søndag 14. november 2010

JULEMESSE

Hei! Lovte å komme med litt bilete frå julemessa som eg og Anita var på forrige helg. Vi hadde litt diverse med oss. Det var masse pynta sjokolade, lys med pynt, huer, julestrømper, kjolar, heimelaga såpe som Anita hadde laga, kjem ikkje på meir i farten. Det er veldig kjekt å vere to i lag, for jammen skal det litt produksjon til for å få ein bra stand. Her er nokre bilete frå standen vår og litt nærbilete av noko av det eg har laga.

Her er bilete frå messa, eg på fyrste bilete og Anita på neste bilete, i full gong med å sjekke at vi har kontroll på kva vi hadde med oss, nederste bilete er nokre av posane eg laga og fylte med twist.


Her nokre av julestrømpane eg har laga. Eg laga 15 forskjellige og det var veldig kjekt å lage dei. Ikkje to var like, kan ikkje fordra å lage mange ting like.

Til sist ser de ein av kjolane eg har sydd. Denne selde eg, har nokre barnekjolar og eit par små damekjolar att som eg tenkte å legge ut på bloggen for sal ein kveld seinare.


torsdag 11. november 2010

BURSDAGSKORT

Heisan, no er det ei evigheit sidan eg har lagt noko ut på bloggen. Eg har produsert og produserer stadig diverse ting og tang, men har ikkje surra meg til å legge det ut på bloggen. I dag har eg eit bilete av eit "bursdagskort" eg laga til mannen min som hadde bursdag i går.(Eg ser at bilde kunne vore betre.) Det er ei øskje med sjokolade som dei har på Ikea, dei er kjempefine og eg må få tak i nokre fleire. Kjøpte berre tre sist eg var i Bergen. Eg har jobba ganske hardt i det siste med ting for sal på julemessa som eg og Anita var på i Viksdalen forrige helg. Vi skal også vere med på messe i Førde denne lørdagen. Eg har ein del bilete frå messa og ting eg har produsert, dei skal eg prøve å få lagt ut i løpet av helga.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...