i eit innlegg lenger nede i bloggen.)

WRAPS - 6stk.

250 gr. kveitemjøl
5 gr tørrgjær
5 gr salt
15 gr fint sukker
20 gr usalta smør, temperert
1,6 dl vatn
litt olivenolje til bordet, bakebollen og steikepanna


Eg blanda alt saman og hadde vatnet litt lunka. So tok eg litt olje på bordet og hadde deiga ned på. Deiga er laus so eg måtte strø på pittelitt mjøl. Deretter knadde eg deiga godt, til eg fekk ei blank, glatt og smidig deig. 5-8 min. står det i oppskrifta. So hadde eg litt olje i ein bolle og la deiga oppi. Lot ho heve i 1-1,5 time. Når deiga var ferdig heva, tok eg litt mjøl på bordet. Knadde deiga lett og delte ho i seks deler. Forma emna til bollar og lot dei kvile litt. Baka ut med kjevle til dei vart ca. 20 cm. Hadde litt olje i steikepanna og steikte dei 1-2 min. på kvar side. La dei i eit kjøkenhandkle slik at dei heldt seg varme.

Kvitløksdressingen fann eg ein gong tidlegare på bloggen til Elin Larsen,  det er ein fin blogg med mykje gode oppskrifter. Her er oppskrifta, eg lagde berre halvparten og det vart akkurat passe.

KVITLØKSDRESSING

100 gr. majones(eg brukar lettmajones)
130 gr. seterrømme(eg brukar lettrømme)
2 store fedd kvitløk - fersk og finhakka(ca. 12 gr)
2 ss sitronsaft
3 ss finhakka grasløk(brukte tørka)
salt
Rør saman og set i kjøleskåpet slik at den får stå og godgjere seg. Enkel og god dressing.

Kjøttfyllet kan varierast med div. typar kjøtt og krydder alt etter smak og humør. :)) I dag vart oppskrifta slik:

Meksikanskinspirert KYLLING

3 kyllingfiletar, skjært i tynne skiver litt på skrå og so delt i to igjen
1 rødløk i tynne skjever
1 løk i tynne båtar
1 rød paprika, strimla
1  grøn paprika, strimla
1 fedd kvitløk, hakka
3 ts mexicomix krydder(Søstrene Grene), bruk det du får tak i
litt nykverna pepar
litt aromatkrydder(Knorr)
eit lite dryss med litt hot fajitaskrydder(eg har ein boks med fajitasmix, veit ikkje kvar eg har kjøpt den).

Eg steikte kyllingen(nesten ferdig) i fleire omganger og hadde det over i ei skål. So hadde eg grønsakene i steikepanna og hadde kyllingen oppatt i. Deretter hadde eg i krydder og blanda godt. Lot det steike nokre minutt, til kylllingen var ferdig og løken blank. Smakte på det og kjente at det var perfekt.
Smak til med meir krydder om du ynskjer.

Server wrapsen med litt crispisalat, kylling- og grønnsakblandinga og ha på kvitløksdressing.
Skikkeleg kosemat. ;o))

Vart litt tidleg middag i dag pga.at yngstemann i heimen skulle på jobb i kveld. Egentlig heilt ok for då vert kvelden litt lenger på ein måte og eg fekk tid til å lage dette innlegget. ;))








1 kommentar:

  1. Såg KJEMPEGODT ut!
    Herleg lørdagsmat det der, her vart det nachosgrateng på laurdagskvelden, i godt selskap. Litt enklare og kjappere... :)
    Snakkast i morgon! :)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...