Yes, då var ditta gjort, og det gjekk so fort at eg fekk nesten ikkje tida til å senke skuldrane før det var over. Skulle gjerne hatt eit par dagar til, men sånn er det vel alltid. Vi reiste på hytta seint onsdag kveld i eit skikkeleg grisevêr, men faktisk fekk vi litt gløtt av sol laurdag morgon og litt på ettermiddagen og i går var det nydelig lenge, men då var det pakking og vasking so den sola fekk vi ikkje nytte oss av, typisk!! Vi har kosa oss likevel, god fyr i peisen, vennebesøk, litt aking, litt spasertur, god mat og bading ute i stampen.....
Før eg tok vinterferie hadde eg eit par kort eg skulle lage. Her kjem det fyrste, det vart ei øskje til å ha presangen i kombinert med kort. Kjekt å lage :)
Neste kort vart også ei øskje til å ha pengar og litt sjokolade i. Har ei jente som eg er tante til som er veldig flink og glad i å danse balett, dette var det perfekte papiret til å lage bursdagskort til ho. Inspirasjon til dette fekk eg av
Anita, ei nydelig øskje eg fekk av ho ein gong.
Baksida såg slik ut, helsinga er limt inni.
Dei to neste er til to gutar, det er liksom vanskelegare å lage noko til dei synst eg, lagde difor to posar med litt snop i og so hengde eg på pengar. Helsing på baksida, enkelt, men ganske ok synst eg.
So bar det på hytta for nokre dagar fri, her er litt bilete frå vinterferien på hytta.
Jammen fekk vi ikkje litt gløtt av sola seint på ettermiddag laurdag.
Det var vinterferien oppsummert, ha ei fin veke! ;o)
Mariann