søndag 10. juni 2012

Sommaren er her og med den kjem reiselysta....

Heisan, ja no er det lenge sidan forrige innlegg. Etter 17. mai kom det endeleg litt sol og varme. Det var fantastisk, får sjeldan tida å berre sette seg ned og nyte da. Det er alltid noko som skal gjerast ute, men du verden so mykje lettare og kjekkare alt er når det er fint vêr! Har gjort ein del målingsarbeid på huset, og der er meir som skal gjerast, men vi får ta det etter kvart. Det vert lite med kortlaging og handarbeid elles på denne tida av året, det freistar liksom ikkje. So her kjem i stadenfor litt bilete frå eit par turar vi har hatt.


15.-19. mai var vi i London. Det er enormt mykje å sjå på, so her var det berre å velje seg ut nokre få ting og so får vi ta noko anna ein anna gong.

So var vi innom Hyde Park og rusla litt. Ein del tre stod i flott blomstring. Vi hadde oss ein koselig kanalbåt-
tur. Vi gjekk på i Little Venice og følgde båten til Camden. Det tok ca. 50 min., artig å finne noko slikt midt i ein stor støyande by, for her var det stilt og roleg. Heilt til vi kom til Camden, då hamna vi rett opp i markedet og det var eit yrande liv, veldig moro. Her vart det selt mykje rart, men maten var fantastisk. Det var boder med mat frå Mexico, Spania, England, Kina, eg hugsar ikkje alt, det var iallefall eit fantastisk skue. Og smaksprøvar fekk ein i hytt og pine. Mmmm, mykje godt... Kan verkeleg anbefalast! Vi budde i Paddington og det var eit supert utgangspunkt.

Notting Hill er ein koseleg bydel og artige butikkar. Vi måtte blant anna innom The Spice Shop, her handlar visst ein del kjendiskokkar krydder også. So var vi i London Eye, det gav oss ei fantastik utsikt! Og so kan ein jo ikkje reise til London utan å ha ete full English breakfast og fish and chips, eg kan styre mi begeistring! Og til slutt måtte vi innom Buckingham Palace, her var det byggekaos av tribuner og diverse til dronningjubileet, men vi fekk no sjå da. Vi hadde iallefall nokre koselige dagar i lag heile familien.

So kom Pinsa med nydeleg vêr, og sjølvsagt jobbehelg ;(  Måndagen hadde vi fri alle saman og då tok vi oss ein tur til Fjærland. Det er ein times køyring frå oss her i Førde.

Her er litt bilete frå aktivitetane i Fjærland.....

 Det var litt bilete frå eit par fine turar. Kom heim i går kveld frå ei flott veke på Rhodos!! Det kjem litt bilete frå den turen ein annan kveld. :))

Ha ei flott veke! Måtte berre finvêret vare leeeenge...!

søndag 13. mai 2012

Konfirmasjonskort og litt til......

Heisan, her er det langt mellom blogginnlegga. Har jobba mykje ute med vask av hus og hagearbeid medan vêret held seg noko lunde.Vi hadde nokre fine dagar i slutten av april(fint vêr, men kald vind), no er det definitivt slutt ser det ut som. Har litt malingsarbeid ute, men det kan vi visst berre gløyme. Vêrmeldinga er regn og kulde og forrige søndag vakna vi til 15 cm nysnø! Det hatar eg i mai, arrrghhh!! No vil eg ha varme og sol!! So her kjem ein liten vêrrapport(som vanleg).


Benytta finvêret ein søndag for eit par veker sidan til å ta ein tur til Kannesteinen. Har ikkje vore der sidan eg var på skuletur på barneskulen. Kannesteinen ligg litt utanfor Måløy og det er fasinerande å sjå kva naturen lagar av kunstverk. Hadde rekna med bitande kald vind rett inn i frå havet, men det var so lunt og fint. Sat ei stund og kosa oss og nytte veret og utsikta.

Elles so var 1.mai ein nydelig dag, kald trekk, men lunt bak huset vårt. Eg er kjapp med å ta fram grillen om våren, elskar å grille :). Har faktisk greidd å grille tre gonger alt. Men dette bilete er frå frukosten.

Sola skein so fint på nokre primula som stod i full blomst i hagen.

Og tilslutt hadde vi ein nydelig solnedgong 1.mai om kvelden.

Det var altså tysdag 1. mai. Laurdag 5. mai såg derimot ikkje slik ut.... Då var det snøbyger og grisekaldt, berre å få på seg varmekjeledressen igjen, om ein skulle vere ute og jobbe.

Søndag 6.mai skulle vi i konfirmasjon og då vakna vi til dette. Tok bilete ut gjennom stovevinduet, orka ikkje opne altandøra ein gong.

Vel, vel det er nok om vêret for denne gong. Eg er ganske tålmodig med vêret om vinteren, men når våren og sommaren regnar vekk og er kald, då lurer eg ofte på kvifor vi bur her. Er iallefall slutta med å ha ferien i Noreg for lenge sidan!!

Her kjem nokre bilete frå konfirmasjonskorta eg har laga, har visst ikkje hugsa å ta bilete av alle, men her er dei fleste eg har laga i år. Ser at bileta ikkje er gode, fotografering vart gjort litt for kjapt og i for dårleg lys, dessverre.



Her kjem eit gutekort inn i mellom alle jentekorta.
Her kjem eit par kort som er laga som ei lommebok, henta inspirason frå fleire bloggar på nettet, blant anna Anita sin, og lagde so min eigen versjon.






Og so kan vi ikkje gløyme maten ;))  Her er eit par bilete frå i går kveld.

Ha ein fin søndag, folkens!!

Mariann

tirsdag 17. april 2012

Eit lite livstegn! :)

Heisan, eg er her fortsatt, har liksom ikkje hatt so mykje å skrive om synst eg, men det vart no visst litt likevel når eg begynte å sjå igjennom bileta mine. Held på å lage ein del konfirmasjonskort, skal ta bilete av dei når eg er heilt ferdig. Elles såg de sist ei tv-stove under oppussing, er for so vidt ferdig, men ventar på ny sofa, so eg skal kome med eit par bilete når den er på plass. Og so må eg skjerpe meg og lage nye "heading" no er vi no vel ferdig med kulde og is snart, lengtar etter varmmmmmeeeee!!!

Fekk bestilling på eit dåpskort, laga to stykker slik at dei kunne velge. Her er dei.




Her er kort nr. 2, laga som ei lita øskje.


Elles so var vi til Bergen siste helga i mars og besøkt eldste guten vår. Det var fint vêr, men grisekald vind. Hadde oss ein rusletur i Bergen på laurdagen og om kvelden var vi på "Flink pike" med Pernille Sørensen, det var bra levert som vanleg med ho.
Her er eit par bilete frå by'n. Vi hadde planlagt å gå opp på Fløien og ta Fløibana nedatt, men eg hadde
ei hoft og ein fot som slettest ikkje var samarbeidsvillig so vi får ta det igjen ein annan gong.

Påskehelga tilbringa vi på hytta, langfredag var det meldt fint vêr og vi skulle få besøk og grille og kose oss. Vêret vart ikkje so bra som meldt, som vanleg ;( litt sol, litt skye, litt sol og plutselig ei snøbyge. So ja vi grilla, men maten tok vi med oss inn, vi gav opp og nytte grillmaten inne.


Påskeafta derimot, var vêret mykje betre enn forventa. So då tok vi oss ein spasertur og etterpå vart det eit par timar i solveggen utanfor hytta.

Nydelig solnedgang i fjella påskeafta.

Det gjekk mest i reisebøker i påska, har no bestilt årets ferieturar og eg gledar meg stort.

Det var det eg hadde, kjem snart igjen med bilete av konfirmasjonskorta eg har laga.

Ha ei flott veke!!

Mariann

mandag 12. mars 2012

Heisan! På tide med nytt innlegg, over ei veke sidane forrige! Har ikkje so mykje nytt å kome med, har vore ei travel veke og lite tid til å gjere papir-/handarbeid. Held på å planlegge eit par ferieturar og det tar nokre timar på nettet før eg er ferdig. Her kjem no ein liten rapport likevel med litt diverse som vanleg.

Var i bursdag i går og her er kortet eg lagde. Synst Anita sine kofirmasjonskort til pengeinnlegg var kjemfine og enkle uten for mykje dill og dall. Eg tenkte at desse er fine til både bursdag, konfirmasjon og dåp. Har fått bestilling på eit par dåps og konfirmasjonskort + at eg må lage fire-fem konfirmasjonskort til oss sjølve + nokre bursdagskort. So her er det berre å henge i!

Slik såg det ut inni med lomme til pengar....
....og slik var baksida.

Elles so held vi på og pusse opp tv-stova, ho ser skamferen ut for øyeblikket, men blir forhåpentligvis bra når vi er ferdig. Eg må pusse vinduet og male det i løpet av veka.

Tid til matlaging må vi ha. Laurdag var det lasagne, nystekt brytebrød/rundstykker som stod på menyen...

og til dessert.....

Tilslutt ein liten vêr rapport, her kan vi melde om stabilt dårleg vêr som vanleg....
Skodde, yr og regn... :(


Desse bileta vart tekne tidlegare i kveld, og sjølv om vêret er dårleg, er det deilig at snøen kryp oppover og vi kan gå høgare for kvar dag på tøya vegar. Temperaturen er fin, kjenner at eg må begynde å ha mindre på meg når eg er ute og går. Og skodda er faktisk ganske fasinerande og flott når ein berre kjem seg over den... :) (prøv og tenk positivt har eg lært :) det går bra i mars, tonen blir nok ein annan viss vi har dette vêret i mai..)

Ha ei feiande flott veke!!

Mariann

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...