søndag 17. februar 2013

Snart vinterferie.....


Kjenner at det skal bli deilig med eit par fridagar i slutten av neste veke. Akkurat no er vêret skikkeleg elendig, men vi har no hatt knallvêr lenge og meldingane for neste veke er ikkje so verst. Men eg stolar ikkje på dei, typisk med dårleg vêr i vinterferien. Har veldig lyst til å reise på hytta og bake litt og kanskje få nyte sola. Vi får sjå kva det blir til. Vi var oppe ein tur forrige søndag for å sjå til at alt var ok. Vêret var nydelig og her kjem nokre bilete.
Må berre ta med eit par bilete eg tok i bilen. Sat og irritert meg over at det var is inne i fronttruta på bilen og at det tok lang tid før det forsvant(vi måtte låne ein bil då dynamoen på vår var kaputt, heldigvis reklamasjon), men so begynte eg å studere på isen og den var jo kjempeflott, verkeleg verdt ein studie og nokre bilete.


Det har vore arbeidshelg. Dvs. at eg er ferdig kl 14.00 på laurdag, medan husbonden jobbar frå laurdagskveld til rundt kl 04.00 natt til søndag. Laurdag ettermiddag går som regel med på kjøkkenet for å lage ein god middag før han skal på jobb. Har sete og kikka i diverse gamle interiør-/matblad og har funne nokre oppskrifter eg har lyst til å prøve ut. Laurdag vart dette testa ut:
Tomatsuppa var heilt ok, ikkje sånn supergod, men foccaciasnurrane var nydelige og ville vore super til eit ostebord! Bileta er ikkje heilt gode, alt for dårleg lys som vanleg og so stod kamerat på feil innstilling og det oppdaga eg litt for seint....

Oppskrifta på "foccaciasnurrane" er:(funne i tara smak okt/nov 2012)

8 stk porsjonsfoccaia
150 gr pistajnøtter uten skal
25 gr fersk gjær
3 dl lunka vatn
5 dl kveitemjøl til finbakst(300 gr), eg brukte vanlig kveitemjøl
2 dl durumkveite(130 gr)
+ 1/2 dl til utbaking
2 +2 ss olivenolje
1 1/2 ts salt
2 kvister fersk rosmarin
1/2 havsalt

Hakk nøttene

Smuldre gjæren i ein bakebolle. Ha i lunka vatn og rør til gjæra er oppløyst. Sikt i mjølet, og ha i halvparten av nøttene (eg skal ha 3/4 av nøttene i deiga neste gong), olje og salt. Arbeid saman til ei laus deig, bruk gjerne kjøkkenmaskin, i ca 5 min. La deiga heve tildekka på ein lun stad i ca 30 min.

Ha deiga ut på mjølet underlag. Skjær i åtte like store betar med deiskrape eller kniv. Form dei til ganske lange rektangler. Vri dei lett og legg brøda på bakeplate med bakepapir på. La dei etterheve i ca. 20 min.

Set omnen på 225 grader.

Pensle med 2 ss olivenolje over brøda. Trykk ned små groper i dei med fingertuppane.
Plukk blada av rosmarinen og grovhakk dei. Dryss rosmarin og resten av nøttene og havsalt over brøda. La dei stå 5 min.

Steik brøda midt i omnen til dei har fått fin farge, det tar ca 15 min.

Eg smurte litt krydderost på dei, og hadde litt spekepølse inni,(Tind har ei nydelig spekepølse med sydlandske urter, kan verkeleg anbefalast) og det vart kjempegodt. Desse brød skal eg lage seinare, dei var gode og kan brukast både til mat eller åleine med godt fyll i.

Fann ut at vi måtte ha litt dessert også :))

Held på med eit tredje sokkepar, det burde eg ikkje ha gjort! Det går veldig seint når ein begynner å bli lei.... men eg skal skjerpe meg og bli ferdig i løpet av eit par dagar. Har lyst å byrje på noko nytt ;) Laurdagkvelden vart tilbringa i ro og fred, heilt åleine.
Elles so må eg berre ta med bilete av den nydelige orkideen vi fekk med Anita og co. Den står på salongbordet og er eit flott syn. Tusen takk!!

Ynskjer alle ein super søndag!!

Mariann :o))

søndag 3. februar 2013

Nye miksara og litt til...

Her fyk vekene, trudde eg skulle rekke eit innlegg i veka, men veka forsvann...
Kanskje eg har vore for opptatt med den nye miksaren min?? Har lenge ønska meg ein ny mellomstor miksar. Eg har ein stor Kenwood til større arbeid, so har eg ein liten handmiksar til småtterier og so har eg ein gamal og god Phillips mellomstor miksar. Den er nok rundt 30 år no, men har vore ein trufast slitar. Den går endå so eg skal ikkje kaste den, tenkjer den får gjere resten av tenesta si på hytta. Til saka, eg bestilte meg ein Kitchen Aid miksar. Den er altfor dyr i forhold til motorkraft osb., men den er nydelig fin og akkurat same motorstorleik som den gamle Phillipsen som skal bytast ut. Akkurat passe til mellomstore jobbar. Forrige tysdag fekk eg beskjed om at no var han komen, eg måtte avstad og hente den rett etter jobb sjølvsagt. :)) Eg fekk med den store glasbollen i prisen, og eg tykkjer det er ok å ha to bollar, so det var eg godt fornødt med.

Her er den nye kjøkkengleda mi. Rett og slett lekker... håpar den er like sterk og holdbar som den gamle då, det bør den vere ut i frå prisen!

Prøve han måtte eg jo gjere same dagen, sjølvsagt.

Har egentlig fått meg ein "ny" miksar til.

 Har fått fat i ein gamal Assistentmiksar. Den skal på hytta og eg er spent på kor lenge den går. Eg må nemleg ha meg to miksara på hytta når eg skal lage mange deigar til steinbakaromnen. I heile fjor haust tok eg med meg Kenwooden min på hytta. Det er litt upraktisk, so no skal eg avstad å kjøpe meg ein ny Kenwood ogso skal den stå på hytta i lag med Assistenten.

I tillegg til testing av det nye vidunderet har det vore litt rydding og vasking i heimen.
Det har nemleg vore litt bursdagsfeiring i heimen i helga. Eg hadde bursdag i går. Eldste son min hadde 16.jan.og dotter til ei eg er tante til hadde bursdag på torsdag. Då slo vi tre fluger i ein smekk og feira i lag. Det er jo praktisk og slå seg saman, for då blir det litt fordeling på matlaginga. Det er ikkje det at det ikkje er kjekt, men det er tida, å rekke alt. Det var litt saltmat og litt søt mat.... Det var blant anna Tacograteng etter oppskrift på Trines matblogg og so var det Chicago style pizza der eg tok utgangspunkt i oppskrifta på bloggen til Passion4baking og so endra eg litt på fyllet i eit par av dei. Det såg ut til at folk kosa seg. :o)


Og so vart det litt bordpynt i full fart. Var i garasjen og henta ein stokk av noko rekved eg har hatt liggande i fleire år. Opp i hagen og fann litt bjørkeris, surra det rundt med sølvstreng og litt kvit glittertråd. Litt tulipar og lys, jepp det fekk halde. Det kom ikkje heilt fram på bilete slik det er i verkelegheita, for eg synest det vart ganske ok.



Elles so kan dette anbefalast:
Har laga Granola, det er nydelig godt å ha i yoghurten. Eg greier ikkje å ete yoghurt naturell slik som han er, det er sjølvsagt det sunnaste, men so sunn er ikkje eg, det må vere fruktyoghurt.
Fann utgangspunktet på bloggen Trinesmatblogg(flott blogg med mykje gode oppskrifter) denne gangen også, oppskrifta er slik med mine endringar:

  • 250 gram økologiske havregryn
  • 50 gram solsikkekjerner
  • 50 gram sesamfrø
  • 5o gram mandlar, grovt hakka
  • 50 gram valnøtter, grovt hakka
  • 50 gram hasselnøtter, grovt hakka
  • 25 gram brunt sukker
  • 2 klyper maldonsalt
  • 1 dl eplejuice, eller annan fruktjuice
  • 1 ss honning, f.eks. flytande Akasie honning
  • 1 ss solsikkeolje eller smør
  • 1 ts vaniljesukker
  • 30-40 gr tørka banan, eg delte dei opp for hand i mindre betar
  • 30-40 gr tørka jorbær, kutta opp i små betar
  • 30-40 gr tørka ananas, kutta opp i små betar
  • 50 gr rosiner
  •  
  • Eg har laga ein porsjon uten nøtter, så viss du ikkje tåler/likar nøtter kan du bytte ut nøttene med gresskarkjerner og linfrø f.eks.
Bland alt det tørre, unntatt sukker og tørka frukt. Bland eplejuice, olje, sukker og honning i ei panne og varm det til alt er oppløyst. Bland det so i det tørre og rør det godt saman.
Fordel blandinga utover eit bakebrett med bakepapir på. Steik det  midt i omnen på 140 grader i ca. 50 min. Set alarmen på slik at du hugsar å røre litt i det kvart tiande minutt, då får du best resultat. Etterpå let du blandinga bli godt avkjølt før du tilset den tørk frukta. Ha det opp på eit stort, tett glas. Den skal vere haldbar i ein månad. Eg har laga eit par glas og gitt vekk og må snart lage ny til oss sjølve, for dette fekk føte å gå på.


Tilslutt kjem oppskrifta eg lovde å legge ut på Focaccia, anar ikkje kor eg har den i frå, har hatt den i
mange år.

30 gr gjær
 3 dl lunka vatn
 1 ts sukker
1 ts salt
2 ss olivenolje
ca 6,5 dl kveitemjøl
+ olivenolje til å smøre forma med


På deiga:
1-1,5 dl god olivenolje
5 ts maldon salt
evt. kvistar av rosmarin
eller eg brukar ofte små tomatar som eg deler i to og har oppå, og eller løk i tynne ringar. Eg brukar like gjerne litt provancekrydder i staden for rosmarin, det er litt etter kva eg har i hus. Du kan også ha på skjever av kokte poteter, i Italia har dei diverse på Focacciaen, men alle vi åt smakte nydelig.

Rør gjæra ut i vatnet, ha det i ein bakebolle saman med sukker, salt og olje. Ha i mjølet og elt godt. Du kan gjere det i ein miksar, eg tar det like gjerne for hand når det er ei so lita deig. Set deiga til heving i ca 30 minutt. Smør so ei lita langpanne, ei ilfast form eller liknande(ca20x25-30cm). Tøm deig oppi og trykk den utover til ein ca 2 cm tjukk leiv. La den heve i 30 nye minuttar. Lag so fingerhol i deiga, tøm på olivenoljen, ha i evt. halve små tomatar, løk, krydder eller kva du ynskjer. Ha tilslutt på saltet. Steik brødet på 200 grader, nede i omnen i ca 20-30 minutt. Et og nyt, men bruk det same dag som det er laga.

Då ynskjer eg alle ei super veke!!

Mariann




Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...