torsdag 4. oktober 2012

Steinbakaromn.......

 Vedunderet vårt er altså ein steinbakaromn. Steinbakaromn har stått høgt på mi ynskjeliste i mange, mange år. Det har vore ein draum og i fjor haust bestemte eg meg for at no skal draumen realiserast. So i vinter bestilte eg omnen hjå Aud i Vegårdshei.Ho importerer omnar frå Italia. I juni i år var det dags for å hente den. Vi køyrde ned ein fredag og oppatt laurdag. Det var ein lang tur frå Førde til Vegårdshei(ca 120 mil), men pytt kva gjer ein ikkje for få fatt i det ein ynskjer seg. Vi hadde med oss hengar og det trengte vi, det var mange delar som skulle med, pluss leca, isolasjon og diverse. So starta bygginga rett etter jonsok, og vi skulle bygge den inn i uteplassen vår på hytta.Vi er endå ikkje heilt ferdig med alt omkring omnen, men det kjem nok på plass etter kvart. Her kjem nokre bilete frå bygginga. Det har vore mykje jobb, men veldig kjekt og spennande. Og ikkje minst har det vore viktig for meg at mannen min har vore like gira som meg og har gleda seg i lag med meg.


Helga for fjorten dagar sidan var det tid for innfyring av omnen. Det er eit møysommelig og avgjerande arbeid for om omnen blir god eller ikkje. Prosessen tar 1 til 2 døgn. Ein må fyre veldig forsiktig heile tida. Flammane må ikkje nå opp i kvelvet. Vi fyrte difor opp grillkol og ved utanfor omnen og la det inn i omnen når det var glør, so kunne vi legge på litt og litt ved og passe på at det ikkje flamma opp. Dette måtte gjerast døgnet rundt, det måtte ikkje slokne ut. Lørdag ettermiddag ganske nøyaktig eit døgn etter oppfyring var vår omn klar til bruk. So då var det berre å hive seg rundt og lage pizza. Du kan tru det var eit stort øyeblikk når dei fyrste flotte pizzaene vart tatt ut av omnen. Vi benka oss rundt langbordet med fyr på peisen og godt med kle på oss og kosa oss skikkeleg. :)

Neste morgon heldt omnen fortsatt 120 grader og det hadde då vore supert å sett inn f.eks. kjøtt på ettervarmen. Det blir veldig saftig og godt. Men eg fyrte opp på nytt for eg hadde tenkt å prøve meg på brødbaking. Eg lagde 4 forskjellige deigar og heva dei i fleire omgangar utover dagen. Det var kjempespennande....

Resultatet vart eg godt fornøgd med 14 fine brød og endå var det god plass i omnen, det går iallefall 20 brød på ein gong. Eller ein kan steike brød og middag og dessert på ein gong. Her er det god plass. So då tok vi like godt ei runde etterpå og delte ut litt brød til slekt og vener, og det blir nok ikkje siste gongen.





No er det snart frihelg og nokre dagar med haustferie står også for tur, de kan tru eg og dei andre i heimen gledar oss til meir baking og testing av omnen. So mykje av haustferien blir nok tilbrakt på uteplassen med godt med kle på, fyr på peisen og gode saueskinn til å sitte på og gjerne eit bad i badestampen ei sein kveldsstund. Rein nytelse for kropp og sjel. Reknar med at familie og vener vil stikke innom og kose seg i lag med oss. Mange har ymta frampå om at dei gledar seg til å bli inviterte! :o)


Tilslutt tar eg med nokre bilete frå den flotte Italiaturen vår i sommar. Hadde so enormt med bilete å velge i, måtte berre ta nokon tilslutt. Vi tilbrakte 14 flotte dagar i eit varmt og godt Italia. Tempen låg på rundt 40 grader. Nokre dag litt under og nokre dagar litt over. Vi tok fly til Roma og so leigde vi bil og køyrde opp til Firenze, ein nydelig by. Etter nokre dagar i Firenze køyrde vi vestover til Lucca. Her hadde vi ei stor og flott leiligheit i nokre dagar. Lucca er jo spesiell med at det går ein gamal bymur rundt heile byen. Verdt å få med seg. Vi tok ein dagstur til Pisa, det tok ikkje lange stunda med toget frå Lucca til Pisa. Etter nokre fine dagar i Lucca reiste vi sørover langs kysten nedatt til Roma. Tilslutt hadde vi nokre flotte dagar i Roma. Vi budde 100 meter frå Trevifontena og ganske nær Spansketrappa. Det var so mykje å sjå, at ein greidde nesten ikkje å ta alt inn. Vi var sjølvsagt og såg Pantheon, Coloseum, Forum Romanum, og ikkje minst Vatikanet med Peterskyrkja og Vatikanmuseet. Vi gjekk og vi gjekk og vi såg og vi såg so det er ikkje vanskeleg å forstå at det vart over 2000 biletet på turen. Piazza Navona var nydelig og det var eit eldorado for ein hobbykokk og gå på markedet på Campo dei Fiori. Og for ikkje å nemne det fantastiske matmarkedet i Firenze, tenk å kunne gå på slike plassar og handle til vanleg. Eg blir rimelig frustrert av å gå og handle her i Norge, når ein veit alt det fantastiske utvalget som finst der nede. Eg hadde jo då med meg skinke, Pesto, Parmesanost, olivenolje og ikkje mindre enn 25 posar krydder heim! Her kjem nokre bilete frå turen.










Det var det eg hadde for denne gong. No må eg henge i og montere Skappelgensaren min som eg strikka for nokre veker sidan og so er eg komt ganske langt på eit nytt gensarprosjekt...Ha ei koseleg helg!

Mariann
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...