søndag 21. april 2013

Hei og hå det er vår....

... på kalendaren min iallefall. Halloen, eg er oppe og går som vanleg :)), berre litt sløv når det gjeld å ta bilete og lage blogginnlegg. Vekene går fort og vinteren har vore fantastisk ikkje verken snø eller regn, det passar meg ypperlig. Vêret har no snudd, men vi treng nok regn og mildvêr viss det skal bli vår. Men den er no i emning, det kjenner eg på meg, for med våren kjem reiselysta og eg føler meg innestengt her eg går, blir rastlaus... Har diverre ikkje pengar og fri til å reise slik eg skulle ynskje, men det er lov å drøyme. Eit par turar er allereie bestilt og under planlegging og det kosar eg meg med. So eg har ikkje vore so produktiv akkurat, bortsett frå på kjøkkenet der finn eg roen og gleda.

I vinterferie kjøpte vi oss ei pastamaskin og her er nokre biltete frå fyrste gongen vi brukte den. Då lagde vi ravioli. Fyllet lagde vi utan oppskrift, men det smakte godt. So lagde vi ein god tomatsaus og hadde godt brød til. Kjempekjekt å lage eigen pasta, den smakar veldig godt. Kan verkeleg anbefalast. Eg skulle gjerne hatt ei litt meir avansert pastamaskin som kan lage fleire typar, men alt til si tid, vi får begynde med det enklaste. Eg brukar italiensk durumkveite. Har laga tagliatelle nokre gonger,  for eg har funne ei oppskrift på ein god kjøttsaus, som skal koke lenge. Den har ein kraftig, god smak og det synest eg ein pastasaus skal ha. So heimelaga pasta, god heimelaga kjøttsaus og nysteikt brød, det er alt ein treng for å kose seg ved bordet både vel og lenge. Det tar jo litt tid, men er ikkje vanskelig.


Vi har hatt sommarferien vår ganske ofte i Spania i løpet av dei tolv siste åra og her ein kveld kom eg på noko enkelt og godt vi av og til kjøpte til lunsj eller også til middag med salat, viss vi ikkje gadd å gå ut og ete eller ho mor(meg) ikkje hadde planer for middagen. Det var ein oval brødkrans fylt med pølse, spekeskinke eller kokt skinke og ost av diverse slag. Den var vakumpakka og berre å putte i bakarovnen nokre minutt. Heilt enkelt uten saus eller krydder.  Her ein kveld kom eg på at eg skulle laga min variant av Rosca som det heitte der nede. Min variant vart italienskinspirert! Eg steikte eit par brødkransar og avkjølte dei. So delte eg kransen og smørte på med litt god tomatpesto frå Oliviers og Co., du kan ha ein god pizzasaus eller liknande på også. So la eg på litt god spekepølse(Tind si spekespølse med sydlandske urter er fantastisk god) på eine halvdelen og restar av den italienske spekeskinka eg kjøpte i Italia i fjor på den andre halvdelen. Det er masse gode italienske og spanske spekeskinker å få kjøpt her, dei kostar litt, men er vel verdt det, synest eg. Til slutt la eg på fersk Mozzarellaost og litt urtekrydder. Inn i ovnen i ca 10 min eller til osten har smelta. Har du pizzastein bruk den. Det vart knasande sprø skorpe og det smakte ferie :))
Lurt å bake eit par ekstra brød når ein held på og so putte i frysaren. Då tar det ikkje so lang tid å lage seg noko godt!

Palmelaurdag var eg og Johan på hytta åleine. Det var nydelig vêr og då opna vi årets grillsesong.
Vi gjorde da enkelt med ei lita flintsteik, ein bukett brokkoli og nydelig potetsalat laga av nypoteter med gresk yoghurt, masse fersk rosmarin, kvitløk, ein skvett sitron, litt god olivenolje og litt krydder. So enkelt, men likevel nydelig.


Palmesøndag hadde eg lovd svigerinna mi brød til ei bursdagsfeiring. Det vart jo alt for mykje brød, men når ei fyrst fyrer opp steinbakarovnen må ein bake litt meir enn tre brød. Og resten kunne dei berre putte i frysaren.
 Nokre av deigene hadde eg laga kvelden før. Det var lenge sidan vi hadde fyrt opp ovnen so eg storkosa meg og det gjorde fyrbøtaren også ;))




 Påska stod i bakarovnens teikn. Og familiens teikn sjølvsagt, ein stor del av gleda ved å bake eller vere på kjøkkenet er jo nettopp å glede andre med eit godt måltid. På hytta har vi ope kjøkken slik at eg kan sjå rett ned i stova og prate med dei andre og det er supert. Bakarovnen vart fyrt opp kvar morgon og eg berekna middag som kunne lagast i bakarovnen. Det vart steikt alt frå lambelår, kylling, grønnsaker, poteter, paiar, brød og bollar. Skulle berre ha tatt litt fleire bilete.
Påska var jo fantastisk, kan ikkje hugse sist vi har hatt so fint vêr i påska. Vi kosa oss ute og inne. Og masse besøk hadde vi også! Skjærtorsdag hadde vi tradisjonen tru påskelunsj for mine sysken med familie, då var vi 25. Då begynder det å bli liten plass, men alle fekk mat og eg trur alle kosa seg, det var iallefall spørsmål om eg var klar igjen  til neste år? :)) Langfredag og påskeafta hadde vi også middagsbesøk, men då var vi berre 9..



Det var lite snø i fjella og dårleg føre, men det var desto meir trafikk på isen. Eg har aldri vore med på ei påske i Haukedalen med reine folkevandringa på isen. Det var nokon som hadde fiska og målte isen til 1 meter og då torde sjølv eg meg utpå den. Er nemleg generelt skeptisk til å gå på islagde vatn.
Her er vi på isen og ser innatt til hytta og "bakeriet".


Måtte berre oppatt helga etter påske for å bake litt meir. Kunne ikkje bruke nokon av påskedagane til den store bakedagen :))

 Til slutt eit bilete av ein kjole/tunika eg har laga. Brukte mønsteret til Pickles. Trur den passar i str. 1 år, la med ein rosa og kvit body og ei rosa strømpebukse, håpar det kan bli brukande. Held på med nokre tubesokkar, men det går seint... Held for tida på med nokre gode bøker og då sluker dei meg heilt og so må eg lage konfirmasjonskort neste veke.

 Ha ei ein fin søndag!

Mariann


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...