mandag 12. mars 2012

Heisan! På tide med nytt innlegg, over ei veke sidane forrige! Har ikkje so mykje nytt å kome med, har vore ei travel veke og lite tid til å gjere papir-/handarbeid. Held på å planlegge eit par ferieturar og det tar nokre timar på nettet før eg er ferdig. Her kjem no ein liten rapport likevel med litt diverse som vanleg.

Var i bursdag i går og her er kortet eg lagde. Synst Anita sine kofirmasjonskort til pengeinnlegg var kjemfine og enkle uten for mykje dill og dall. Eg tenkte at desse er fine til både bursdag, konfirmasjon og dåp. Har fått bestilling på eit par dåps og konfirmasjonskort + at eg må lage fire-fem konfirmasjonskort til oss sjølve + nokre bursdagskort. So her er det berre å henge i!

Slik såg det ut inni med lomme til pengar....
....og slik var baksida.

Elles so held vi på og pusse opp tv-stova, ho ser skamferen ut for øyeblikket, men blir forhåpentligvis bra når vi er ferdig. Eg må pusse vinduet og male det i løpet av veka.

Tid til matlaging må vi ha. Laurdag var det lasagne, nystekt brytebrød/rundstykker som stod på menyen...

og til dessert.....

Tilslutt ein liten vêr rapport, her kan vi melde om stabilt dårleg vêr som vanleg....
Skodde, yr og regn... :(


Desse bileta vart tekne tidlegare i kveld, og sjølv om vêret er dårleg, er det deilig at snøen kryp oppover og vi kan gå høgare for kvar dag på tøya vegar. Temperaturen er fin, kjenner at eg må begynde å ha mindre på meg når eg er ute og går. Og skodda er faktisk ganske fasinerande og flott når ein berre kjem seg over den... :) (prøv og tenk positivt har eg lært :) det går bra i mars, tonen blir nok ein annan viss vi har dette vêret i mai..)

Ha ei feiande flott veke!!

Mariann

2 kommentarer:

  1. Heeei!!!
    Nyyydeleg kort! Det var skikkelig fint, herlege pastellfargar!
    Litt av ein jobb de har føre dåkke på tv-stova, men blir alltid bra når de er ferdig, eit radarpar dåkke to!!!
    Maten din såg som vanleg fantastisk ut, er hos deg eg skulle vore og fått opp att matlysta!!! Flinke å gå på tur òg! No må eg sei eg gler meg skikkeleg til å komme meg ut av huset igjen!!! Ei veke sidan eg sist var utom husets fire veggar! Skal bli godt å lufte seg i morgon, så vi snakkast då!
    Klem :)

    SvarSlett
  2. Alt du rekker over! Den stua så skikkelig "grunge" ut nå, thi-hi! Litt styr mens det står på men gøy blir det når oppgraderingen er ferdig. Lykke til med arbeidet!

    Herlig mat og turbilder, været til tross. Flotte bilder og dere flinke til å komme dere på tur. Spark bak til meg, har funnet go'stolen og liker med der litt for mye mens det pisker på rutene.. Liker innstillingen din! Snart blir det turer her også, he-he!

    Nydelige kort, kjempeflotte den varianten der og detaljene er bare lekre som vanlig. Er fadder til en konfirmant selv, så jeg bør kanskje tenke ut en plan for hva jeg skal lage litt på forskudd.. Ukene går fort! ;)

    Nyt dagen!
    Klem :)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...