mandag 27. februar 2012

STRISKJORTA OG HAVRELEFSA

Yes, då var ditta gjort, og det gjekk so fort at eg fekk nesten ikkje tida til å senke skuldrane før det var over. Skulle gjerne hatt eit par dagar til, men sånn er det vel alltid. Vi reiste på hytta seint onsdag kveld i eit skikkeleg grisevêr, men faktisk fekk vi litt gløtt av sol laurdag morgon og litt på ettermiddagen og i går var det nydelig lenge, men då var det pakking og vasking so den sola fekk vi ikkje nytte oss av, typisk!! Vi har kosa oss likevel, god fyr i peisen, vennebesøk, litt aking, litt spasertur, god mat og bading ute i stampen.....

Før eg tok vinterferie hadde eg eit par kort eg skulle lage. Her kjem det fyrste, det vart ei øskje til å ha presangen i kombinert med kort. Kjekt å lage :)




Neste kort vart også ei øskje til å ha pengar og litt sjokolade i. Har ei jente som eg er tante til som er veldig flink og glad i å danse balett, dette var det perfekte papiret til å lage bursdagskort til ho. Inspirasjon til dette fekk eg av Anita, ei nydelig øskje eg fekk av ho ein gong.

Baksida såg slik ut, helsinga er limt inni.



Dei to neste er til to gutar, det er liksom vanskelegare å lage noko til dei synst eg, lagde difor to posar med litt snop i og so hengde eg på pengar. Helsing på baksida, enkelt, men ganske ok synst eg.

So bar det på hytta for nokre dagar fri, her er litt bilete frå vinterferien på hytta.





Jammen fekk vi ikkje litt gløtt av sola seint på ettermiddag  laurdag.



Det var vinterferien oppsummert, ha ei fin veke! ;o)

Mariann

søndag 19. februar 2012

Fastelaven og snart vinterferie...

Eg er ikkje so veldig glad i fastelavensbollar. Dei to andre i huset fekk, men eg lagde i tillegg små vannbakkelsar som eg fylte med vaniljekrem. Det er snadder, med eit lite dryss med melis på :o)


Elles so var eg avstad og kjøpte meg litt vårstemning på fredag. Tulipanar, Påskeliljer og Perleblomster. På det store bilete ser det vêret, regn og snø. Vi kan vel ikkje forvente vår i vinterferieveka, men vi kan no kose oss med det inne og tenkje på at det er forhåpentlegvis ikkje er so lenge til det er vår ute.

Perleblomster er nydelige.... og so var eg på Heidi Bo og snopa meg eit par fine koppar... til å ha snop oppi ;o)

Elles so har helga vore jobb og avslapping. Har eit par kortprosjekt på gang, so eg måtte avstad og invistere i litt nye papir. Trengte einsfarga ark, har massevis med mønstra, men alltid inspirerande med litt nye mønsterark.

Har kosa oss med litt god mat. Det er viktig både til kvardags og helg ;-)
Her er laurdagsmiddagen:

...og her er søndagens meny:

Har sjølvsagt gjort ferdig prosjektet eg starta på forrige helg. Inspirert av Anita sin flotte Osloanorakk måtte eg prøve meg på den også. Mønsteret er Pickles sitt og kan bestillast hjå dei. Her er resultatet mitt, er faktisk klar til å begynde på ein ny i kveld med det garnet eg viste dykk i fredagsinnlegget.



Nei, no skal eg gje meg. Skulle vore på arbeidsrommet og laga eit par kort, men her sit eg og surrar...,
får begynde på dei i morgon. Faktisk berre tre arbeidsdagar denne veka og so er det vinterferie på meg også - hurra!!!

Ha ein knakande god søndagskveld!!

Mariann


fredag 17. februar 2012

Fredagskveld

Snart ferdig med strikkeprosjektet eg begynte på forrige helg, måtte ringe til Florø i går for å få fatt i meir garn. (Dei har ikkje Nepalgarn i Førde.) Kan ikkje risikere å bli arbeidslaus i helga :-)


Etter jobb, var det tid for ein liten trimtur, det vart ein tur på Bystien i kveld og. Det var skikkeleg grisevêr, men deilig å kome seg ut litt.

Tok berre med det små kameraet, vanskeleg å få gode bilder i mørkret/halvmørkret og regnværet. Her tok eg bilete på same staden som det vart tatt søndag,(sjå lenger ned i bloggen om du vil) flott stemning på kvar sin måte.


Etter ein god dusj var det tid for fredagsmiddag og kos. Har ein kar som er innom på jobb av og til og sel kreps. I dag var den fersk og eg kunne ikkje la sjansen gå i frå meg. Det hadde vore deilig med fersk kreps i kveld, og slik blei det. Super enkelt, men du verden so godt. Kreps, brød, sitron og ein god salat.



 Då er det vel leggetid. Vi skal på jobb begge to i morgon.

Ha ein fortsatt fin fredagskveld!!

tirsdag 14. februar 2012

Kosekveld, les bakekveld :)

 Frysaren var ganske tom for rundstykker so då tenkte eg at baking var tingen i kveld. Ute har det vore sur vind, regn, sludd eller snø alt etter som...... akkurat passe dårlig vêr til å vere inne med god samvittigheit og kose seg med litt baking og strikking........... Sette to deiger når eg fyrst var i gong, ei kveitedeig og ei grov deig. Kjekt å finne i frysaren ;)


Måtte berre leike meg litt ti-hi....

Her er strikkeprosjektet mitt, vart visst eit rotet bilete, men eg gadd ikkje ta nytt for no vil eg strikke litt, skal ta eit betre bilete når eg er ferdig. Gjett kva det skal bli.....


Ha ein herlig kveld!!

Mariann

søndag 12. februar 2012

Bystien i Førde

Den nye bystien på Hafstadfjellet måtte undersøkast i dag. Kor langt er dei komne sidan vi var opp i haust? Her er nokre bilete frå turen. Veret var fint, men det låg igjen ein del skodde oppe i fjellsida, men det gjorde det heile berre endå flottare.





Attraksjon på Bystien, ei bjørk poda med furu, ha-ha ;)





Flott utsikt inn over Førde mot Angedalen.


Ha ein fin søndagskveld!

Mariann

fredag 10. februar 2012

god helg


Då erklærer eg helga for opna!! Den skal nyttast til strikking, kos og tur i det fri.


Måtte bytte ut tulipanane frå forrige helg, no var dei kaputt. Var ut og henta litt bjørk og lerkekvistar. Sette bjørkekvistane i vasen med rosene og laga eit hjerte av lerka til å henge på vasen.


Fredagsmiddagen er også unnagjort, det blei Biffsnadder, lenge sidan sist, men enkelt og godt.



Bestilte for ei stund sida eit par nøste Abuelita frå Pickles. Har strikka eit par vottar, dei vart ikkje so veldig spennande, men dei er varme og gode på.



So kjem det eg gledar meg til, skal no begynde på eit prosjekt med Nepal frå Garnstudio, mjukt og deilig garn.


Då får de ha ein strålande fredagskveld og ei koseleg helg :)

Mariann



tirsdag 7. februar 2012

Kort og gåveøskje

Skulle i bursdag på søndag og var so inspirert av den nydelige kort/gåveøskja eg fekk av Anita til bursdagen min. Gåva var av ein slik storleik at eg tenkte då gjer eg det same. Lagar ei øskje til presangen og so kan eg lage kort på baksida. Her er altså resultatet mitt.



Ha ein fin tysdagkveld ;)

lørdag 4. februar 2012

oppskrift sjokolademoussekake

Til Marianne i Bergen og andre som vil prøve å lage Sjokolademoussekaka, her kjem oppskrifta:


... og slik gjer du det:

Då er det berre å prøve, eg synest den er nydelig.
(Til Marianne i Bergen, viss du går inn på forrige innlegg ligg det ein kommentar til deg, for du har ikkje blogg eller??)

Ha ein fin laurdagskveld :)

Klem Mariann




fredag 3. februar 2012

mot helg

Ja då er det fredag kveld igjen, vekene fyk avgarde. Må nok på jobb i morgon før eg kan ta helg.
Her er litt bilete frå veka og resultatet av sneak peak bilete frå forrige helg.

Hadde bursdagsfeiring i lag med eldste guten vår forrige helg, men det vart no litt feiring i går på dagen min også. Litt damekveld, koselig å få besøk og sitte rundt bordet og kose seg og prate. Fyrst litt varm mat og so litt dessert.



Fekk flotte gåver forrige helg og i går fekk eg ein nydeleg topp og bolerojakke i cream...og ein koselig presang frå Anita, vart kjempeglad for alt :o)


Her kjem nokre bilete frå prosjekte vi starta på forrige søndag. Ikkje so veldig avansert, men kjekt å snikkere etter gamalt. Har vore lite av den slags etter av vi bygde hytta  vår.


Prosjektet var altså ei hylle eg ville ha i stova. Lagde den med store mellomrom på hyllene slik at eg kan ha levande lys i den. Synst den vart bra eg og fin effekt frå hønsenettingen bak når det brenn lys i den.




Ynskjer alle ei flott helg!

MARIANN
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...