søndag 29. mars 2009

Litt av helgas aktivitetar!

Hei, ja no er det lenge sidan eg har lagt ut noko. Driv med oppussing av eit par soverom og diverse.... I helga har eg berre slappa av og kosa meg med litt handarbeid. Har for det meste strikka på ein sommartunika/kjole som eg fekk garn til på torsdag. Måtte vente vel og lenge på garnet og då var det ekstra kjekt når eg fekk det på torsdag ettermiddag og har hatt fri fredag, lørdag og sundag! Elles so lagde eg eitt kort til å henge på vinflaske med "sjokoladelomme" som eg gav vekk til ein tidlegare kollega, gløymde sjølvsagt å ta bilete! I dag har eg sydd ein kjole og har for fyrste gong prøvd meg på eit "kakestykkje" det var moro, skal nok lage fleire av dei!



tirsdag 17. mars 2009

StampARTic si 10 stempel utfordring.

Det fyrste eg tenkte når eg såg denne utfordringa til StampARTic var at dette er ikkje mulig, iallefall ikkje for meg! (På framsida skal det brukast minst 10 ulike stempel.) Men so fekk eg ikkje fred og tenkte at eg kan no prøve og her er mitt bidrag. Har laga bakgrunnen sjølv med eit gamalt tekststempel, hjerte frå Heide Svapp som eg har embossa, bord frå Stempelglede og hjørnebord frå Stempelglede. Jenta er Gorjuss girl. Svirlen er Magnolia og eit lite sommarfuglstempel frå Magnolia. På retroblomstrane har eg stempla fyrst med Stempelglede sitt blomsterstempel og deretter trykt dei ut. Tekststempelet er Kreativ Hobby sitt, til slutt har eg brukt "flekkstempelet" til Stempelglede her og der. Det skulle bli 10 ulike stempel! Puuh!

Marsutfordring Trykkpressa

Trykkpressa(Norsk Stempelblad) si utfordring i mars var kort eller liknande med sommarfuglar på. Fann eit gammalt Nillepapir med sommarfuglar på og tenkte at det brukar eg. Eit skikkelig vårpapir i lilla fargar! Verset er Norsk Stempelblad sitt. Jenta fekk eg stempla opp på "korttreffet" og det er Gorjuss girl. Elles har eg brukt Fiskars borderpunsj, litt blomster, streng, metall sommarfuglar og Panduor papirblonde og tilslutt ein liten svirl frå Magnolia.

mandag 16. mars 2009

Søndagskos

Fekk laga eit par kort til i går. Det eine er ikkje heilt klart endå. Eg fekk eit fint vintage bilete av Rita på "korttreffet" og måtte prøve det. Elles er det brukt ei gamal bok, det nye hjertestempelet mitt frå Heidi Swapp, dies svirlar og hjerter, Fiskars borderpunchar og tekststempelet trur eg er Kreativ Hobby. Eg vart ganske fornøgd med framsida. Inni vart det ikkje so bra, det tok litt av for å sei det slik! :)




søndag 15. mars 2009

Halloen!

Det har vore ei travel veke med lite tid til kortlaging og blogging. Var i bursdag i går til eit av mine fadderbarn. Ho heiter Lise og vart 12 år. Måtte prøve meg på teknikken til SasSa i StampARTic sin blogg om å lage bakgrunnar sjøl, det var veldig moro. Ser at hjerta i blank embossing ikkje syner noko godt på bilde! Elles so synest eg at Whiff of Joy stempelet eg vann på "korttreffet" forrige laurdag skulle passe godt til ei jente i den alderen. Her er iallefall resultatet.





søndag 8. mars 2009

Stempeltreff

Hadde gleda meg veldig til stempeltreff i går og eg vart ikkje skuffa. Hadde nokre fantastisk koselege timar i lag med like fantastiske stempeldamer!! Var supermoro å sitte i lag med andre og utveksle idear og tankar og sjå alt det fine de laga. Håpar ikkje det vert altfor lenge til neste gong, eg gledar meg alt:) Og ein ekstra takk til Anita som skaffa so flotte lokaler og som "orga" og styrte på i forkant. Du er super!! Her kjem litt bilder. Eg laga eit posekort og eit vanleg kort.( skal ha namnet til den som får det i den tomme ruta) Var litt i vårstemning! Brukte av dei fantastiske papira til Maya design og stempel frå Sarah Kay, Kreativ Hobby og for ikkje å gløyme Norsk Stempelblad sine herlege stempel.






Som de ser var vi konsentrert og jobba heile tida, lite døtid!! He-he! Her ser de
Eli Kristin, Rita, Jorunn og Lise.


Her er Eli Kristin og Rita.


Eit lurt smil frå Jorunn.


Anita rimelig fornøgd med premien sin!


Astrid ser også ut til å ha vunne noko fint.

fredag 6. mars 2009

StampARTic sketch challenge # 3

Har prøvt å lage eit kort etter skisseutfordringa til StampARTic som ligg ute no. Skissa var veldig fin, korte mitt vart vel so som so, men eg legg det no ut. Har brukt mønsterpapir frå My Mind's Eye, motivstempel Whiff of Joy, tekststempel Kreativ Hobby, papirblonde, små blomster og papirblomster med retropuncharar og litt glitterlim.

mandag 2. mars 2009

Her går det i bursdagspresangar!

Her kjem to av prosjekta eg har sydd på i det siste. Tanteungen min Maria, hadde bursdagsfeiring i går(ho vart 11 år den 24.2.) og i den anledning har eg sydd to kjolar/gensarkjolar til ho. Ein i ullstoff og ein i fleecestoff. Trur ho blei glad for dei!





søndag 1. mars 2009

Friday Sketchers nr. 41

Må prøve meg på ei utfordring igjen, fant skissa til Friday Sketchers og tenkte at den kan eg prøve, men til enklare skissa er til større utfordring er det synest eg. Det vart eit litt sånt tullekort, men eg tykte at teksten og bilde verkeleg stod i stil.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...