Heisan! Trudde at når eg skreiv på bloggen i sept. so skulle eg kome i gong igjen og lage litt oftare innlegg. Men den gong ei, det har vore ein travel haust!! Har laga julegåver på harde livet og dei kan eg jo ikkje legge ut! Har laga litt kort og diverse også, ofte i siste liten og har dermed gløymt å ta bilete. Men her kjem litt bilde over kva eg har gjort på (som eg kan legge ut då!)
I september var eg "vert" for nokre tidlegare kollegaer som var på blåtur. Mi oppgåve var mat og kos. Dei kom då på hytta vår, der eg hadde laga treretters middag. Og so var det bading i badestampen ute etterpå. Vi hadde ein skikkelig koselig kveld. Eg laga bordkort som eg knytte på glasa, meny høyrer jo med i "fint" selskap og so nådde eg akkurat dei siste rognebæra til å pynte med.
So har vi mange i familien som har bursdag i november. Lagde litt diverse gåver, men gløymde å ta bilete av det meste! Her er iallefall ein presang som ein av mine "tanteungar" fekk. Eg strikka eit trekk til ei varmeflase og tova det. Og so strikka eg eit par sokkar med flettemønster, har visst ikkje tatt dei skikkeleg på meg ein gong:)
Lag også nokre stjerneøskjer som eg såg fyrste i bloggen til
Jorunn og so hjå
Scor-pal. Masse fine maler forresten. Er blitt veldig glad i scor-pal brettet mitt. Lagde tre stykkjer på rappen, brukte dei som kort, nokre festa eg pengar på og fylte dei med snop. Enkle og dekorative! Kjekke å lage.
Forrige lørdag begynte vi på julebaksten, best å få dei mest "mjølete" sortane unna før vi skal vaske rundt kjøkkenet.(Det gjer eg kvart år før jul, og kvir meg like mykje kvart år, men deilig når det er gjort.) Baka litt over 30 fiskebrød, vel 60 potetkaker, 24 nordlandslefser og litt "ferjesveler" som kunne nytast der og då!
Og i dag, 1.søndag i advent har vi og ein familie til, tradisjon med å lage julepølser. Og so kosar vi oss med middag etterpå. Det er då sjølvsagt nylaga julepølser, poteter, nepestappe, erter, rødkål, surkål og kvitsaus. Mmmmm det var kjempegodt, og juleserviset må fram denne dagen:) Kjempekoselig med nokre tradisjonar som går igjen år etter år! Det var det, skal prøve å skrive oftar! Har tenkt å hive meg på eit par utfordringar, sjølv om eg ikkje har tid, har nemleg nokre julegåveprosjekt som ikkje er ferdig.